Prop. 110 S (2018–2019)

Nokre saker om veg, jernbane og post

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdseldepartementet legg i denne proposisjonen fram nokre saker som gjeld vegformål, jernbaneformål og oppfølging av eit oppmodingsvedtak om posttenester. Det blir fremma forslag om kostnadsrammer i tre vegprosjekt og to jernbaneprosjekt. Det blir òg fremma forslag om vedtak om å forlenge bompengeinnkrevjinga i fase 1 av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen.