Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Verksemdsvurdering av skogbruk – overgangsregel

10.1 Innleiing og samandrag

Tidlegare blei skog med ein årleg tilvekst ned til 3–5 m3 å rekne som verksemd («skogbruk») i samband med skatt. Frå 2016 er dette endra. Om skog blir å rekne som verksemd, skal no vurderast ut i frå dei elles gjeldande reglane for klassifisering av verksemd i skatteretten.

Inntekt frå skog som ikkje er verksemd, skal ikkje gjennomsnittsliknast. For skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne som verksemd, er det gjeve overgangsreglar. Etter desse overgangsreglane vil skogeigar som er skattlagt for høgare inntekt frå dei fire siste åra gjennom gjennomsnittslikninga enn det som er reell inntekt frå den same perioden («inntektsoverheng») eller for lågare inntekt («inntektsunderheng»), få inntektsoverheng til frådrag eller inntektsunderheng til inntekt i året etter siste året med gjennomsnittslikning.

Departementet gjer framlegg om å endre overgangsordninga for skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, slik at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto.

Framlegget inneber ein ny regel i skattelova § 14-81 sjette ledd nytt femte punktum.

10.2 Vurderingar og forslag

Overgangsordninga for skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, kan få utslag for einskilde skogeigarar som er mindre gunstig enn det som følgde av dei reglane som gjaldt då skogsdrifta fann stad. Departementet gjer derfor framlegg om å erstatte gjeldande overgangsordning med ei ny.

For gjennomsnittsunderheng blir det foreslått at skattytar kan velje om dette heilt eller delvis skal vere eit inntektstillegg i året etter siste året med gjennomsnittslikning, eller om gjennomsnittsunderhenget skal førast på vinst- og tapskonto, jf. skattelova § 14-45. Vel skattytar å føre underhenget på vinst- og tapskonto, blir det 20 pst. skattlegging av saldoen ved årets slutt. Det gir ei utsetjing av skattlegginga samanlikna med den vedtekne overgangsordninga, som fastset at underheng skal takast til inntekt fullt ut året etter siste året med gjennomsnittslikning.

Gjennomsnittsoverheng skal framleis vere eit inntektsfrådrag for året etter siste året med gjennomsnittslikning, med vanleg rett til å føre underskot til frådrag i seinare år når skattytar ikkje har tilstrekkeleg inntekt til å nytte frådraget det same inntektsåret.

Departementet sendte 4. mars 2016 på høyring eit framlegg om endringar i skattlegginga av landbruket. Eit av forslaga er å fjerne ordninga med gjennomsnittslikning for skogbruk, og erstatte ho med ei ordning der årets overskot kan førast på ein tømmerkonto etter same mønster som vinst- og tapskonto.

Departementet viser til forslag til ny regel i skattelova § 14-81 sjette ledd nytt femte punktum.

10.3 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.

10.4 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa i skattelova tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2016.

Til toppen
Til forsida av dokumentet