Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km2. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km2 er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er Regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og det største lokalsamfunnet. Ifølgje befolkningsregisteret for Svalbard er det per 01.09.2015 totalt 2169 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 468 fast busette. Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. Ifølgje befolkningsregisteret er det til saman 43 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 11 heilårsbusette. For nærare omtale av utviklinga i folketalet, sjå pkt. 2.2.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2007–2015 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Longyearbyen

2018

2068

2112

2041

2084

2173

2125

2097

2169

Ny-Ålesund

37

41

37

43

39

40

34

38

43

Barentsburg

525

440

417

491

450

413

464

494

468

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet (JD) fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre (LL) får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2015–2016) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2016 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Melding til Stortinget om Svalbard

Eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk er å oppretthalde norske samfunn på øygruppa. Gjennom om lag 100 år har koldrifta vore ei berebjelke for Longyearbysamfunnet. Koldrifta står no overfor store utfordringar, spesielt med omsyn til den låge kolprisen på verdsmarknaden. Desse utviklingstrekka og utfordringane rundt situasjonen i Store Norske Spitsbergen Kolkompani (SNSK) krevj ei overordna og heilskapleg tilnærming.

Regjeringa arbeider difor for tida med ei melding til Stortinget om Svalbard. Denne skal leggjast fram for Stortinget i 2016. Meldinga vil innehalde ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av norsk svalbardpolitikk sett opp mot dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Regjeringa vil i meldinga òg vurdere korleis staten kan bidra til omstilling for svalbardsamfunnet.

Dei overordna måla for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og er: Ein konsekvent og fast håndheving av suvereniteten, korrekt overholding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevet, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av områdets særeigne villmarksnatur og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa. Svalbardpolitikken er kompleks og dei ulike elementa henger nøye saman.

Eit viktig bakteppe for den meldinga som Regjeringa nå utarbeidar, gjeld situasjonen i Store Norske, usikkerheten rundt koldriftas framtid og dei konsekvensane dette har for Longyearbysamfunnet. Store Norske har hatt og har fortsatt ei viktig rolle for lokalsamfunnet i Longyearbyen, og koldrifta er saman med turisme, forsking og undervisning ei av grunnpilarane for det robuste samfunnet her. Det å leggje til rette for eit fortsatt robust, livskraftig og skapande Longyearbysamfunn blir dermed ei viktig del av meldinga.

Styret i SNSK kom i september 2015 til at det ikkje er økonomisk grunnlag for vidare oppfaring i Lunckefjell-gruva. Med bakgrunn i dette har styret starta ein dialog med eigar om den vidare utviklinga i selskapet, mellom anna knytt til ei mogleg driftskvile i Svea. Regjeringa vil på ein eigna måte komme tilbake til saka.

1.4 Oversikt over svalbardsatsingar

I lys av den krevjande situasjonen for SNSK, og for å leggje eit finansielt grunnlag for minimumsdrift i Store Norske Spitsbergen Gruvekompani (SNSG) i 2015 og 2016, har selskapet etter forslag frå Regjeringa i 2015 blitt tilført 500 mill. kroner, gjennom 295 mill. kroner som kjøp av eigedom og 205 mill. kroner som lån. I budsjettproposisjonen for 2016 vil Regjeringa foreslå løyvingar som vil bidra til vekst og utvikling på Svalbard. Det er utfordrande å gi eit samla oversyn over desse løyvinga, men tala nedanfor syner større satsingar i 2016 som vil vere positive i forhold til utfordringane ein står overfor:

– Rehabilitering av energiverket i Longyearbyen

10 mill. kroner

– Kvalitetssikring og vidareutvikling av planane for ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen

15 mill. kroner

– Utbygginga av geodesiobservatoriet i Ny Ålesund

27 mill. kroner

– Forsterka redningsberedskap gjennom utvida seglingssesong for tenestefartøyet for Sysselmannen

18 mill. kroner

Tala gjer uttrykk for forslag om auka løyving og ikkje den totale løyvinga til føremålet. Tiltaka er nærare omtala seinare i proposisjonen.

Av vedlegg 1 framgår kor store totale løyvingar som dei einskilde departementa foreslår til svalbardformål.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er nedfelt i Politisk plattform for Regjeringa Solberg (Sundvollenerklæringa) at Regjeringa vil føre ein offensiv nordområdepolitikk. Sett i lys av utviklinga i nordområda, med auka aktivitet i form av sjøtransport og ressursutvinning, er god kapasitet innan søk og redning særs viktig.

Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk, markerer at Noreg er ein viktig aktør i nordområda.

Dei overordna måla for norsk svalbardpolitikk gir – saman med dei årlege svalbardbudsjetta – uttrykk for gjeldande svalbardpolitikk. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken, jf. Innst. S. nr. 336 (2008–2009). Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla for norsk svalbardpolitikk i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Det er lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål

Det er sett ambisiøse mål for svalbardpolitikken. Desse måla, saman med den auka aktiviteten på øygruppa og at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. også omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betydning som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk, jf. nærare omtale under pkt. 2.2.2.

Justis- og beredskapsdepartementet – som har fag- og koordineringsansvar for norsk polarpolitikk – har følgjande mål for polarpolitikken i Arktis:

Tabell 2.1 

Mål

  1. Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehåndtering

  2. Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

  3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

2.2.1 Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

Ved å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er målet å redusere sårbarheita i samfunnet. Dette skal gjerast ved å avklare dei ulike aktørane si rolle, ansvar og mynde og ved å sikre eit godt samvirke mellom dei. Øvingar er òg eit sentralt og viktig element i å styrkje samhandlinga.

Klimaendringane skaper moglegheiter for og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flytter nord og austover. Mindre is vil på sikt kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. Samstundes skaper desse endringane også nye utfordringar. Longyearbyen vil difor få auka betydning mellom anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrkt redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning vart utvida ved at Noreg tok ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard opp til polpunktet.

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande raskt til unnsetning. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, vedtok Stortinget at Sysselmannen frå 1. april 2014 fekk to store likeverdige helikopter. Det er inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette styrkjer redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre utstyr for kommunikasjon- og tryggleik. I tillegg vart utrykkingstida på reservehelikopteret som tidlegare var to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, redusert til to timar heile døgnet. Vidare har styrkinga auka tryggleiken for mannskapet ved at begge helikoptra har same rekkevidde. For å få tilfredsstillande hangarforhold for dei nye helikoptra vart det bygt ein ny moderne hangar som sto ferdig 1. april 2014.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i samanheng med redning- og beredskap ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Det nye fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og vart sett inn i drift hausten 2014. Våren 2015 vart kontrakta for drift av fartøyet overdratt til Fafnir Offshore hf., som óg eig fartøyet. Auke i cruisetrafikken og anna skipstrafikk gjev auka behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn. For å styrkje og tilpasse Sysselmannen sine oppgåver innan rednings- og tryggleiksområdet, og for å kunne gjere naudsynt inspeksjon og oppsyn med den auka trafikken til havs og rundt øygruppa, foreslår Regjeringa å løyve 18 mill. kroner i 2016 til å utvide sesongen for tenestefartøyet med om lag 3 månader.

Både for å setje Sysselmannen betre i stand til å løyse nye og større utfordringar innanfor arbeidet med redning og beredskap og for å tilpasse seg dei nye arbeidstidsføresegnene for politiet, vart politibemanninga styrkt med tre nye stillingar frå 1. juli 2014. Eit nytt stabsrom vart òg teke i bruk då Sysselmannen sitt administrasjonsbygg vart ferdig bygd ut hausten 2014. Dette styrka beredskapen på Svalbard monaleg. For ytterlegare omtale av desse tema, sjå del II, kap. 6 Sysselmannens transportteneste.

Auka aktivitet i så vel farvatna rundt Svalbard som i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard, og gir forvaltninga utfordringar som må møtast. Førebygging er sentralt, og eit viktig tiltak som er treft dei siste åra, er mellom anna innføring av hamne- og farvasslova for Svalbard.

I tillegg har Stortinget med verknad frå 1. juli 2012 vedteke å innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Det er gjort enkelte tilpassingar i reglane ut frå lokale forhold på øygruppa. Dette reduserer risikoen for hendingar og miljøskade og styrkjer tryggleiken til sjøs.

I eigenskap av fylkesmann skal Sysselmannen i medhald av Instruks for fylkesmannens og sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl. res. 19.06.15) vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I eigenskap av både politimeister og fylkesmann har Sysselmannen på Svalbard ei særs sentral og viktig rolle, både med å førebyggje uønskte hendingar og handtere oppståtte hendingar. Dette gjeld både ikkje-planlagde hendingar som til dømes naturkatastrofar, samt planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme. Det pågår óg eit arbeid med å gjere beredskapslova gjeldande for Svalbard.

Sysselmannen har i 2013 utarbeidd ein ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Svalbard. Dokumentet belyser eit utval risikoområde innanfor hovudkategoriane naturhendingar, store ulykker og alvorlege tilsikta hendingar. Analysen er gjort i samarbeid med dei lokale beredskapsaktørane på Svalbard og dannar grunnlag for revisjon og vidareutvikling av eit heilskapleg beredskapsplanverk. Sysselmannen vil fortsetje det gode samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter i utviklinga av tryggleiken på Svalbard.

Det er eit mål for Regjeringa at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Røynsle frå hendingar viser kor viktig det er å ha system for å oppretthalde samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne når alvorlege hendingar inntreff.

Longyearbyen lokalstyre (LL) er ein annan viktig aktør i arbeidet med samfunnstryggleik på Svalbard. LL har sidan starten i 2002 utvikla seg i retning av å bli meir lik ein vanleg kommune på fastlandet. Frå 2011 er kommunane pålagt ei generell beredskapsplikt gjennom ny lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova). Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunen skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planlegge ut frå dette. 18. desember 2012 blei LL pålagt ei tilsvarande plikt gjennom ei forskrift med heimel i sivilbeskyttelseslova, som gjer delar av lova gjeldande for Svalbard. Forskrifta om beredskapsplikt for LL pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsmessig godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Etter forskrifta skal Sysselmannen på Svalbard føre tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta. Eit gjennomført tilsyn i 2014 viste at LL har god oversikt over eigen risiko og sårbarheit, og at LL arbeider heilskapleg og godt med mellom anna planverk, øvingar og erfaringslæring. Tilsynet avdekka ikkje avvik.

Olje- og energidepartementet (OED) og JD samarbeider om korleis flaum- og skredførebygging bør skje på Svalbard. OED har på bakgrunn av tilrådingar frå Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), komme til at Svalbard skal vurderast på lik line med kommunar på fastlandet ved prioritering av bistand frå NVE innanfor gjeldande løyving.

2.2.2 Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

Ved å styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk er målet å oppnå ein større heilskap i polarpolitikken.

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og departementets mål som er nemnde over, har styresmaktene fleire verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla Sysselmannen på Svalbard, som statens øvste representant på øygruppa, lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet (under dette svalbardbudsjettet), og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen Lokalstyre (LL).

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av fagdepartementa sin politikk for Svalbard og polarområda elles, er viktig for å nå hovudmåla i polarpolitikken. Det følgjer av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet at det er justis- og beredskapsministeren som leier dette utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret for Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Polarutvalet fungerer som eit verktøy for Justis- og beredskapsdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Statsministerens kontor, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Plikta til å leggje fram saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker for Polarutvalet, gjer at desse kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk polarpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder, eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis- og beredskapsdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for Regjeringa.

Justis- og beredskapsdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av Regjeringas politikk for Jan Mayen, Bouvetøya og bilanda i Antarktis. For desse områda er det òg naudsynt med særlege vurderingar i arbeidet med lovgivning. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse møta, der mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet òg deltek.

Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er Regjeringas øvste representant på øygruppa og har rolle både som politimeister og fylkesmann. Sysselmannen er ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I denne eigenskapen er Sysselmannen òg leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av å vere fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter. I arbeidet med å utøve mynde, vere tilstades og halde beredskap i nordområda, er transporttenesta til Sysselmannen heilt avgjerande. Dette gjeld både helikoptertenesta og tenestefartøyet. Dei nye kontraktane for helikopter og tenestefartøy er avgjerande for utøving av Sysselmannens kjerneoppgåver, og for å auke tryggleiken på øygruppa. Det at isen no trekkjer seg attende gjer at aktiviteten på havet i og omkring Svalbard aukar. Dette gjeld både fiskeri- og turistaktiviteten. Denne utviklinga aukar behovet for å utøve oppsyn og mynde ein større del av året, sjå framme under pkt 2.2.1 om forslag om å utvida sesongen for tenestefartøyet til Sysselmannen frå 6 til om lag 9 månader.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. På fleire fagområde er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Sysselmannens administrasjonsbygning vart utvida hausten 2014. Utbygginga innebèr større kontorareal og eit nytt og tidsmessig stabsrom til bruk i krisesituasjonar.

Lovgiving

Normaliseringa av samfunnsfunksjonane på Svalbard og dei stadig meir omfattande folkerettslege pliktene Noreg tek på seg reint generelt, har over ein lengre periode ført til at nye lover og forskrifter har vorte innførte på Svalbard. Lovgiving er dessutan eit viktig verkemiddel for å sikre ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard innanfor rammene av dei overordna måla i svalbardpolitikken. Ny lovgiving for fastlandet skal innførast for Svalbard òg, med mindre særlege tilhøve taler mot dette.

Sjølv om dette er eit utgangspunkt, vert ikkje all ny lovgiving gjort gjeldande for Svalbard heilt automatisk. Det er slått fast i svalbardlova § 2 at lovgivinga om privatrett, strafferett og om rettspleie gjeld på Svalbard når ikkje anna er fastsett, mens anna såkalla offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld utan når det er fastsett særskilt. Det vert såleis gjort ei spesiell vurdering av tilhøvet til Svalbard ved innføring av såkalla offentlegrettsleg lovgiving, men då altså med det utgangspunktet at lover skal gjelde for Svalbard med mindre særlege grunnar talar imot det.

I dette ligg at ein mellom anna må vurdere om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden, og om det er naudsynt med overgangsordningar. Dette gjeld til dømes brannlovgivinga og nærings- og selskapslovgivinga. Sjølv om Longyearbyen på fleire område liknar på eit lokalsamfunn på fastlandet, og det er eit mål at det òg skal vere eit robust familiesamfunn, skal det likevel ikkje vere eit livsløpssamfunn. Det offentlege tenestetilbodet innanfor helse- og sosialområdet er avgrensa. Utlendingslova gjeld heller ikkje. I ei lovregulering av tenesteytinga på Svalbard, må det gjerast ei eiga vurdering av kva for reglar som er naudsynte. Til dømes har dette vore gjort i arbeidet med å modernisere helselovgivinga for Svalbard der Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke ei føresegn om at ei rekkje helselover og -føresegner skal gjerast heilt eller delvis gjeldande for Svalbard (og Jan Mayen). Føresegna tek til å gjelde frå 1. oktober 2015. Sjå kap. 4.7 for meir omtale av dette arbeidet.

Som nemnt i kap 1.3 arbeider Regjeringa no med ei melding til Stortinget om Svalbard. Meldinga vil gi ein brei og heilskapleg gjennomgang av saker som gjeld Svalbard, og det er difor òg aktuelt at spørsmål knytt til lovgiving vil vere eit av tema som vert omtala i denne meldinga.

Arktisk råd

Arktisk råd er det einaste organet som omfattar samarbeid mellom alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996, og medlemmane deler på å ha formannskapet, med to år av gongen. USA har formannskapet i perioden 2015–17. Utanriksdepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for Arktisk råd, men samarbeider nært med fleire fagdepartement, mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet.

2.2.3 Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Å halde ved lag norske samfunn på øygruppa er eitt av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen, men òg Ny-Ålesund er viktig å nemne.

Samfunnet i Longyearbyen har gjennom lang tid vore tufta på gruvedrift, men dei siste tiåra har òg forsking og utdanning og turisme medverka monaleg til sysselsetjing og til utvikling i befolkningstalet. Sjølv om mange tilsette i Store Norske pendlar frå fastlandet, har gruvedrifta framleis stor betydning for svalbardsamfunnet.

Utsiktene for gruveverksemda er krevjande med dagens kolprisar, og koldrifta har dei seinare åra komme under eit sterkt press. Det er uvisst om gruvedrifta vil kunne halde fram vidare i stort omfang. Grunna denne situasjonen må Longyearbyen gjennom ei omstilling for framleis å kunne fylle si rolle som eit livskraftig lokalsamfunn. Arbeidet med omstilling av Longyearbysamfunnet har allereie starta. Det er lagt fram ein strategisk næringsanalyse som inneheld viktige tiltak for å sikre eit levedyktig lokalsamfunn òg i framtida. I tillegg er det utarbeidd ein masterplan for reiselivet der ein peiker på viktige grep for å leggje til rette for vekst i næringa. Det er vidare utarbeidd ein hamneplan.

Regjeringa vil difor komme attende med ei eiga stortingsmelding om Svalbard, der mellom anna situasjonen for svalbardsamfunnet vil bli sett i lys av utviklinga i Store Norske, sjå nærare omtale under pkt 4.2. Regjeringa vil i meldinga sjå på mogleigheiter for å vidareutvikle eksisterande og ny næringsverksemd i Longyearbyen slik at samfunnet framleis kan vere eit robust og levedyktig familesamfunn. Desse vurderingane vil bli nærare drøfta i meldinga til Stortinget om Svalbard. Regjeringa vil leggje fram meldinga i 2016, jf. kap 1.3.

Næringsverksemd

Den norske busetjinga på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Næringa står med dagens kolprisar no framfor store utfordringar, jf. òg nedanfor under Bergverk og pkt 4.2.

Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan forsking, høgare utdanning, turisme og reiseliv og satellittverksemd, særleg i Longyearbyen, men òg i Ny-Ålesund.

Longyearbyen Næringsforeining i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre utarbeidde i 2013–2014 ein strategisk næringsanalyse. Analysen kan medverke til å utvikle eit meir robust næringsliv i Longyearbyen.

Bergverk

Gruvedrifta har i mange år bidratt vesentleg til stabil og heilårleg aktivitet og busetnad på Svalbard. Det har dei siste åra synt seg krevjande å drive Store Norske Spitsbergen Kolkompani på eit forretningsmessig grunnlag med sikte på å levere ei konkuransemessig avkastning. Store Norske har difor gjennom ein omfattande prosess med kostnadsreduksjonar og nedbemanning med effekt frå 2015 måtte tilpasse seg utviklinga.

Då prisen på kol fall sterkt i andre halvdel av 2014 og i 2015, utløyste dette ein akutt økonomisk situasjon for dotterselskapet Store Norske Gruvekompani AS, sjå nærare omtale under pkt 4.2.

Situasjonen i Store Norske og den vidare utviklinga av Store Norske-konsernet vil på eigna måte bli lagt fram for Stortinget.

Turisme

Tabell 2.2 Utvikling i talet på gjestedøgn

År

Gjestedøgn

2009

82 307

2010

81 718

2011

85 785

2012

84 142

2013

107 096

2014

119 088

Talet på gjestedøgn har vore nokså stabilt i åra 2009–2012, men auka monaleg i 2013 (då talet for første gongen passerte 100 000) og i 2014. Dette heng truleg saman med eit systematisk arbeid for å marknadsføre «skuldersesongane» og auka flykapasitet. Utviklinga styrkjer turismen som ei viktig næring på Svalbard. For lokalsamfunnet er utviklinga med auka aktivitet hos turistaktørane særs positiv, òg i form av auka omsetning i avleidde verksemder. Som nemnt under pkt. 1.3 er det utarbeidd ein masterplan for reiselivet der ein peiker på viktige grep for å leggje til rette for ei ytterlegare vekst i næringa.

Ei revidert forskrift om turisme og anna reiseverksemd på Svalbard (turistforskrifta) som gjer det enklare for Sysselmannen å forvalte turismen på ein god måte, er innførd.

Forsking- og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund. Det vert arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for norsk og internasjonal forsking, sjå nærare under pkt. 4.3.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) spelar ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis. UNIS er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Satellittverksemd

Satellittverksemda på Svalbard er ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som medverkar til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd, sjå nærare under pkt. 4.2. Verksemda medverkar òg særs positivt til auka sysselsetjing på Svalbard.

Hamn

Eitt av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk er å oppretthalde norske samfunn på øygruppa. Gjennom 100 år har koldrifta vore ein berebjelke for Longyearbysamfunnet. Koldrifta står nå overfor store utfordringar, spesielt på grunn av den låge kolprisen på verdsmarknaden, og det er uvisse rundt den vidare drifta i selskapet.

Longyearbyen må difor – som tidligare nemnt – gjennom ei omstilling. Det er lagt fram ein strategisk næringsanalyse som inneheld viktige tiltak for å sikre eit levedyktig lokalsamfunn også i framtida. I tillegg er det utarbeida ein masterplan for reiselivet der ein peiker på viktige grep for å leggje til rette for vekst i næringa. Det er vidare utarbeida ein hamneplan.

I St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard er hamneinfrastrukturen i Longyearbyen omtala, og det er peikt på at Longyearbyen, i lys av ein større kommersiell og industriell aktivitet i Polhavet, vil måtte rekne med å få auka betydning som base for rednings- og forureiningsberedskap, og som base for tilbod av maritime tenester. Sidan 2009 har behovet for større hamnekapasitet i Longyearbyen auka ytterlegare. Utviklinga dei seinare åra syner at skipstrafikken til dei arktiske områda aukar både i tal og omfang, og dette gjeld særleg cruisetrafikken. I Nasjonal transportplan (NTP), jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, er det sett av statlege midlar i planperioden til oppgradering og bygging av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen. På bakgrunn av dette har Longyearbyen lokalstyre utarbeida planar for ny hamneinfrastruktur. Det er naudsynt å greie ut prosjektet vidare.

Både hamneplanen og den strategiske næringsanalysen peiker på at det er naudsynt å utvikle hamna for å kunne møte den etterspurnaden etter hamnetenester som er allereie i dag, men òg for å leggje til rette for å kunne ta imot ei venta auka mengd trafikk over hamna. Regjeringa vil komme tilbake til planane i det vidare arbeidet med omstilling av Longyearbyen og i arbeidet med ny melding til Stortinget om Svalbard.

Oppgradering av hamneinfrastrukturen på Svalbard er omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er sett av inntil 200 mill. kroner i statlege middel i planperioden til oppgradering og bygging av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen, med utgangspunkt i ein kostnad på 400 mill. kroner. Det er vidare lagt til grunn at prosjekta eventuelt blir realiserte med bidrag frå lokale aktørar og privat næringsverksemd. Det er foreslått løyvd 15 mill. kroner til planlegging av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen i tråd med NTP. Kystverket får i oppdrag å vurdere konsept foreslått av Longyearbyen lokalstyre, og å greie ut og vurdere andre aktuelle konsept for oppgradering av hamneinfrastrukturen.

Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre (LL) har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene, ved at dei innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå LL. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justis- og beredskapsdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar JD om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til LL. JD ser ein stor verdi i denne dialogen. Det er òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom LL og Det interdepartementale polarutvalet.

Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at LL skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa planområde, Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Infrastruktur

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for ei oppgradering til det som er vanlig standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. LL har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast.

Energiforsyning

Som eigar av kraftverket i Longyearbyen er LL ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet påla LL eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til utgangen av 2015. I budsjetta for 2012–2014 vart det til saman løyvd 114 mill. kroner over svalbardbudsjettet til å byggje reinseanlegget. Anlegget skal vere ferdigstilt ved utgangen av 2015.

På bestilling frå JD vart det våren 2013 levert ei tilstands- og levetidsvurdering av energiforsyninga i Longyearbyen. Dei faglege vurderingane i analysen var klare på at det er stort behov for oppgraderingar og investeringar i kraftverket for å sikre leveransen av straum og varme og forlenge levetida til kraftverket. Dei faglege tilrådingane i tilstands- og levetidsvurderinga førte til at lokalstyret prioriterte arbeidet med oppgradering og ekstraordinært vedlikehald straks. LL sette difor i gang opprustinga av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013.

Rehabiliteringa av kraftverket gir verket ei forlenga levetid på om lag 20 år og er kostnadsberekna til om lag 98 mill. kroner i investeringar og ekstraordinære vedlikehaldskostnader. Lokalstyret brukte i 2014 om lag 11 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald. Stortinget vedtok i 2015-budsjettet å løyve 13,3 mill. kroner som statens del (2/3 av kostnadene) til rehabilitering av kraftverket og at dei resterande utgiftene i åra 2016 – 2018 (87,4 mill. kroner) òg blir delte med 1/3 på Longyearbyen lokalstyre og 2/3 på staten, sjå omtale under del II kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Regjeringa foreslår difor at det i 2016 blir løyvd ytterlegare 10 mill. kroner som statens del av utgiftene.

Eigedom

Stortinget bad gjennom Innst. S. nr. 336 (2008–2009) om ei vurdering om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Gjennom Prop. 118 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet (Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – eiendommer og gruvedrift), vert det foreslått at staten kjøper mellom anna grunneigedomen Longyeardal frå selskapet. Dette vert gjort som ledd i ei løysing for å tilføre likviditet til selskapet SNSG. Stortinget vedtok saka 11. juni 2015 i tråd med forslaget.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2016

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2016 er 451 mill. kroner. Dette er 33 mill. kroner eller 7,9 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2015.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2016 er stipulert til 303 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over JDs budsjettkap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009–2012, var inntektene desse åra uvanleg høge. Grunna eit inngått skatteforlik vart skatteinntektene i 2014 negative (med over 1 mrd. kroner). Tilskotet til svalbardbudsjettet i 2014 vart difor heile 1,5 mrd kroner.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2016 er budsjettert til 139 mill. kroner, ein auke på 19,3 mill. kroner frå 2015. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet over kap. 480 post 50 auka med om lag 19 mill. kroner i 2016. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 32 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og til Longyearbyen lokalstyre (kap. 3), der det vert løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som LL har ansvaret for. I tillegg inneheld svalbardbudsjettet fleire små budsjettkapittel, som til dømes løyving til Svalbard kyrkje, Svalbard skattekontor, staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen og til Statsbygg sitt svalbardkontor.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ein nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2016 er det foreslått løyvd netto om lag 745 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2015 var om lag 699 mill. kroner.

4.1 Klima- og miljødepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Klima- og miljødepartementet (KLD). Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til miljøvernarbeidet hos Sysselmannen. Over KLDs budsjett vil det bli løyvd om lag 111,7 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 96 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Miljødirektoratet og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II.

Naturen på Svalbard vert allereie i dag påverka av dei raske klimaendringane i Arktis. Samstundes har lokal verksemd og ferdsel knytt til turisme og forsking auka dei seinare åra. Denne utviklinga skaper nye utfordringar for forvaltninga av miljøet på Svalbard, der ein har satt høge mål for bevaringa av villmarksnaturen.

Gruvedrift har vore den sentrale næringsverksemda på Svalbard, men forsking/utdanning og turisme har vakse kraftig og er i dag viktige næringsvegar som får stadig større betydning som grunnlag for samfunnet i Longyearbyen. Frå 1993 har talet på gjestedøgn i Longyearbyen auka frå 24 000 til 119 000 i 2014. I perioden 1997–2014 har talet på passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip auka frå 15 000 til 35 154, med ein foreløpig topp på 42 000 i 2012. Saman med meir forsking og undervisning i felt har dette ført til ein auke i motorisert så vel som ikkje-motorisert ferdsel i Svalbards natur. Både marknadsutviklinga innanfor reiselivet og interessa for klima- og miljøforsking i Arktis talar for vedvarande auke. Behovet for å utvikle alternativ verksemd til gruvedrifta kan forsterke ei slik utvikling.

Sjølv om folketal og næringsaktivitet framleis er lite i høve til Svalbards areal, påverkar lokal verksemd miljøet både gjennom inngrep, forstyrringar og slitasje knytt til ferdsel, og i utslepp til vatn, luft og grunn. Den lokale påverkinga er moderat og særleg knytt til områda kring busetjingane og gruveområda.

Samstundes vert miljøet på Svalbard påverka på meir gjennomgripande måte gjennom klimaendringar. Temperaturane i Arktis har dei siste tiåra stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Havet har blitt varmare, og sjøisen har trekt seg attende. På Svalbard kan ein òg observere rask tilbaketrekking av brefrontane og massetap frå breane. Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør fører med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slike som isbjørn og sel. På lengre sikt er det fare for at fleire arter vil forsvinne frå svalbardområdet. Klimaendringane kan òg skape vanskar for infrastrukturen og påverke forsking og næringsaktivitet.

Miljøvernarbeidet vil i 2016 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard i ein situasjon der både klimaet, verksemdene og vante ferdselsmønster er i endring. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne og sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda sin kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima og tilførsel av forureining og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samtidig skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard. Forvaltningsplanar for dei store verneområda vil framleis ha høg prioritet. Forvaltningsplanen for verneområda på Aust-Svalbard vil bli ferdigstilt hausten 2015. Sysselmannen har starta arbeidet med slike planar for nasjonalparkane.

Arbeidet med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde, er starta opp. Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområda, skal førast vidare. For Ramsar-områda på Svalbard skal det utarbeidast forvaltningsplanar som skal ta omsyn til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

Norsk Polarinstitutt har gjennomført ei ny teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn i 2015. Den nye teljinga kan indikere om det har skjedd drastiske endringar sidan siste teljing i 2004, etter ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat og gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med i bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar. Ein handlingsplan for isbjørn, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, er ferdigstilt i 2013, og arbeidet med å implementere planen har starta opp.

Kulturminneverdiane vert påverka av auka utbygging i busetjingane, ferdsel i terrenget og klimaendringar. Det er særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen.

Miljøvernarbeidet vil òg ha merksemd på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard. Arter forventas å verte direkte påverka av klimaendringane fordi leveområda endrar seg. I tillegg kan det at nye hav- og kystområde vert isfrie og meir tilgjengelege føre til auka ferdsel og anna aktivitet og ei ytterlegare påverking på dyrelivet. Arbeidet med å sjå nærare på ferdsel og konsekvensar for dyrelivet, særleg i og på fjordane på Vest-Spitsbergen er difor starta. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Norsk Polarinstitutt er gitt i oppdrag å vurdere klimaendringane på Svalbard og kva desse vil bety for naturmangfaldet og naturforvaltninga i framtida.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Samstundes er Svalbards rolle og betydning som forskingsplattform for norsk og internasjonal forsking styrkt, ikkje minst når det gjeld klima. Det vil bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set styresmaktene i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Omfanget av søknader etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka, først og fremst som ei følgje av meir forskingsaktivitet og turisme. Auka aktivitet og ferdsel på Svalbard gjer at det òg blir eit større behov for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining, og vern av kulturminne i og utanfor busetjingane.

Svalbards miljøvernfond er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Kvart år tildeler fondet no mellom 10 og 16 mill. kroner til ulike prosjekt etter søknad frå private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenopprette miljøtilstanden. Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.

I perioden 2007–2015 har fondet gitt støtte til 417 prosjekt med ein samla sum på 81,5 mill. kroner. Sysselmannen på Svalbard er sekretariat for fondet, og vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av KLD.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt KLD. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. For 2016 er om lag 96 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over KLDs kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard. Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Det er òg ei viktig oppgåve for Norsk Polarinstitutt å frambringe og leggje til rette for miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltninga på Svalbard og for Sysselmannens fortløpande forvaltning og saksbehandling med omsyn til naturforvaltning.

Instituttet legg vekt på innhenting av kunnskap om arter og bestandar av arter Noreg har eit særskilt forvaltningsansvar for, spesielt haustbare arter, trekkjande arter, raudlistearter som er under reelt press i Svalbards natur, klimasårbare arter og sentrale arter i det marine-terrestre økosystemet knytt til Svalbard. Norsk Polarinstitutt gjennomførte i 2015 ei ny teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn. Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) medverkar til vurderingar av om miljøforvaltninga når måla sine, og gir grunnlag for råd til forvaltninga om behov for tiltak.

Norsk Polarinstitutt produserer fortløpande nye og oppdaterte digitale kart basert på flybileta frå ei ny flyfotografering av Svalbard fullført i 2012. Dei nye karta gjer mellom anna redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg mogleggjer karta betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking.

4.2 Nærings- og fiskeridepartementet

Aktivitet og omstilling på Svalbard

Eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Sjølv om koldrifta har vore kjerneaktivitet og drivkraft i den lokale økonomien, har Longyearbyen fått eit vesentleg meir variert næringsliv dei siste 20 åra. Den største aktiviteten på Svalbard i dag er knytt til bergverksverksdrift, forsking, undervisning, romrelatert verksemd, reiseliv og offentleg verksemd. For å støtte opp om den vidare utviklinga av Longyearbysamfunnet, vil Regjeringa leggje til rette for aktivitet og omstilling innan eksisterande og nye næringar.

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) og Store Norske Boliger AS, og deleigde Pole Position Spitsbergen (55 pst.). Staten eig 100 pst. av aksjane i SNSK. Det heileigde dotterselskapet Store Norske Gull AS blei selt i januar 2015. Ved utgangen av 2014 hadde SNSK-konsernet 356 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta medverkar vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetjing på Svalbard.

Tabell 4.1 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, driftsresultat, årsresultat og produksjon

År

Driftsresultat

Årsresultat

Produksjon kol

2012

-377,9 mill. kr.

-233,6 mill. kr.

1,2 mill. tonn

2013

-76,0 mill. kr.

-64,2 mill. kr.

1,8 mill. tonn

2014

-794,3 mill. kr.

-1 093,1 mill. kr.

1,7 mill. tonn

Stortinget slutta seg 5. februar 2015 til staten sitt mål med eigarskap i SNSK, jf. Meld. St. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap og Innst. 140 S (2014–2015). Staten sitt mål med eigarskapet i Store Norske Spitsbergen Kulkompani er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen blir halde ved lag og utvikla vidare på ein måte som støttar opp under dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. Selskapet skal drivast på forretningsmessig grunnlag, og med sikte på å levere konkurransedyktig avkastning. Staten sitt mål med eigarskapet skal takast vare på gjennom eigarrolla og ikkje ved særskilde føringar frå staten som eigar på den operative verksemda til selskapet. Det er lagt til grunn at omsyn til helse, miljø og tryggleik har høgste prioritet i alle vurderingar knytt til gruvedrifta.

Kolprisen har den seinare tida hatt ein nedovergåande trend og fall sterkt i andre halvdel av 2014 til under 60 USD pr. tonn. Dette utløyste ein akutt økonomisk situasjon for SNSKs dotterselskap SNSG. Store Norske vedtok hausten 2014 å redusere verksemnda. Samstundes starta selskapet ein omfattande prosess for å redusere kostnader.

Som følge av marknadsforholda, kom SNSG i ein krevjande økonomisk situasjon der vidare drift ikkje var mogleg utan tilførsel av likviditet. Selskapet oppmoda i januar 2015 staten som majoritetseigar om å tilføre ny kapital, og Stortinget vedtok 11. juni 2015 å styrkje likviditeten i SNSG med 500 mill. kroner, jf. Prop. 118 S og Innst. 343 S (2014–2015). 295 mill. kroner vart tilført ved at staten kjøpte grunneigedommar og infrastruktur av SNSK-konsernet samstundes som staten gav SNSK eit lån på 205 mill. kroner. Tilførselen av likviditet legg grunnlaget for at det kan drivast ei avgrensa kolverksemd i 2015 og 2016, og at det kan vere mogleg med drift òg etter 2016. Det sistnemnde er m.a. avhengig av om marknadsforholda utviklar seg positivt, om selskapet lukkast med kostnadsreduksjonar og ny finansiering. Samstundes foreslo Regjeringa å innløyse minoritetsaksjonærane i SNSK for å auke fleksibiliteten for staten i den vidare handteringa av eigarskapet i SNSK.

Stortinget slutta seg til forslaget til Regjeringa i juni 2015. Det vart lagt til grunn at løysinga ville gjere det mogleg med minimumsdrift mot utgangen av 2016, men med betydeleg risiko for at kapitalen vil gå tapt i denne perioden.

Marknadsforholda har dei påfølgjande månadene ytterlegare forverra seg for SNSG, og prisforventningane for kol er reduserte. Det er stor risiko for at kolverksemda i SNSG må avviklast innan utgangen av 2016.

Styret i SNSK kom i september 2015 til at det ikkje er økonomisk grunnlag for vidare oppfaring i Lunckefjell-gruva. Med bakgrunn i dette har styret starta ein dialog med eigar om den vidare utviklinga i selskapet, mellom anna knytt til ei mogleg driftskvile i Svea. Regjeringa vil på ein eigna måte komme tilbake til saka.

Kings Bay AS

Kings Bay AS har ansvar for drift og utvikling av infrastrukturen i Ny-Ålesund. Statens mål med eigarskapet i Kings Bay AS er å syte for at Ny-Ålesund kan utviklast vidare som eit norsk senter for internasjonal arktisk naturvitskapleg forsking på Svalbard.

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 20,7 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2016.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Per 31. desember 2014 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet skal særleg ha som mål å yte tenester til – og fremje – forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for norsk og internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli eit norsk senter for internasjonal naturvitskapleg forsking med ein framifrå miljøprofil og eit senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund der forskarar frå mange land kan møtast og drive naturvitskapleg forsking i nært samarbeid. Det skal vere samordning og openheit kring forskinga, jf. NySMAC, SIOS og RiS-databasen. Forskingsstasjonar frå 10 land har etablert seg i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Interessa for marinlaboratoriet i Ny-Ålesund har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg strategisk plassert på randa av Polhavet, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ein viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden, stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Ny-Ålesund-symposiet er med nokre unnatak eit årleg arrangement og vart arrangert for åttande gongen i 2014. Symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring.

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOX, CO2 og partiklar. Kings Bay AS har i dei seinare åra satsa på å utvikle databaserte styringsvertøy for å redusere det totale kraftbehovet. Dette har gitt ein nedgang i kraftbehovet for Ny-Ålesund med om lag 15 pst. Selskapet held fram med dette arbeidet og arbeidet med å reinse utsleppa. Kings Bay har òg ansvar for å vedlikehalde den største samlinga av automatisk freda bygningar i Noreg. Totalt gjeld dette 29 bygningar i Ny-Ålesund.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har DMF ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, mellom anna gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krava som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for DMF:

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.

Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål frå og med 2014:

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar

  • redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineraluttak

  • syte for forsvarlege sikringstiltak

  • styrkje kommunikasjon, kompetansebygging og brukarorientering

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar på Svalbard.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av DMF under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i NFD sin Prop. 1 S (2015–2016).

Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Ved utgangen av 2014 hadde Svalbard Reiselivsråd 62 medlemmer. Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Visit Svalbard AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Visit Svalbard AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2016 er det foreslått å løyve 2,2 mill. kroner til Visit Svalbard AS.

I 2014 vart det registrert 119 088 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen, ein vekst på 11 pst. frå 2013. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Det er registrert vekst gjennom heile året, men spesielt ser ein at satsingsområdet «mørketid», frå oktober til februar, viser positiv utvikling.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadene er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane har det vore eit stort uutnytta potensial, sjå òg pkt. 2.2.3 ovanfor. Visit Svalbard AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar utanfor høgsesongane.

Ein prosess for å få utarbeidd ein masterplan for reiselivsnæringa på Svalbard vart sett i gang ved årsskiftet 2012/2013. Masterplanprosessen «Destinasjon Svalbard 2025» er ferdigstilt og vedteken i Longyearbyen lokalstyre.

Romverksemd

Svalbard har òg ei sentral rolle innan norsk romverksemd. Svalbards geografiske plassering er ideell både for utforsking av atmosfæren og nedlesing av satellittdata. Dette er òg årsaka til at EU har valt å plassere sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus ved Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Norge deltek i begge dei store romprogramma i EU, noko som er med på å sikre gode navigasjonstenester i nordområda og medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, og klima og miljø. Regjeringa foreslår å løyve 368,3 mill. kroner til norsk deltaking i EUs romprogram i 2016.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen. Verksemda ved Svalbard Satelittstasjon er difor ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som bidreg til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat, og det er planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romverksemd og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. I tillegg har EU sine romprogram, Galileo og Copernicus, antenner der. Fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper òg tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for dei norske satellittane AISSAT-1 og 2. AISSAT-1 vart skoten opp i juli 2010 og AISSAT-2 i juli 2014. Desse har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Longyearbyen og Harstad. Kabelen leverer breibandtenester til SvalSat og Longyearbyen i samarbeid med Telenor.

Det krevst særskilte løyver for etablering og drift av jordstasjonar på Svalbard etter regelverk forankra i lov om Svalbard og lov om elektronisk kontroll. Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innanfor forskrifta. Dette regelverket er under revisjon for å gjere det tidsmessig og retta mot framtida. Det tas sikte på å omorganisere og styrke tilsynsaktivitetane.

Stortinget gav i juni 2013, jf. Innst. 367 S. (2012–2013), tilslutnad til at ein ønskjer å vidareføre utnyttinga av dei geografiske fortrinna Svalbard har for romverksemd.

Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i februar 2015.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Forsking og høgre utdanning medverkar til ein vesentleg del av norsk aktivitet og nærvær på Svalbard og er ein av hovudpilarane i norsk svalbardpolitikk. Svalbard er unik i verdssamanheng med svært godt tilgjenge og godt utbygd infrastruktur til å liggje opp mot 80 grader nord. Det er difor attraktivt for forskarar frå mange land å komme til Svalbard for å gjere observasjonar og drive forsking på klima, natur og miljø. I tråd med norsk politikk, og ikkje minst som følgje av Det internasjonale polaråret (IPY 2008/2009), har det difor skjedd ei vesentleg styrking av norsk og internasjonal forsking og høgre utdanning. For Svalbard under eitt har norsk forskingsaktivitet auka meir enn for nokon annan nasjonalitet, medan det i forskingslandsbyen Ny-Ålesund har vore ein sterkare vekst i den internasjonale forskingsverksemda enn den norske. Det er eit mål å styrkje norsk fagleg leiarskap og å få til meir samarbeid og sterkare koordinering mellom forskarar av ulik nasjonalitet. Regjeringa legg vekt på å følgje opp dette gjennom ulike tiltak.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Tabell 4.2 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

År

Tildeling (mill. kr)

Talet på tilsette (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar, såkalla II-stillingar)

Talet på studentar (årsverk)

2005

77,5

52 (20)

126

2006

94,9

49 (20)

113

2007

75,5

62 (22)

145

2008

78,7

70 (28)

127

2009

83,7

73 (29)

119

2010

89,5

74 (27)

120

2011

97,22

69 (28)

150

2012

105,27

84 (28)

160

2013

112,22

99 (34)

175

2014

117,94

106 (38)

190

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet.

UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at utdanningsaktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom studentar og tilsette.

Senteret har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskolane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og over halvparten av studentane er utanlandske. Senteret skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

UNIS medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, i tillegg til koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2014 syner at UNIS kjøpte 49 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS vart tildelt om lag 121,83 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2015. Regjeringa foreslår å løyve om lag 125,36 mill. kroner til UNIS i 2016 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner breitt og omfattar ulike fagdisiplinar. Forskingsrådet sin aktivitet er i hovudsak retta mot Arktis, der om lag 50 pst. av dette igjen er knytt til Svalbard. KD står for over 50 pst. av finansieringa av den samla prosjektportefølja på polarforsking i Forskingsrådet. Det har vore ein sterk auke frå 2013 til 2014. Det skuldast ikkje auke i målretta midlar til polarforsking, men i hovudsak at sentrale program no er i full drift og at norske forskingsmiljø har vist auka interesse for forsking på Svalbard.

Kunnskapsdepartementet (KD) vil føre vidare svalbardsatsinga gjennom Noregs forskingsråd og satsinga vil venteleg bli om lag 75 mill. kroner i 2016. Ein stor del av dette er knytt til polarforskingsprogrammet som starta opp i 2011 og får om lag 50 mill. kroner årleg frå KD, der om lag halvparten av midlane går til svalbardforsking. I tillegg løyver KD midlar til fleire program i Forskingsrådet som støttar polarforsking, inkludert Svalbardforsking.

Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske tema. Det finst òg ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom norske og russiske forskarar på Svalbard. Sidan 2006 har Forskningsrådet stimulert til samarbeid mellom norske og russiske forskarar på Svalbard. Til saman er desse to ordningane på ca. 5 mill. kroner årleg. Noregs forskingsråd har gjennom Svalbard Science Forum (SSF) eit særskilt ansvar for koordinering av og informasjon om forskingsverksemd på øygruppa der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er representerte. SSF er ein viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og vil bli utvikla vidare.

Forskingsrådet har i 2014 vidareutvikla databasen Research in Svalbard (RiS), slik at det no er enklare å få oversikt over den norske og utanlandske forskingsaktiviteten på Svalbard og havområda rundt.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Alle institusjonar på Svalbard med infrastruktur for jordsystemforsking har gjennom eit forprosjekt arbeidd med å etablere grunnlaget for Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Målet er eit breitt samarbeid for deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av relevant forskingsinfrastruktur. I 2014 var forprosjektet avslutta med ei samla tilråding frå konsortiet om etablering, oppgåver og organisering av SIOS. Forskingsrådet vil finansiere eit treårig interimsprosjekt ved UNIS og Norsk polarinstitutt for å førebu sentrale tenester som samarbeidet skal omfatte. Fleire norske og ni utanlandske forskingsinstitusjonar vil delta i arbeidet. Regjeringa vil i løpet av året vurdere om og korleis SIOS bør etablerast som ein organisasjon.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys. Desse er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. På oppdrag frå EISCAT er det Universitetet i Tromsø som driv dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard. Prosjektet, EISCAT-3D, som òg er på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur, arbeider med eit konsept for eit nytt oppgradert radarsamband, men då på fastlandet. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt. Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen, blir finansiert over kap. 19 på svalbardbudsjettet.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettets kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

Tilknyting til telenettet

Svalbard er knytt til telenettet på fastlandet via fiberkabelen som vart etablert i 2004. Kabelen vart primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå satellittstasjonsverksemda på SvalSat, jf. pkt. 4.2. Den erstatta det gamle satellittsambandet og inneber at det òg kan bli tilbydd tenester med stor kapasitet til befolkning, næringsliv og forskingsverksemd i og rundt Longyearbyen.

UNINETT AS har fått tilskot til å leggje ein fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. For å ha ei reserveløysing for den fiberoptiske kabelen ved eventuelle brot i drifta, blei det i 2013 løyvd 30 mill. kroner til å leggje ein ekstra kabel på denne strekninga. Kabelen aukar kapasiteten på overføring av forskingsdata frå Ny-Ålesund til fastlandet og vidare til andre land. Ein slik auke gjer Svalbard meir attraktivt som plattform for norsk og internasjonal forsking. Kabelen er nå lagt.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging; lønstrekk og likning. Etter ordninga med lønstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagt ved likning, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar.

På Svalbard blir løn og pensjon skattlagt etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som t.d. kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagt med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår, jf. pkt. 2.2.2. Med dette som utgangspunkt er det gjort ei rekkje endringar i skattesystemet for Svalbard dei seinare åra.

Som nemnt tidlegare vart dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Mellom anna for å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa, skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (25 pst.) for slike overskot.

Svalbard skattekontor

I samband med at skatteetaten frå 2008 vart organisert i fem regionar, skifta Svalbard likningskontor namn til Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Befolkningsregisteret er administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøvernfond, skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av avgifta til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale under kap. 22 Skattekontoret, Svalbard. Det er foreslått å byte namn på kap. 22 frå Likningsforvaltninga for Svalbard til Skattekontoret, Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi Regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette blei statistikklova for Svalbard innført i 2007. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

Regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner til planlegging av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen i tråd med Nasjonal Transportplan. Kystverket får i oppdrag å vurdere konsept foreslått av Longyearbyen lokalstyre, og greie ut og vurdere andre aktuelle konsept for oppgradering av hamneinfrastrukturen.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barnevernstenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova blir utførte av Sysselmannen med mindre oppgåvene er delegert til representativt folkevalt organ, jf. § 3 i forskrifta. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernlova blir utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2014 blei det refundert 0,16 mill. kroner til tiltak i barnevernet for barn på Svalbard. I tillegg blei det utbetalt 0,77 mill. kroner i 2015, grunna forseinka refusjon av utgifter til tiltak i 2014. Utgiftene er i 2016 budsjetterte til 0,98 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2014 utbetalt barnetrygd til om lag 415 barn busette på Svalbard. I 2016 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 5,5 mill. kroner over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2016 ikkje budsjettert med kontantstøtte for barn busette på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har gjennom Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) ansvar for dei offentlege helsetenestene på Svalbard. Dette inneber at UNN, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetjingane på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. I Barentsburg er det eiga helseteneste, men Longyearbyen sjukehus hjelper til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen sjukehus yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset har vidare tilbod om bedriftshelseteneste. Det blir òg ytt tenester innanfor barne- og ungdomspsykiatri av personell som kjem frå UNN med jamne mellomrom.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Sjukehuset har eit utstrekt samarbeid med UNN om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN.

Øvelse Svalbard var ei nasjonal helseøving i 2014. Øvinga vart gjennomført i november 2014 som ei øving i å unnsetje Svalbard ved skipskatastrofe med mange hardt skadde. Evakuering til fastlandet og evakuering av skadde til UNN Tromsø ved hjelp av ressursar frå Forsvaret og svenske styresmakter var ein del av øvinga. Det vart óg lagt vekt på å øve læringspunkt frå 22.7 2011. Ei lang rekkje verksemder deltok, mellom anna Sysselmannen, lokalstyret, Helse Nord RHF, Fylkesmannen i Troms, Universitetssjukehuset i Tromsø, Forsvaret, Hovedredningssentralen, Longyearbyen Raudekrossen og fleire direktorat og departement. Det er gjennomført ein evalueringskonferanse, og det vil bli laga ein evalueringsrapport.

Den alminnelege helselovgivinga har tidlegare i lita mon vore gjeldande for Svalbard. Helsemessige forhold på Svalbard har i hovudsak vore regulerte av ei føresegn frå 1928 om læge- og sundhetsforholdene på Svalbard. For Jan Mayen har ein ikkje hatt tilsvarande regulering. Samfunnsforholda på Svalbard har gjennomgått store endringar, og Longyearbyen har vorte meir lik lokalsamfunn på det norske fastlandet. Mellom anna i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard er det uttalt at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt det som gjeld på fastlandet, med mindre særlege forhold taler mot lik regulering. Ulike forhold, mellom anna av praktisk og administrativ karakter, kan likevel innebere at ikkje alt regelverk kan eller bør gjerast gjeldande, eller at det må gjerast tilpassingar.

Som følgje av behov for større grad av lovregulering for Svalbard på helseområdet, mellom anna når det gjeld regulering av helsepersonell si yrkesutøving, fastsette Helse- og omsorgsdepartementet 22. juni 2015 føresegn om at ei rekkje helselover og –føresegner skal gjerast heilt eller delvis gjeldande for Svalbard og Jan Mayen. Arbeidet med føresegna har skjedd i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Føresegna tek til å gjelde frå 1. oktober 2015.

Hovudformålet med føresegna er å modernisere helselovgivinga for Svalbard og Jan Mayen, og å leggje reguleringa tettare opp til fastlandslovgivinga. Føresegna inneber i stor grad ei lovfesting av allereie gjeldande praksis. Etter føresegna skal mellom anna helsepersonellova, helsetilsynslova, smittevernlova, helseberedskapslova og matlova gjelde heilt eller delvis for Svalbard og nokre av dei også for Jan Mayen. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med helsepersonell og helseteneste på Svalbard. Tilsyn etter matlova og kosmetikklova er lagt til Mattilsynet. Formålet med føresegna har ikkje vore å innføre nye typar tenester eller rettigheitslovgiving. Mellom anna helse- og omsorgstenestelova og pasientrettslova er difor haldne utanfor føresegna. Dette har samanheng med at Svalbard ikkje skal vere eit livsløpssamfunn og at det difor ikkje blir ytt omsorgstenester der, og vidare at helsetenesta på Svalbard ikkje er organisert på same måten som på fastlandet. Utlendingslova gjeld dessutan ikkje for Svalbard, i vurderinga av om det skal innførast rett til helsetenester.

Det har vore naudsynt med nokre mindre lovendringar for å få heimel i alle dei aktuelle lovene. Helse- og omsorgsdepartementet fremja difor 12. april 2014 Prop. 71 L (2013–2014) Oppheving av lov om tilvirkning og omsetning av alkoholholdige drikkevarer på Svalbard og endringar i helsetilsynslova, legemiddellova og lov om medisinsk utstyr. Det vart her foreslått å endre dei nemnde lovene slik at det ved føresegn kan fastsetjast at lov og føresegner i medhald av lova, heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen. Stortinget slutta seg til desse lovendringane, sjå Innst. 202 L (2013–2014) og Lovvedtak 73 (2013–2014).

4.8 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen. Frå og med 2016 vert sysselmannsgården, post- og bankbygget, nokre lagerbygg og bustadane foreslått innlemma i husleigeordninga i statsbudsjettet på kap. 2445 Statsbygg . Dei andre eigedomane som frå før er innlemma i husleigeordninga, er Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannen sitt administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

Dette vil bidra til å gi meir fleksibilitet i Statsbygg si forvaltning av bygningsmassen og kunne bidra til ta igjen noko av vedlikehaldsetterslepet i den statlege bygningsmassen på Svalbard.

4.9 Kulturdepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard. Alle dei som ønskjer det kan ha tilgang til Svalbard kyrkje som er døgnopen året rundt.

I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved Universitetet på Svalbard (UNIS). Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russisk-ortodokse kyrkja. Soknepresten i Svalbard kyrkje besøkjer òg Barentsburg ved ulike høve.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av ansatte og frivillige. Kyrkja har kultur som eit av satsingområda. Trusopplæring er eit anna satsingsområde. Kyrkja har ulike tiltak for barn og unge. Her kan nemnast babysong, der deltakinga er meir enn dobla frå 2012. I trusopplæringa er vern av klima og miljø naturlege tema.

Teljingar syner at talet på arrangement og besøk har vore aukande sidan 2006 og no har stabiliert seg på eit høgt nivå:

Aktiviteter

2006

2013

2014

Forordna gudstenester

51

53

50

Gjenomsnittleg deltakartal per gudsteneste

53

60

65

Tal på andre gudstenester

9

58

54

Tal på kulturarrangement

8

31

26

Besøkstal

*

25 291

26 066

* Teljinga tok til i 2009 med 13 123 besøkande.

Peisestova i kyrkja er driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar. I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Svalbard Museum

Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettets kap. 0004 Svalbard Museum vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard museum får i forslaget til statsbudsjett for 2016 ei løyving på 1,78 mill. kroner over Det nasjonale museumsnettverket.

Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum opna ein ny formidlingsarena, kalla Kunsthall Svalbard, på Svalbard i 2015. Den nye formidlingsarenaen er lokalisert saman med Svalbard Museum.

Anna tilskot

På Kulturdepartementets budsjett for 2016 er det sett av 159 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare vert det over kap. 326, post 80 Tilskot til tiltak under Nasjonalbiblioteket, gitt tilskot til bibliotekteneste på Svalbard. Nasjonalbiblioteket forvaltar tilskotet og storleiken blir fastsett på eit seinare tidspunkt. LL yter tilskot til drifta og har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek.

Svalbardposten får mediestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før oktober same året. Svalbardposten fekk 472 000 kroner i produksjonstilskot i 2014.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2016

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2014, vedteke budsjett for 2015 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2016. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Utgifter

450 736

417 892

450 905

Inntekter

-1 057 505

134 227

148 024

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

0001

Svalbard kyrkje

4 320

4 544

4 680

3,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

193 041

142 210

158 395

11,4

0004

Tilskot til Svalbard Museum

11 200

11 600

11 924

2,8

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

45 871

49 385

52 478

6,3

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

155 366

170 565

193 640

13,5

0007

Tilfeldige utgifter

2 662

1 600

1 500

-6,3

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 628

1 865

1 917

2,8

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 528

1 600

1 645

2,8

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

3 230

3 340

3 432

2,8

0018

Navigasjonsinnretningar

4 000

6 500

6 700

3,1

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 968

7 050

7 098

0,7

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

16 794

14 113

3 811

-73,0

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

3 127

3 520

3 685

4,7

Sum kategori 06.80

450 735

417 892

450 905

7,9

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-23

Driftsutgifter

236 490

256 942

275 654

7,3

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

4 113

2 200

0

-

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

3 230

3 340

3 432

2,8

70-89

Overføringar til private

206 903

155 410

171 819

10,6

Sum under departementet

450 736

417 892

450 905

7,9

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

4 869

2 900

2 900

-

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

362

0

0

-

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

330

0

0

-

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

5 736

5 020

0

-

3022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

270

280

280

-

3030

Skattar og avgifter

-1 069 072

126 027

144 844

14,9

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

1 512 234

283 665

302 881

6,8

Sum kategori 06.80

454 729

417 892

450 905

7,9

Til toppen
Til forsida av dokumentet