Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapitler: 1300–1380 Inntektskapitler: 4300–4380, 5577, 5611, 5619, 5622 og 5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Det overordna og langsiktige målet i transportpolitikken er eit transportsystem som er sikkert, fremmer verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet. Fornying og forbetring av transportinfrastrukturen i landet er ei prioritert oppgåve for regjeringa.

Regjeringas transportpolitikk er trekt opp i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Gode velferdstenester og konkurransekraft for næringslivet krev både ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysingar. Nasjonal transportplan 2018–2029 svarar på utfordringane og den helt nødvendige omstillinga landet står overfor. Reduserte transportkostnader betrar konkurranseevna for næringslivet og legg til rette for ein velfungerande arbeidsmarknad over heile landet. Hovudprioriteringane i regjeringas budsjettforslag for Samferdselsdepartementet tek utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan:

  • betre framkome for personer og gods i heile landet

  • redusere transportulykker i tråd med nullvisjonen

  • redusere klimagassutsleppa i tråd med ein omstilling mot eit lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar.

For å nå måla har regjeringa i Nasjonal transportplan 2018–2029 lagt opp til ei statleg ramme på 933 mrd. 2017-kr for heile perioden. I tillegg er det lagt til grunn om lag 131 mrd. 2017-kr i bompengar. Samla utgjer dette om lag 1 064 mrd. 2017-kr i planperioden. Det gjennomsnittlege årlege nivået i statleg ramme blir på 77,7 mrd. kr, som er 37 pst. høgare enn saldert budsjett for 2017. Det inneber eit svært høgt løyvingsnivå til samferdselssektoren.

Tabell 1.1 Oppfølging av Nasjonal transportplan 2018–2029 i første seksårsperiode

Mill. kr

Saldert budsjett 2017

Gj.snitt pr. år NTP 2018–2023

Forslag 2018

Oppfølging NTP etter eitt år i pst.

Vegformål

35 922,4

40 361,4

37 732,6

15,6

Jernbaneformål

18 763,2

24 442,3

19 488,6

13,3

Kystformål

1 417,5

2 018,2

1 415,7

11,7

Særskilde transporttiltak

1 852,4

2 920,0

2 166,4

12,4

Nye NTP-tiltak

-

473,9

125,0

4,4

Sum

57 955,5

70 215,8

60 928,3

14,5

Regjeringa sitt forslag til løyving til NTP-formål inneber ei oppfølging på 14,5 pst. av den økonomiske planramma i første seksårsperiode av planen. Med ei gradvis innfasing vil det vere normalt å liggje under gjennomsnittet (ein sjettedel eller 16,7 pst. av planramma) det første året. I Nasjonal transportplan 2018–2029 tok regjeringa sikte på at ressursane til transportinfrastruktur i planen gradvis skal fasast inn, og at ressursbruken i dei enkelte budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget innanfor rammene som følgjer av handlingsregelen og norsk økonomi for øvrig.

Regjeringa vil leggje til rette for eit moderne transportnett i Noreg med riks- og fylkesvegar, jernbane og anna kollektivtransport, og infrastruktur for luft- og sjøtransport som tek omsyn til framkome, transporttryggleik og miljø. Regjeringa si satsing på digital infrastruktur og ny teknologi vil gi betre moglegheiter til å nå måla for transportpolitikken. Regjeringa foreslår å etablere Pilot-T, ei tilskotsordning som skal bidra til at nye løysingar raskare blir tekne i bruk innan transportsektoren og leggje grunnlag for at norske aktørar kan vere med i konkurransen om å levere nye mobilitetsløysingar for sektoren. Regjeringa vil stimulere til lokal innovasjon og utvikling gjennom konkurransen «Smartare transport i Noreg».

Næringsliv og samfunnskritiske funksjonar blir stadig meir avhengig av elektronisk kommunikasjon og IKT-system for å fungere godt til dagleg og ved større hendingar. Dei kommersielle ekomtilbydarane investerer mykje i meir robuste nett og tryggleik, og norske nett held bra kvalitet. Regjeringa foreslår to nye satsingar for auka tryggleik og robustheit. Det er ei løyving til ein pilot for alternativt kjernenett og ei løyving som skal leggje til rette for fiberkablar til utlandet.

Elektronisk kommunikasjon og internett er ein viktig innsatsfaktor i næringslivet, forvaltninga og ikkje minst i kvardagen for folk flest. Løysingar i ekomsektoren vil påverke korleis helsevesen, utdanning og arbeidsdag blir organisert i framtida. Regjeringa har foreslått nye og einsarta reglar for leidningar under offentlege vegar som vil gjere bygging av breiband med høge hastigheiter langt billegare.

Eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen blir etablert som eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidet med oljevern og marin forsøpling.

Større effektivitet og samfunnsøkonomisk lønnsemd er eit mål for regjeringa. I tillegg til auka løyvingar til ny infrastruktur og til å redusere vedlikehaldsetterslepet på eksisterande infrastruktur, har regjeringa gjennomført viktige tiltak for å utnytte ressursane i sektoren betre. Nye Veier AS er etablert for å medverke til meir effektiv vegutbygging. Regjeringa gjennomfører jernbanereforma. Føremålet med denne reforma er ein betre styringsstruktur, ei meir forretningsmessig organisasjonsform, betre kundeorientering og tydelegare mål. Dette vil betre utnytte dei store investeringane i jernbaneinfrastruktur dei seinare åra.

Innkrevjing av bompengar kan bli meir effektiv. Arbeidet med bompengereforma held fram, m.a. har fylkeskommunane snart etablert dei regionale bompengeselskapa, og takst- og rabattsystemet blir lagt om i 50 bompengeprosjekt. Regjeringa har eit mål om å redusere bompengebelastinga for bilistane, og løyvinga for å redusere takstane utanfor byområda blir foreslått vidareført.

Regjeringa vil leggje til rette for at meir av godstransporten skal gå på sjøen. Under Kystverket blir den treårige forsøksordninga med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø vidareført.

Folketalet i byområda aukar og er venta å vekse kraftig i åra som kjem. Dette får konsekvensar for samferdselspolitikken. Regjeringa vil gjennomføre ei kraftig satsing på bygging av infrastruktur i og rundt dei største byane. Vidare vil regjeringa leggje betre til rette for at fleire kan reise kollektivt, sykle og gå. Staten har no inngått bymiljøavtalar eller byvekstavtalar med alle dei fire største byområda. For dei fem andre, store byområda vil innføring av byvekstavtalar skje på bakgrunn av erfaringane frå inngåing av avtalane med dei fire største byområda. Det kan bli aktuelt å starte forhandlingar med desse byområda i 2018.

Postlova legg til rette for at brukarar over heile landet skal få tilgang til gode og framtidsretta posttenester og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris.

1.2 Hovudprioriteringane i budsjettet for 2018

Utgifter fordelt på programkategori

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

21.10

Administrasjon m.m

561 538

567 324

569 100

0,3

21.20

Luftfartsformål

1 055 445

1 094 627

1 052 400

-3,9

21.30

Vegformål

30 477 121

33 299 544

35 859 400

7,7

21.40

Særskilte transporttiltak

32 283 886

3 091 100

3 553 500

15,0

21.50

Jernbaneformål

23 120 415

29 877 086

23 064 900

-22,8

21.60

Kystforvaltning

2 705 189

2 588 332

2 626 100

1,5

Sum programområde 21

90 203 594

70 518 013

66 725 400

-5,4

22.10

Post og telekommunikasjoner

777 000

701 000

725 500

3,5

Sum programområde 22

777 000

701 000

725 500

3,5

Sum utgifter

90 980 594

71 219 013

67 450 900

-5,3

Sum ekskl. 90-poster og mva. jernbane

63 312 713

67 450 900

6,5

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Samferdselsdepartementet er:

  • tilskot til Nye Veier AS

  • oppstart av OPS-prosjekt på veg

  • tiltak i storbyområda

  • vidareføre nytt signalsystem på jernbane (ERTMS) og planlegging av InterCity, m.a. Ringeriksbanen

  • teletryggleik og -beredskap.

  • transportteknologi.

Regjeringa foreslår å løyve 67,5 mrd. kr til Samferdselsdepartementet. Dette er ein auke på 4,1 mrd. kr eller 6,5 pst. frå saldert budsjett 2017, dersom lånetransaksjonar og meirverdiavgift på kjøp av tenester frå Bane NOR blir haldne utanom.

Til føremål i Nasjonal transportplan 2018–2029 er det foreslått 60,9 mrd. kr, ein auke på 3 mrd. kr eller 5,1 pst. frå saldert budsjett 2017 målt i 2018-kr. Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Nye Veier AS, men òg til andre område som OPS-prosjekt på veg, statleg tilskot til viktige kollektivprosjekt i dei største byane, planlegging av indre InterCity og utrulling av signal- og sikringssystemet ERTMS på jernbane. Nye ordningar i Nasjonal transportplan 2018–2029 som regjeringa foreslår å prioritera, er teknologistimulerande tiltak som konkurransen «Smartare transport i Noreg», Pilot-T og innan teletryggleik og -beredskap tilskot til alternativt kjernenett og leggje til rette for fiberkablar til utlandet. For meir om Nasjonal transportplan sjå del III, pkt. 5.

Vegformål er området med den største auken i 2018. Det er foreslått å løyve om lag 35,9 mrd. kr, ein auke på om lag 2,6 mrd. kr eller 7,7 pst. frå saldert budsjett 2017. Det er foreslått å løyve 2,2 mrd. kr til Nye Veier AS, i tråd med regjeringas ambisjon om årleg tilskot til selskapet frå og med 2018 på nær 5,3 mrd. kr. Med budsjettforslaget blir vedlikehaldsetterslepet samla redusert med om lag 1,3 mrd. kr. Oppgradering av tunnelar krev store beløp og er prioritert. Nivået til vegdekke vil bli om lag som i 2017.

For å vurdere nivået på riksveginvesteringane må ein sjå løyvingane til Nye Veier AS og Statens vegvesen i samanheng. Samla er det foreslått å løyve 20,6 mrd. kr til riksveginvesteringar, ein auke på 1,5 mrd. kr eller 7,9 pst. frå saldert budsjett 2017. I tillegg er det til det nye OPS-prosjektet rv 3/rv 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Hedmark foreslått å løyve 510 mill. kr. Det er lagt opp til førebuande arbeid og mogleg oppstart av dei to riksvegprosjekta E16 Eggemoen–Jevnaker–Olum i Oppland/Buskerud og E6 Kappskarmo–Brattås–Lien i Nordland og skredsikringsprosjektet E69 Skarvbergtunnelen i Finnmark. Nye Veier AS har avtalt utbyggingsaktivitet i 2018 på prosjekta E18 Tvedestrand–Arendal i Aust-Agder, E18 Rugtvedt–Dørdal og Kjørholt- og Bambletunnelene i Telemark, E6 Kolomoen–Moelv i Hedmark og E39 Kristiansand vest–Lyngdal vest i Vest-Agder.

Det er foreslått om lag 2,5 mrd. kr til tiltak i storbyområda, ein auke på 23 pst. frå saldert budsjett 2017. Satsing på tiltak i storbyområda er ein sentral del av Nasjonal transportplan 2018–2029 for å nå målet om nullvekst i persontransporten med bil og stimulere til meir bruk av kollektivtransport, sykkel og gange. Midlane vil nyttast til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv., og tiltak langs riksvegane, belønningsmidlar og tilskot til store kollektivprosjekt i bymiljøavtalar og byvekstavtalar.

Implementeringa av jernbanereforma held fram. Det er foreslått 23,1 mrd. kr til jernbaneformål. På grunn av tekniske forhold knytt til reform, kan budsjettet 2018 ikkje samanliknast direkte med saldert budsjett 2017. Korrigert inneber budsjettforslaget for Jernbanedirektoratet ein auke på 1,2 mrd. kr eller 5,7 pst. frå saldert budsjett 2017. Det er sett av 1,9 mrd. kr til vidare planlegging av InterCity, og 925 mill. kr til å vidareføre ERTMS. Det er vidare lagt opp til førebuande arbeid og ev. oppstart av InterCity-prosjekta Venjar–Eidsvoll–Langset på Dovrebanen og Sandbukta–Moss–Såstad på Østfoldbanen. Kjøp av persontransport er foreslått auka for m.a. å fase inn 14 nye togsett på Gjøvikbanen og Vossebanen. Vedlikehaldet på jernbanen blir oppretthalde på eit høgt nivå.

Innanfor kystformål held arbeidet med å redusere vedlikehaldsetterslepet fram. Effektiviseringstiltak og konkurranseutsetjing av tilbringartenesta gjer at inntektene frå losavgiften blir foreslått sett ned med 22,2 mill. kr frå 2017. Det er foreslått ei løyving til å prosjektere nytt hovudbygg på Jan Mayen. Vidare er det foreslått å løyve 27,3 mill. kr til eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på teletryggleik- og beredskap m.a. ved å setje av 40 mill. kr til ein pilot for alternativt kjernenett og 40 mill. kr til å leggje til rette for nye utanlandskablar.

For å stimulere til ny transportteknologi er det foreslått midlar til m.a. konkurransen Smartare transport i Norge og til tilskotsordninga Pilot-T.

Regjeringa foreslår avgiftsendringar som får betyding for ordningar med statleg kjøp under Samferdselsdepartementet. Dette gjeld forslaget om å oppheve reduserte satsar og fritak for ikkje-kvotepliktige sektorar i CO2-avgiften, og forslaget om å auke den låge satsen på meirverdiavgift frå 10 pst. til 12 pst., jf. Finansdepartementets Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018. I budsjettforslaget er det lagt opp til kompensasjon i følgje inngåtte offentlege avtalar om kjøp av persontrafikktenester som tog-, fly- og ferjeruter. Det er vidare foreslått å innføre på nytt differensiert arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2018, jf. Prop. 1 S (2017–2018), og at tilhøyrande kompensasjonsordningar blir fjerna, noko som gjer at kjøp av persontrafikktenester med fly og ferjer er redusert. Det er lagt opp til at allereie planlagde investeringsprosjekt blir gjennomført.

Forslag til løyvingar på utgiftssida i 2018 innanfor dei ulike programkategoriane er kort omtalte under, jf. elles omtale i del II.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 569,1 mill. kr. Forslaget på kap. 1300 utgjer til saman 385,8 mill. kr og går til drift av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskot til trafikktryggleiksformål, samferdselsberedskap, Redningsselskapet og Telemuseet.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til forsking og utgreiingar, der det samla er foreslått å løyve 183,3 mill. kr. Løyvinga vil i hovudsak gå til transportforsking og forsking på elektronisk kommunikasjon i regi av Norges forskningsråd. I løyvinga til samferdselsforsking er det sett av 30 mill. kr til tilskotsordninga Pilot-T.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag til luftfartsformål er 1 052,4 mill. kr.

Det er foreslått med 725,7 mill. kr til kjøp av flytransport. Til ordninga med driftstilskot til ikkje-statlege flyplassar er det foreslått 30,1 mill. kr.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 222,3 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 74,3 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve nærmare 35,9 mrd. kr.

Det er foreslått med 30,6 mrd. kr til Statens vegvesen og 5,3 mrd. kr til Nye Veier AS.

Det er foreslått om lag 12 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn. På post 30 Riksveginvesteringar er det foreslått å løyve om lag 14,2 mrd. kr. I tillegg kjem investeringsmidlar til skredsikring og til prosjekta E16 over Filefjell og E6 vest for Alta, som er førte på eigne postar. Til saman utgjer dette 15,1 mrd. kr til investeringar på riksvegane over Statens vegvesen sitt budsjett. I tillegg kjem løyvinga til Nye Veier AS.

Dei statlege midlane til store vegprosjekt vil i hovudsak bli brukt til å følgje opp vedtekne riksvegprosjekt. Det er i 2018 òg lagt opp til førebuande arbeid og mogleg anleggsstart på prosjektet E6 Kapskarmo–Brattås–Lien i Nordland. I tillegg er det sett av midlar til førebuande arbeid på prosjektet E18 Lysaker–Strand–Ramstadsletta i Akershus og på OPS-prosjektet rv 555 Sotrasambandet i Hordaland.

Det er lagt til grunn statlege midlar til førebuande arbeid og mogleg anleggsstart på prosjektet E16 Eggemoen-Olum i Oppland/Buskerud, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging.

Desse prosjekta med kostnad over 100 mill. kr er venta opna for trafikk i 2018:

  • Rv 110 Ørebekk–Simo i Østfold

  • Rv 36 Skyggestein–Skjelbredstrand i Telemark

  • Rv 36 Slåttekås–Årnes i Telemark

  • Rv 509 Sømmevågen-Sola skole i Rogaland

  • Rv 13 Deildo i Hordaland

  • E136 Dølsteinfonna og Fantebrauta i Møre og Romsdal

  • E6 Jaktøya-Sentervegen i Sør-Trøndelag

  • E6 Hålogalandsbrua i Nordland

  • E6 Indre Nordnes–Skardalen i Troms

  • E6 Sørkjosfjellet i Troms

  • E6 Storsandnes–Langnesbukt i Finnmark.

Den samla løyvinga til fornyingstiltak er om lag 2,3 mrd. kr. Med dette forslaget vil det samla etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med om lag 1,3 mrd. kr i 2018.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve 638,2 mill. kr til skredsikring på riksvegar og 758,7 mill. kr på fylkesvegar. I 2018 er det sett av midlar til førebuande arbeid og ev. anleggstart på skredsikringsprosjektet E6 Skarvbergtunnelen i Finnmark. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til saka på eigna måte.

På Statens vegvesens budsjett er det foreslått 300 mill. kr til kollektiv-, sykkel- og gangetiltak i byområde med bymiljøavtalar og byvekstavtalar. Vidare er det foreslått 226,2 mill. kr til tiltak for gåande og syklande på riksvegnettet utanfor desse områda og 76,4 mill. kr til tilskotsordninga til gang- og sykkelveger på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet. Til trafikktryggleikstiltak er det foreslått 505,5 mill. kr.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 1 235 mill. kr.

Det blir foreslått å løyve nærmare 5,3 mrd. kr til Nye Veier AS. I 2018 er det avtalt utbyggingsaktivitet på desse prosjekta:

  • E18 Tvedestrand–Arendal i Aust-Agder

  • E18 Rugtvedt–Dørdal og Kjørholt- og Bambletunnelane i Telemark

  • E6 Kolomoen–Moelv i Hedmark

  • E39 Kristiansand vest–Lyngdal vest i Vest-Agder.

Vidare blir det foreslått å ta prosjektet E6 Skjerdingstad-Melhus S i Sør-Trøndelag inn i porteføljen til Nye Veier AS.

Det er foreslått å løyve 19,1 mill. kr til Vegtilsynet.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 3 553,5 mill. kr til særskilde transporttiltak.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda er det foreslått å løyve 631,5 mill. kr. Det er vidare foreslått å løyve 750 mill. kr i belønningsmidlar og 785 mill. kr i tilskot til store kollektivprosjekt i bymiljøavtalar og byvekstavtalar.

Midlane til store kollektivprosjekt er fordelte slik:

  • 185 mill. kr til MetroBussen i Trondheim

  • 300 mill. kr til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen

  • 300 mill. kr til Bussveien på Nord-Jæren.

Fornebubanen i Oslo og Akershus er òg omfatta av tilskotsordninga, men der er løyvingar frå tidlegare år enno ikkje nytta.

Det er foreslått å løyve 516,4 mill. kr til tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda.

Til ordninga for utvida TT-tilbod til brukarar med særlege behov er det foreslått å løyve 90,4 mill. kr. Det er foreslått 15 mill. kr til konkurransen Smartare transport i Noreg, medan det er sett av 50,5 mill. kr til ordninga med forvaltning av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering, m.a. til å vidareutvikle infrastruktur for å hente inn informasjon om billettprodukt og –prisar. Vidare er det foreslått 13,9 mill. kr til kjøp av tenester frå Entur AS som blir finansiert med gebyr.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten AS for sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes er det foreslått å løyve 700,8 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner på strekninga.

Innskota i infrastrukturfondet i 2013–2016 på i alt 100 mrd. kr gir ei avkastning på 2 053 mill. kr i 2018. Avkastninga er foreslått fordelt som i 2017, med:

  • 479 mill. kr til fornying av riksvegnettet

  • 863 mill. kr til Nye Veier AS

  • 305 mill. kr til fornying av jernbanenettet

  • 248 mill. kr til drift og vedlikehald av jernbanenettet

  • 87 mill. kr til kystformål

  • 71 mill. kr for å finansiere reduksjon av sektoravgifter for Kystverket.

Jernbaneformål

Det er foreslått å løyve 23 mrd. kr til jernbaneformål. Utgifter i 2017 til meirverdiavgift, eingongsutgifter til omstilling og eigenkapital er ikkje vidareført i budsjettet for 2018. Sett bort frå desse endringane, er budsjettforslaget for 2018 om lag 1,25 mrd. kr høgare enn saldert budsjett 2017.

Til statleg kjøp av persontransporttenester med tog er det foreslått å løyve om lag 3,5 mrd. kr.

Det er foreslått å løyve 7,8 mrd. kr til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen. Løyvinga omfattar vidareføring av ERTMS-prosjektet, der det er foreslått å setje av 925 mill. kr for å sikre rasjonell framdrift.

Til planlegging av ny jernbaneinfrastruktur er det foreslått å løyve 2,1 mrd. kr. Det er sett av 1,9 mrd. kr til å vidareføre planlegginga av InterCity-utbygginga, m.a. Ringeriksbanen.

Det er foreslått å løyve 8,9 mrd. kr til investeringar i jernbaneinfrastruktur. Forslaget gir rasjonell gjennomføring av dei store investeringsprosjekta og utbygging av ein rekke mindre programområdetiltak.

I 2018 blir utbygginga av desse store prosjekta vidareført:

  • nytt dobbeltspor Oslo–Ski (Follobanen)

  • dobbeltspor Langset–Kleverud (Dovrebanen)

  • dobbeltspor på Vestfoldbanen (strekningane Holm–Holmestrand–Nykirke og Farriseidet–Porsgrunn)

  • moderniseringa av Vossebanen (Arna-Fløen).

Det er foreslått å setje av midlar til mogleg oppstart på IC-prosjekta Venjar-Eidsvoll-Langset på Dovrebanen, og Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med kostnadsrammer for desse prosjekta før oppstart.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 92,2 mill. kr. I løyvinga inngår tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og moroparkar.

Kystforvaltning

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,6 mrd. kr.

Det er foreslått 1,7 mrd. kr til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, m.a. navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskot til kystkultur.

Det er foreslått å løyve 18,1 mill. kr til spesielle driftsutgifter. Løyvinga dekkjer utgifter til setje i verk tiltak mot akutt forureining og redusere faren for akutt forureining.

Det er foreslått 415,4 mill. kr til nyanlegg og større vedlikehald. Midlane er fordelte med 243,6 mill. kr til utbetringar av farleier og 117,9 mill. kr til fiskerihamneprosjekt. I tillegg er det foreslått å setje av 54 mill. kr til navigasjonsinfrastruktur.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 260,3 mill. kr. Innanfor løyvinga er det sett av 85,2 mill. kr til å byggje eit femte multifunksjonsfartøy til Kystverket. Vidare er det foreslått 30 mill. kr til å utvide tenesteområdet til sjøtrafikksentralane på Vestlandet.

Det er foreslått 31,1 mill. kr i tilskot til fiskerihamneanlegg. Vidare er det foreslått 10,6 mill. kr i tilskot til hamnesamarbeid og 75,2 mill. kr til forsøksordninga med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø.

Til drift av Samfunnet Jan Mayen er det foreslått å løyve 47,2 mill. kr. Det er foreslått 5 mill. kr til å prosjektere nytt hovudbygg på Jan Mayen.

Det er foreslått å løyve 27,3 mill. kr til etableringa av eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det foreslått å løyve 725,5 mill. kr. Det er foreslått å løyve 261,7 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Forslaget omfattar 165 mill. kr til Posten Norge AS og 96,7 mill. kr til distribusjon av avisar i abonnement på laurdagar på stader utan ordinært avisbodnett.

Til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det foreslått å løyve 463,8 mill. kr. Av dette er 197,3 mill. kr driftsutgifter. Det er foreslått å løyve 183,3 mill. kr i tilskot til teletryggleik og -beredskap. Innanfor dette forslaget er 40 mill. kr sett av til pilot for alternativt kjernenett og 40 mill. kr til å leggje til rette for fiberkablar til utlandet.

For å auke kapasiteten og betre dekninga i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar er det foreslått å løyve 69,7 mill. kr i tilskot til utbygging av breiband.

2 Oversikt over budsjettforslaget mv.

2.1 Utgifter og inntekter fordelt på kapittel

Tabellane under viser løyvingane som blir foreslått til samferdselsområdet fordelt på utgifts- og inntektskapittel.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

403 667

408 506

385 800

-5,6

1301

Forskning og utvikling mv.

157 871

158 818

183 300

15,4

Sum kategori 21.10

561 538

567 324

569 100

0,3

Luftfartsformål

1310

Flytransport

761 189

765 400

725 700

-5,2

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

29 097

37 500

30 100

-19,7

1313

Luftfartstilsynet

193 450

219 818

222 300

1,1

1314

Statens havarikommisjon for transport

71 709

71 909

74 300

3,3

Sum kategori 21.20

1 055 445

1 094 627

1 052 400

-3,9

Vegformål

1320

Statens vegvesen

29 202 121

30 203 594

30 561 500

1,2

1321

Nye Veier AS

1 275 000

3 075 200

5 278 800

71,7

1323

Vegtilsynet

20 750

19 100

-8,0

Sum kategori 21.30

30 477 121

33 299 544

35 859 400

7,7

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

2 283 886

3 091 100

3 553 500

15,0

1331

Infrastrukturfond

30 000 000

Sum kategori 21.40

32 283 886

3 091 100

3 553 500

15,0

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

19 735 305

1351

Persontransport med tog

3 175 137

1352

Jernbanedirektoratet

28 648

19 719 821

22 972 700

16,5

1354

Statens jernbanetilsyn

79 862

91 265

92 200

1,0

1356

Bane NOR SF

98 810

10 066 000

-100,0

1357

Togvedlikeholdsselskap

763

1358

Togmateriellselskap

935

1359

Salgs- og billetteringsselskap

955

Sum kategori 21.50

23 120 415

29 877 086

23 064 900

-22,8

Kystforvaltning

1360

Kystverket

2 654 574

2 541 117

2 546 100

0,2

1361

Samfunnet Jan Mayen

50 615

47 215

52 700

11,6

1362

Oljevern- og miljøsenter i Lofoten og Vesterålen

27 300

Sum kategori 21.60

2 705 189

2 588 332

2 626 100

1,5

Sum programområde 21

90 203 594

70 518 013

66 725 400

-5,4

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

403 000

272 200

261 700

-3,9

1380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

374 000

428 800

463 800

8,2

Sum kategori 22.10

777 000

701 000

725 500

3,5

Sum programområde 22

777 000

701 000

725 500

3,5

Sum utgifter

90 980 594

71 219 013

67 450 900

-5,3

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

3 110

2 592

2 600

0,3

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

745 906

986 000

977 800

-0,8

Sum kategori 21.10

749 016

988 592

980 400

-0,8

Luftfartsformål

4312

Avinor AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

127 575

136 812

138 400

1,2

5619

Renter av lån til Avinor AS

71 251

50 300

39 400

-21,7

5622

Aksjer i Avinor AS

500 000

550 000

232 000

-57,8

Sum kategori 21.20

1 143 196

1 181 512

854 200

-27,7

Vegformål

4320

Statens vegvesen

869 180

717 228

740 600

3,3

4322

Svinesundsforbindelsen AS

45 000

190 000

75 000

-60,5

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

43 887

20 000

4 000

-80,0

Sum kategori 21.30

958 067

927 228

819 600

-11,6

Særskilte transporttiltak

4330

Særskilte transporttiltak

13 900

4331

Infrastrukturfond

1 577 129

2 053 000

2 053 000

0,0

Sum kategori 21.40

1 577 129

2 053 000

2 066 900

0,7

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

721 986

4352

Jernbanedirektoratet

31 000

95 800

209,0

4354

Statens jernbanetilsyn

13 728

13 959

14 300

2,4

4356

Bane NOR SF

3 500 000

-100,0

5611

Aksjer i NSB AS

595 000

150 000

Sum kategori 21.50

1 330 714

3 544 959

260 100

-92,7

Kystforvaltning

4360

Kystverket

12 791

11 700

12 000

2,6

4361

Samfunnet Jan Mayen

7 579

5 700

5 900

3,5

Sum kategori 21.60

20 370

17 400

17 900

2,9

Sum programområde 21

5 778 492

8 712 691

4 999 100

-42,6

Post og telekommunikasjoner

4370

Posttjenester

160 900

4380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

185 987

600

600

0,0

5618

Aksjer i Posten Norge AS

120 000

-100,0

Sum kategori 22.10

346 887

120 600

600

-99,5

Sum programområde 22

346 887

120 600

600

-99,5

Sum inntekter

6 125 379

8 833 291

4 999 700

-43,4

2.2 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Oversikten under viser dei postane utanom postgruppe 30–49 som i 2017 har stikkordet «kan overførast».

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2017

Forslag 2018

1301

50

Samferdselsforsking

0

167 300

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

50 185

725 700

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

0

30 091

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

0

11 982 800

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

3 478

989 300

1320

62

Skredsikring fylkesvegar

9 818

758 700

1320

63

Tilskot til gang- og sykkelvegar

144 417

76 400

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

138 643

1 234 800

1330

60

Tilskot til utvida TT-ordning for brukarar med særskilde behov

22 929

90 400

1330

61

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

0

631 500

1330

63

Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt

215 000

785 000

1330

64

Belønningsmidlar til bymiljøavtalar

750 000

1352

21

Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar

203 700

1352

70

Kjøp av persontransport med tog1

75 832

3 484 100

1352

71

Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald2

33 742

7 792 700

1352

72

Kjøp av infrastrukturtenester – planlegging av investeringar

2 137 800

1352

73

Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar3

212 289

8 896 200

1352

75

Tilskot til kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift4

48 817

0

1360

21

Spesielle driftsutgifter

21 032

18 100

1360

60

Tilskot til fiskerihamneanlegg

52 610

31 100

1360

72

Tilskot for overføring av gods frå veg til sjø

75 200

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

27 420

183 000

1380

71

Tilskot til breibandsutbygging

0

69 700

1 Tidlegare kap. 1351, post 71. Overføringa frå 2016 er frå kap. 1351, post 70.

2 Overføring frå 2016 er frå kap. 1350, post 25.

3 Overføring frå 2016 er frå kap. 1350, post 31.

4 Overføring frå 2016 er frå kap. 1350, post 34.

2.3 Endringar i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2017

Oversiktene under viser endringane i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2017 for utgifter og inntekter.

Endring i utgifter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2017

Endring

Revidert budsjett

1300

01

129

401

187 379

320

187 699

1300

21

129

401

12 727

-2 200

10 527

1300

71

401

60 900

1 500

62 400

1300

74

129

401

83 500

10 000

93 500

1320

23

129

401

11 477 894

-10 000

11 467 894

1320

30

129

401

14 321 800

-7 400

14 314 400

1320

36

401

478 100

-50 000

428 100

1321

71

129

401

0

6 632

6 632

1352

73

401

2 467 300

10 000

2 477 300

1360

01

129

401

1 706 272

10 700

1 716 972

1360

30

129

401

408 800

18 000

426 800

1370

70

129

401

272 200

1 500

273 700

1380

70

129

401

80 200

76 500

156 700

Endring i inntekter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2017

Endring

Revidert budsjett

5577

74

129

401

789 800

-6 100

783 700

5618

85

129

401

120 000

-120 000

0

3 Oppmodingsvedtak

Tabell 3.1 gir ei oversikt over dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har vedteke for sesjonen 2016–2017 som gjeld Samferdselsdepartementet, og vedtak frå sesjonane 2015–2016 og 2014–2015 som Stortinget ikkje har kvittert ut. Departementet gjer greie for oppfølginga av vedtaka i del III, pkt. 6.5.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

2016–2017

80

Sending av biologiske preparat, medisinar, avisar og førehandsstemmer

2016–2017

81

Krav i vedtektene om nynorsk for Posten Norge AS

2016–2017

82

Utleveringsdagar for postmottakarar

2016–2017

108, pkt. 2c

Betaling av bompengar, ferjer og parkering for nullutsleppskøyretøy

2016–2017

108, pkt. 9

Satellittbasert vegprising for tungtransport

2016–2017

108, pkt. 16

Handlingsplan for fossilfrie bygg- og anleggsplassar i transportsektoren

2016–2017

108, pkt. 20

Landstraum ved hamner der Hurigruten legg til

2016–2017

108, pkt. 38

Plan for to timars grunnrute på fjerntogstrekningar

2016–2017

108, pkt. 39

Tiltak for timestog Oslo–Gjøvik

2016–2017

108, pkt. 40

Krav i bymiljøavtalene til fossilfri kollektivtrafikk

2016–2017

108, pkt. 41

Kompensasjon for kjørevegavgift på jernbane for godstransportørar

2016–2017

108, pkt. 50

Nullutsleppsteknologi ved nye ferjeanbod

2016–2017

108, pkt. 52

Elektrifisering av strekninga Trondheim–Stjørdal

2016–2017

108, pkt. 53

E39 Betna–Stormyra

2016–2017

444

Prøveordning med køyretøy med vekt opp til 74 tonn

2016–2017

501

Nye verkemiddel for betre trafikktryggleik

2016–2017

503

Innføring av alkolås

2016–2017

504

Trafikantretta trafikktryggleiksarbeid

2016–2017

506

Revidere STRAKS-registeret

2016–2017

547

Taubanar

2016–2017

838

Regional vegadministrasjon

2016–2017

839

Regelverket for løyve og behovsprøving for persontransport

2016–2017

957

Låg- eller nullutsleppsteknologi i ferjer og rutebåtar

2016–2017

973

Gjennomføring av delstrekningane i E6 Helgeland nord

2016–2017

978

Samferdselspakke Kristiansandsregionen – bompengebelasting for næringstransport

2016–2017

984

E 39 Kristiansand vest–Lyngdal – bompengebelasting for næringstransport

2016–2017

985

E 39 Kristiansand vest–Lyngdal – behov for bomstasjon på gamal veg

2016–2017

1106

Statleg, nasjonal TT-ordning

2015–2016

636

Fiberkablar til utlandet

2014–2015

582

Alkolås

Til toppen
Til dokumentets forside