Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Endring av produktavgifta i fiskerinæringa

Av næringsinntekt skal det normalt svarast 11,4 pst. trygdeavgift, medan satsen er 8,2 pst. for lønnsinntekt. Næringsdrivande i fiskerinæringa betaler òg 8,2 pst. trygdeavgift. Mellomlegget opp til 11,4 pst. blir dekt av ei særskilt produktavgift. Produktavgifta skal, forutan å dekkje mellomlegget i trygdeavgifta, òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. Det skal svarast produktavgift av all fangst frå norskregistrerte fartøy. I statsbudsjettet for 2016 blei det vedteke å setje produktavgifta til 2,7 pst. for 2016.

Produktavgifta blir rekna ut på bakgrunn av innhenta prognosar for kommande års førstehandsverdi av all fangst, om lag 4–5 månader før kalenderåret starter. Uvisse i prognosane gjer det vanskeleg å fastsetje ein riktig sats. Ved endring i grunnlaget for utrekninga kan det vere aktuelt å endre avgiftssatsen i samband med Revidert nasjonalbudsjett. I brev av 30. april 2016 tilrår Nærings- og fiskeridepartementet at satsen blir justert ned til 2,5 pst. frå og med 1. juli 2016. Tilrådinga er basert på reviderte anslag for førstehandsverdien og pensjonsgjevande inntekt samt forventa utgifter i ordningane som produktavgifta er meint å dekkje. Den foreslegne reduksjonen i produktavgifta med 0,2 prosenteiningar har samanheng med at utbetalingane til dagpengar er forventa å gå ned, og at ein reknar med at førstehandsverdien av den samla fangsten i 2016 vil auke.

Departementet foreslår derfor å redusere produktavgifta til 2,5 pst. frå 1. juli 2016, i tråd med forslag og berekningar frå Nærings- og fiskeridepartementet. I tabell 11.1 er prognosane som ligg til grunn for forslaget, oppgjevne.

Departementet viser til forslag til vedtak om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa for 2016.

Tabell 11.1 Anslag som ligg til grunn for forslag om produktavgift for 2. halvår 2016. Mill. kroner

2016

Førstehandsverde som det skal betalast produktavgift av

15 562,0

Pensjonsgjevande inntekt

5 997,0

Differanse trygdeavgift (3,2 pst. av inntekt)

191,9

Yrkesskadetrygd (0,2 pst. av inntekt)

12,0

Dagpengar ved arbeidsløyse

75,0

Kollektiv tilleggstrygd for sjukepengar

114,0

Sum utgifter

392,9

Til forsida