Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2015 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2015:

  • Overgangsreglane for uføre blir utvida slik at skattefrådraget kompenserer nedgang i inntekt etter skatt over 4 000 kroner. Forskrifta blir endra med verknad frå inntektsåret 2015. Endringa er anslått å gi eit provenytap på om lag 70 mill. kroner påløpt og 56 mill. kroner bokført i 2015.

  • Vedtaket om miljøavgift på plastposar og papirposar blir oppheva. Forslaget gir eit provenytap på om lag 1 mrd. kroner påløpt og bokført i 2015.

  • Vedtaket om vegbruksavgift på naturgass og LPG blir oppheva. Forslaget gir eit provenytap på om lag 45 mill. kroner påløpt og 38 mill. kroner bokført i 2015.

  • Stortinget sitt oppmodingsvedtak frå behandlinga av budsjettet for 2015 om avgiftslette for biodrivstoff blir ikkje følgt opp i Revidert nasjonalbudsjett 2015. Auken i omsetningspåbodet for biodrivstoff frå 3,5 pst. til 5,5 pst. blir notifisert til ESA, men ikkje sett i verk frå 1. juli 2015. Dette gir ein samla auke i provenyet på om lag 305 mill. kroner påløpt og 255 mill. kroner bokført i 2015.

  • CO2-avgifta på autodiesel blir auka med 0,46 kroner per liter, medan vegbruksavgifta på autodiesel blir redusert tilsvarande frå 1. juli 2015. Samstundes blir vegbruksavgifta på biodiesel redusert med 0,23 kroner per liter. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 21 mill. kroner bokført i 2015.

  • CO2-avgifta på gass blir auka med 0,15 kroner per Sm3 for naturgass og med 0,22 kroner per kg for LPG frå 1. juli 2015. Forslaget er anslått å gi eit auka proveny på om lag 16 mill. kroner påløpt og 13 mill. kroner bokført i 2015 når kompensasjonar på utgiftssida er trekte frå.

  • Det blir innført fritak for CO2-avgift for innhald av hydrogen i naturgass og LPG frå 1. juli 2015. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 5,5 mill. kroner påløpt og 4,5 mill. kroner bokført i 2015.

  • Avgifta på elektrisk kraft blir auka med 0,5 øre per kWh frå 1. juli 2015. Forslaget er anslått å gi eit auka proveny på om lag 150 mill. kroner påløpt og 75 mill. kroner bokført i 2015.

  • Fritaket for meirverdiavgift for leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar blir sett i verk frå 1. juli 2015. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 40 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført i 2015.

Forslaga til endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 715 mill. kroner påløpt og om lag 800 mill. kroner bokført i 2015 samanlikna med saldert budsjett for 2015.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Unntaksføresegn i grunnrenteskatten for eigenproduksjon i industrien blir endra med verknad frå og med inntektsåret 2016.

  • Vindkraftanlegg blir avskrivne med 20 pst. årleg over fem år. Nødvendige lovendringar blir sett i verk etter at ESA har godkjent ordninga.

  • Det blir gitt frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar med verknad frå og med inntektsåret 2015.

  • Moglegheita til å gi forskrifter om konserninterne overføringar over landegrensene blir utvida med verknad frå og med inntektsåret 2015.

  • Ordninga med oljeskattenemnd ved likninga av petroleumsselskapa i første instans blir fjerna, og oppgåva blir overført til Oljeskattekontoret. Endringane får verknad frå og med 1. juli 2015.

  • Forvaltning av særavgifter for registrerte særavgiftspliktige verksemder blir overført frå Toll- og avgiftsetaten til Skatteetaten frå 1. januar 2016.

  • Innkrevjing av toll, særavgifter og innførselsmeirverdiavgift blir overført frå tollregionane til skattekontoret frå 1. januar 2016.

  • Fagleg ansvar for dokumentavgifta og handsaming av klagesaker blir overført frå Toll- og avgiftsdirektoratet til Skatteetaten frå 2016.

  • Skatteoppkrevjarfunksjonen blir overført frå kommunane til skatteetaten med verknad frå 1. januar 2016.

  • Opplysningar om individuelle pensjonsavtaler etter skattelova, individuelle pensjonsavtaler etter lov om individuell pensjonsordning og eingongsutbetalingar etter innskottpensjonslova skal rapporterast etter ordninga i a-opplysningslova. Endringa får verknad frå 1. januar 2016.

  • Nytt regelverk kor det blir stilt krav til kassasystem blir innført frå 2017.

  • Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.

I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:

  • lov om endring i lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

  • lov om endringar i lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter (særavgiftsloven)

  • lov om endringar lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter (motorkjøretøy- og båtavgiftsloven)

  • lov om endring i lov 18. juni 1965 nr. 4 om veitrafikk (veitrafikkloven)

  • lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

  • lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)

  • lov om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltningen (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr

  • lov om endringar i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven)

  • lov om endring i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (Svalbardskatteloven)

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven)

  • lov om endringar i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring (bokføringsloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

  • lov om endring i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg

  • lov om endring i lov 22. juni 2012 nr. 43 arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningsloven)

  • lov om endringar i lov 19. desember 2014 nr. 77

  • lov om krav til kassasystem (kassasystemlova)

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak 15. desember 2014 om CO2-avgift på mineralske produkter for budsjettåret 2015

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 15. desember 2014 om avgift på elektrisk kraft for budsjettåret 2015

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 15. desember 2014 om miljøavgift på plastposer og papirposer for budsjettåret 2015

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak 15. desember 2014 om veibruksavgift på drivstoff for budsjettåret 2015

Til forsida