Prop. 110 S (2015–2016)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp tre nye investeringsprosjekt og å orientere Stortinget om eit anna prosjekt.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Ørland – nytt forsyningslager for F-35, Ørland – kjøp av Hårberg skule frå Ørland kommune og Ørland – nye forlegningar for befal og verva.

  • Sak til informasjon: Logistikkprosjektet i LOS-programmet.