Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

13 Innføring av maksimumssats på to promille ved første gongs utskriving av eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader

13.1 Innleiing og samandrag

I eigedomsskattelova er det sett grenser for kor høg skattesatsen kan vere første året kommunen skriv ut eigedomsskatt. Slik regelen blir tolka, er det ikkje rekna som første gongs utskriving når kommunen skiftar utskrivingsalternativ og dette medfører at nye typar eigedom blir omfatta av eigedomsskattegrunnlaget. Til dømes gjeld dette når kommunen går over frå å skrive ut eigedomsskatt på «verk og bruk» til å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen. Særleg for eigarar av bustader og fritidsbustader kan dette gi ei brå økonomisk belasting. Departementet gjer framlegg om at den lågaste skattesatsen på to promille må nyttast for bustader og fritidsbustader første året det blir skrive ut eigedomsskatt på slik eigedom, òg ved overgang til nytt utskrivingsalternativ.

Forslaget fører til ei endring i eigedomsskattelova § 13.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå og med skatteåret 2017.

13.2 Gjeldande rett

Eigedomsskattelova § 13 første ledd, første punktum fastset at skattesatsen skal vere to promille det første året kommunen skriv ut eigedomsskatt. Seinare år kan satsen aukast med inntil to promille til ein når maksimum på sju promille. Det blir ikkje rekna for første gongs utskriving dersom kommunen allereie skriv ut eigedomsskatt, men går over til eit anna utskrivingsalternativ som gjer at nye eigedomar kjem til. Eigedomsskattelova § 13 andre ledd fastset at kommunen kan nytte same sats som tidlegare òg i område som kjem til som følgje av ei utviding av kommunegrensene.

I Ot.prp. nr. 77 (2005–2006) heiter det i pkt. 14.4.4.3:

«Departementet har lagt til grunn at det ikkje vert rekna som slik første gongs utskriving når kommunen utvidar området for eigedomsskatten. Eit døme på dette er når kommunen tidlegare berre har skreve ut eigedomsskatt i einskilde delar av kommunen, men seinare vel å skrive ut eigedomsskatt også på nye område som har utvikla seg til å vera utbygd på byvis. Departementet legg difor til grunn at kommunane vil kunne nytte same skattesats på dei eigedomane som kjem til som følgje av at alternativet med å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen vert nytta. Dette er også i samsvar med prinsippet i siste ledd i § 13, som fastsett at kommunen kan bruke same skattesats også i område som kjem til gjennom ei utviding av kommunegrensene. Departementet ser difor ikkje behov for å fastsette nokon særskild overgangsregel om dette.
Om kommunen til dømes skriv ut eigedomsskatt med høgaste sats i dag, jf. eigedomsskattelova § 11, vil det og gjelde eigedom i det nye geografiske verkeområdet, dersom kommunen vel å ta dette nye verkeområdet inn i skatteutskrivinga. Generelt lågare sats kan likevel veljast om kommunen skulle finne det ønskjeleg i samband med val av utvida verkeområde.»

Når ein kommune etter eit opphald i utskriving skal skrive ut eigedomsskatt på nytt, blir det rekna som første gongs utskriving sjølv om kommunen har skrive ut eigedomsskatt tidlegare. Dette gjeld uavhengig av om opphaldet i utskrivinga er kortvarig eller langvarig.

13.3 Vurderingar og forslag

Den høgaste skattesatsen som kan nyttast ved utskriving av eigedomsskatt er sju promille. Etter gjeldande rett kan kommunen gi bustader og fritidseigedom eigedomsskatt med opptil sju promille første gong det blir skriven ut skatt på dei dersom kommunen allereie nyttar slik sats på annan eigedom. Slik reglane er i dag, er ikkje eigarane av bustad- og fritidseigedomar sikra ei gradvis opptrapping av eigedomsskatten når kommunen allereie skriv ut eigedomsskatt. Departementet gjer framlegg om at den lågaste skattesatsen skal nyttast første gong det blir skriven ut eigedomsskatt på slik eigedom som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ. Seinare kan satsen aukast med inntil to promille kvart år, inntil maksimum sju promille.

Skifte av utskrivingsalternativ kan òg skje frå eit alternativ som omfattar bustad- og fritidseigedom, jf. utskrivingsalternativa som inneber eigedomsskatt i bymessige strøk mv. I slike høve vil det ikkje bli rekna som første gong kommunen skriv ut eigedomsskatt på bustad- og fritidseigedom.

Departementet viser til forslag til endring i eigedomsskattelova § 13.

13.4 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at endringa ikkje vil medføre administrativt meirarbeid for kommunane.

Forslaget vil kunne få verknad for kommunar som allereie har eigedomsskatt, men ikkje på bustad- og fritidseigedom. I 2016 gjeld dette om lag 98 av 362 kommunar med eigedomsskatt. Isolert sett vil forslaget redusere dei potensielle inntektene frå eigedomsskatten for kommunar som utvidar eigedomsskattegrunnlaget. Inntektsbortfallet gjeld berre dei første åra inntil ein innanfor lovens rammer har auka satsen til det maksimale. Det vil òg vere slik at kommunane ved bruk av botnfrådrag kan regulere storleiken på utlikna eigedomsskatt. Departementet har ikkje grunnlag for å seie noko meir presist om kor mange kommunar som blir råka av endringa, eller dei økonomiske konsekvensane for den einskilde kommunen eller samla for alle kommunar.

13.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

Til forsida