Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapitler: 1300–1380 Inntektskapitler: 4300–4380, 5577, 5611, 5618, 5619, 5622, 5623 og 5624

Til innholdsfortegnelse

1 Fullmakter

Nedanfor er ei oversikt over dei fullmakter som departementet har fått og som gjeld for meir enn eitt budsjettår. Fullmaktene er i hovudsak delegerte til Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Fullmakter som gjeld vegformål

Heimel

Innhald

Meld. St. 26 (2012–2013)/Innst. 450 (2012–2013)

Omtale i proposisjonen

Nasjonal transportplan 2014–2023 – auka terskelverdi for omtale av vegprosjekt i Prop. 1 S frå 200 til 500 mill. kr. For prosjekt som ikkje er omtalt med kostnadsrammer overfor Stortinget, blir det lagt det fram forslag om romartalsvedtak for å få Stortingets samtykke til å forplikte staten for framtidige budsjettår innanfor ei samla ramme. For prosjekt under terskelverdien har Statens vegvesen fleksibilitet når det gjeld oppstart og gjennomføring av prosjekt.

St.prp. nr. 76 (2000–2001)/Innst. S. nr. 327 (2000–2001)

Omtale i proposisjonen

Statens vegvesen har fått delegert desse fullmakter når det gjeld varige omdisponeringar mellom riksvegprosjekt:

  • Maksimum 30 mill. kr pr. prosjekt og 10 pst. av den totale løyvinga til riksvegar i budsjettåret

  • Start av prosjekt: prosjekt som er prioriterte innanfor handlingsprogrammet for gjeldande fireårsperiode og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i Prop. 1 S

For varige omdisponeringar av bompengar (gjeld berre bompengepakker) gjeld dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med desse presiseringane:

  • Varige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maksimum 30 pst. av det totale bidraget frå bompengepakka i budsjettåret

  • Varige omdisponeringar av bompengar til oppstart av prosjekt skal vere behandla av fylkeskommunen.

St.prp. nr. 76 (2000–2001)/Innst. S. nr. 327 (2000–2001)

Omtale i proposisjonen

Statens vegvesen har fått delegert desse fullmaktene for midlertidige omdisponeringar av statlege midlar mellom riksvegprosjekt:

  • Maks. 30 mill. kr pr. år pr. prosjekt og 30 pst. av heile løyvinga til store prosjekt i budsjettåret.

  • Oppstart av prosjekt: prosjekt som er prioriterte innanfor handlingsprogrammet for fireårsperioden og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i Prop. 1 S

For midlertidige omdisponeringar av bompengar (gjeld berre bompengepakker) gjeld dei same fullmaktene som for statlege midlar, men med desse presiseringane:

  • Midlertidige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker skal utgjere maks. 30 pst. av heile bompengebidraget frå bompengepakka i budsjettåret

Midlertidige omdisponeringar av bompengar i bompengepakker til oppstart av prosjekt skal vere behandla av fylkeskommunen.

St.prp. nr. 76 (2000–2001)/Innst. S. nr. 327 (2000–2001)

Omtale i proposisjonen

Statens vegvesen har fått desse fullmakter når det gjeld forskoteringar av riksvegar innanfor gjeldande fullmaktsramme

  • Det blir ikkje sett noka grense for prosjekt som er teke opp til løyving. For prosjekt som ikkje er teke opp til løyving, blir forskoteringsgrensa sett til 30 mill. kr. Fullmakta til forskotering blir knytt til det totale nivået på løyvingane til riksvegar. Samla beløp til refusjonar skal ikkje overskride 20 pst. av løyvinga til Store prosjekt på kap. 1320, post 30, i det året forskoteringsavtalen blir underskrive.

  • Start av prosjekt: prosjekt som er prioriterte innanfor handlingsprogrammet for fireårsperioden og som er av ein slik storleik at det ikkje er aktuelt med omtale i Prop. 1 S. Prosjekt med ein prosjektkostnad under 30 mill. kr som er foreløpig prioritert i handlingsprogrammet for den 10-årsperioden og Nasjonal transportplan omfattar. Mindre investeringstiltak med ein prosjektkostnad under 15 mill. kr uavhengig av om dei er prioriterte i handlingsprogrammet for den 10-årsperioden som Nasjonal transportplan omfattar eller ikkje.

Alle forskoteringar skal vere behandla av fylkeskommunen. Ved usemje mellom fylkeskommunen eller vegkontoret (no regionvegkontoret) eller Vegdirektoratet skal saken leggast fram for Samferdselsdepartementet. Ved forsering av bompengeprosjekt, der utgiftene til forskotering skal belastast trafikantane og der det blir ein auke i belastningane samanlikna med det som er lagt til grunn i bompengeproposisjonen, skal saken leggjast fram for departementet. Dette skal gjelde for dei tilfelle der bompengesatsane aukar eller perioden for innkrevjing blir forlengd med 3 månader eller meir.

Stortinget fastsett i samband med dei årlege budsjetta ei ramme som departementet får fullmakt til å inngå forskoteringsavtalar for. Refusjonar der det er sett vilkår kjem i tillegg til den ei kvar tid gjeldande ramme for forskoteringsavtalar og skal leggjast fram for Stortinget.

Forskoteringar i samband med start av prosjekt der prosjekta er av ein slik storleik at dei blir lagt fram i budsjettproposisjonane, skal framleis leggjast fram for Stortinget i samband med dei årlege budsjetta eller i eigne proposisjonar. Slike forskoteringar er omfatta av den fastsette fullmaktsramma.

St.prp. nr. 57 (1990–91)/Innst. S. nr. 151 (1990–91)

Jf. vedtak II, nr. 2

Innbetalt dagmulkt/konvensjonalbot og erstatning på grunn av misleghalde entreprise i samband med riksveganlegg blir godskrive det einskilde anlegg ved at innbetalinga blir postert i statsrekneskapen på kap. 1325 Statens veganlegg, post 30 Riksveganlegg (no kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar)

St.prp. nr. 1 (1990–91)

Omtale i proposisjonen

Utleie av eigedom kjøpt som ledd i anleggsdrift fram til anlegget startar. Leieinntektene blir godskrive den kostnadsstaden som utgiftene ved forvaltning og vedlikehald av eigedomen blir belasta. Vilkår om at ordninga ikkje fører til eigedomskjøp ut over det som er nødvendig for kostnadseffektiv anleggsdrift

St.prp. nr. 1 (1988–89)

Omtale i proposisjonen

I samband med anleggsdrift kan Statens vegvesen godskrive inntekter frå sal av eigedomar på det aktuelle anlegget uavhengig av når den opphavlege utbetalinga ved kjøp av eigedomen blei gjennomført. Det er eit vilkår at salet finn stad før endeleg rekneskap for anlegget er gjort opp.

St.prp. nr. 1 (1981–82)

Omtale i proposisjonen

Samtykke i makeskifte med nettopostering i dei tilfelle departementet har fullmakt til sal av fast eigedom. Fullmakta er delegert til Statens vegvesen med same beløpsgrense som for sal av fast eigedom (50 mill. kr).

Fullmakter som gjeld jernbaneformål

Heimel

Innhald

Meld. St. 26 (2012–2013)/Innst. 450 (2012–2013)

Omtale i meldinga

Nasjonal transportplan 2014–2023 – auka terskelverdi for omtale av jernbaneprosjekt i Prop. 1 S frå 50 til 500 mill. kr. For prosjekt som ikkje er omtalt med kostnadsrammer overfor Stortinget, blir det lagt det fram forslag om romartalsvedtak for å få Stortingets samtykke til å forplikte staten for framtidige budsjettår innanfor ei samla ramme. For prosjekt under terskelverdien har Jernbaneverket fleksibilitet når det gjeld oppstart og gjennomføring av prosjekt.

St.prp. nr. 1 (1993–94) og St.prp. nr. 76 (2000–2001)

Omtale i proposisjonen

For NSBs kjøreveg blei spesifikasjonsgrensa for kjøp og feste av grunnareal heva til 50 mill. kr, slik at den samsvarte med grensa for omtale av enkelttiltak. Fullmaktene er vidareførte for Jernbaneverket, men er avgrensa til 30 mill. kr. Grunnareal skal i hovudsak kjøpast for å oppføre bygg, anlegg mv. Eit slikt kjøp vil inngå i totalkostnaden for prosjektet og vere ein del av ei investering (enkeltiltak) som det ikkje er nødvendig å omtale for Stortinget med mindre enkelttiltaket er over grensa på 50 mill. kr eller saken er av politisk og/eller prinsipiell interesse. Dersom det er problem med å gi eit samla kostnadsoverslag for heile prosjektet når grunnarealet blir kjøpt, er det ikkje nødvendig å leggje fram kjøpet for overordna myndigheit med mindre saken er av politisk og/eller prinsipiell interesse. Fullmakta gjeld dei tilfelle der Jernbaneverket kjøper grunnareal der hensikta ikkje er å oppføre bygg, anlegg mv. og feste av grunnareal og kjøp av fast eigedom.

St.prp. nr. 42 (1997–98)/Innst. S. nr. 137 (1997–98)

Jf. vedtak II nr. 3

Innbetalt dagmulkt/konvensjonalbot og erstatning på grunn av misleghalde entreprise i samband med jernbaneanlegg blir godskrive det einskilde anlegg ved at innbetalinga blir postert i statsrekneskapen på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja.

St.prp. nr. 1 (1993–94)

Jf. vedtak VI nr. 9

Bidrag og tilskot til framande blir belasta NSBs kjørevegsdel og ført på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, uavhengig av storleiken på beløpet. Vidareført for Jernbaneverket.

NSB var i 1994 delt i en kjørevegsdel og en transportdel. Kjørevegsdelen ble seinare til Jernbaneverket. I St.prp. nr. 2 (1996–97) var det lagt opp til at «de fullmaktene som gjelder kjørevegen og som er felles for kjørevegen og trafikkdelen overføres til Jernbaneverket i den utstrekning de er relevante».

St.prp. nr. 80 (1992–93)/Innst. S. nr. 205 (1992–93)

Omtale i proposisjonen

NSB fekk fullmakt til i samband med anleggsdrift å godskrive inntekter frå sal av eigedomar på det aktuelle anlegget uavhengig av når den opphavlege utbetalinga ved kjøpet av eigedomen blei gjennomført. Vilkår er at salet finn stad før endeleg rekneskap for anlegget blir gjort opp. Vidareført for Jernbaneverket

St.prp. nr. 47 (1991–92)/Innst. S. nr. 96 (1991–92)

Jf. vedtak II nr. 1

NSB fekk fullmakt til å nettopostere med inntil 3 mill. kr på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, ved utskifting/sal av utstyr. Vidareført for Jernbaneverket

Til toppen
Til dokumentets forside