Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

15 Endra frist for å betale lønnstrekk på Svalbard

15.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg fram forslag om å endre fristen for å betale lønnstrekk på Svalbard. Forslaget fører med seg at arbeidsgjevarar som gjennomfører lønnstrekk for å dekke skatten til arbeidstakarar på Svalbard, skal betale trekket inn til staten seks gangar i året, nærare bestemt den femtande i månaden etter kvar tomånadlege termin. Forslaget gjer at fristen for å betale lønnstrekk på Svalbard blir den same som fristen for å betale vanleg forskotstrekk. Etter gjeldande føresegner skal arbeidsgjevarar betale lønnstrekk to gangar i året, kvar 1. august for terminen frå 1. januar til 30. juni og 1. februar i året etter inntektsåret for terminen frå 1. juli til 31. desember.

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde 1. januar 2017 med verknad for terminar som startar denne dagen og seinare.

Forslaget fører til ei endring i skattebetalingslova § 10-11.

15.2 Bakgrunn og gjeldande rett

Arbeidsgjevarar skal gjennomføre lønnstrekk til dekning av skatten på arbeidstakarane si inntekt på Svalbard, jf. Svalbardskattelova § 5-2. Lønnstrekket forfell til betaling to gangar i året. For terminen frå 1. januar til 30. juni er forfallsfristen 1. august. For terminen frå 1. juli til 31. desember er forfallsfristen 1. februar i året etter inntektsåret, jf. skattebetalingslova § 10-11 første og andre punktum. Forfallsføresegnene som gjeld for Svalbard skil seg dermed frå forfallsføresegnene for vanleg forskotstrekk på fastlandet som forfell til betaling den femtande i månaden etter kvar tomånadlege termin, jf. skattebetalingslova § 10-10 første ledd.

Arbeidsgjevarane skal rapportere inn lønnstrekket på Svalbard til skattestyresmaktene på månadleg basis etter føresegnene i a-opplysningslova § 4, jf. § 3 bokstav e. A-opplysningslova har ei ordning der arbeidsgjevarar rapporterer inntektsopplysningar m.m. til éin mottakssentral som tre offentlege etatar, Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk Sentralbyrå, kan hente opplysning frå, jf. a-opplysningslova § 8. Rapportering av lønnstrekk på Svalbard skjer ved at opplysningane om trekket er med i ein samla sum for vanleg forskotstrekk og lønnstrekk som blir rapportert inn etter føresegnene i a-opplysningslova (ved levering av a-melding).

På bakgrunn av summen av forskotstrekk og lønnstrekk i a-meldinga, blir det i Skatteetaten sitt skatteregnskapssystem SOFIE (Skatt, oppfølging, forvaltning, innkrevjing og ettersyn) oppretta eit samla krav som forfell til betaling etter føresegnene for vanleg forskotstrekk. Dette inneber med andre ord at datasystemet SOFIE opprettar eitt krav som inkluderer både forskotstrekk og lønnstrekk, sjølv om lønnstrekket etter skattebetalingslova ikkje forfell til betaling før ein månad etter den halvårlege terminen. Til dømes opprettar SOFIE krav med forfall 15. mars, 15. mai, 15. juni som inkluderer lønnstrekk for januar-februar, mars-april og mai-juni, trass i at lønnstrekk for desse periodane ikkje forfell til betaling før 1. august.

Arbeidsgjevarar som ikkje ønskjer å gjere opp lønnstrekket på Svalbard før forfallsfristen i lova, kan la vere å betale den delen av det samla trekket som lønnstrekket utgjer. I så fall oppstår det feilaktig i SOFIE eit udekt krav tilsvarande det tilbakehaldne beløpet. Dette har uheldige konsekvensar både for arbeidsgjevarane og skattestyresmaktene.

For arbeidsgjevarane fører det mellom anna til at dersom dei i tidsrommet frå restkravet oppstår til kravet blir betalt eller til fristdagen kjem, ber om skatteattest, vil denne attesten ha opplysningar om skyldig skatt som ikkje har forfalle til betaling. For å hindre dette må skattestyresmaktene på si side etablere eit nytt krav for lønnstrekk på det resterande beløpet. Kravet får forfallsdato tilsvarande forfallsfristen for lønnstrekk. Skattestyresmaktene må opprette kravet manuelt for kvar enkelt arbeidsgjevar etter kvart einaste forfall for vanleg lønnstrekk (kvar tomånadlege termin), noko som er ressurskrevjande. Dersom dei opplysningspliktige arbeidsgjevarane gjer endringar i opplysningar som allereie er levert, vil dette ofte føre med seg endringar i høvet mellom vanleg forskotstrekk og lønnstrekk. Den manuelle opprettinga av krav må i så fall skje oftare enn ved kvart forfall.

15.3 Høyringa

Departementet sende 30. september 2015 på høyring eit forslag om at å endre fristen for å betale inn lønnstrekk på Svalbard slik at han blir samanfallande med fristen som gjeld for å betale vanleg forskotstrekk på fastlandet. Saka blei send til 102 høyringsinstansar, mellom anna ulike departement, direktorat, organisasjonar, lønnstenesteleverandørar og arbeidsgjevarar på Svalbard.

Følgjande høyringsinstansar har kome med merknader til forslaget:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Huldt & Lillevik AS

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Skattedirektoratet

Alle desse instansane er positive til forslaget.

Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Utanriksdepartementet har uttalt at dei ikkje har nokre merknader i saka. Statistisk Sentralbyrå har sagt at dei ikkje har synspunkt ettersom forslaget ikkje har verknader for statistikkproduksjonen. Landsorganisasjonen i Norge har opplyst at dei ikkje uttaler seg i saka.

15.4 Vurderingar og forslag

Departementet meiner at ein kan løyse dei problema som dei forskjellige fristane for forfall for vanleg forskotstrekk og lønnstrekk på Svalbard skapar for arbeidsgjevarane og skattestyresmaktene, på fleire måtar.

Eit alternativ er å gjere endringar i Skatteetatens datasystem SOFIE og datasystema som arbeidsgjevarane brukar når dei rapporterer opplysningar etter a-opplysningslova.

Dette kan for det første skje ved at ein endrar SOFIE slik at dette systemet etablerer eitt krav for forskotstrekk med vanleg terminforfall og eitt krav for lønnstrekk med forfall for lønnstrekk. For dei opplysningspliktige som betaler heile summen (både forskotstrekk og lønnstrekk) ved forfallsfristen for forskotstrekk, kan SOFIE føre beløpet mot begge krava. Denne løysinga krev at arbeidsgjevarane gjer tilpassingar i datasystema sine slik at dei kan rapportere vanleg forskotstrekk og lønnstrekk kvar for seg.

For det andre kan ein endre SOFIE slik at dette systemet etablerer eitt krav for forskotstrekk med vanleg terminforfall og eit krav med forfall for lønnstrekk ut frå ei sumering av det forskotstrekket og lønnstrekket arbeidsgjevarane har rapportert inn for kvar enkelt arbeidstakar. Da legg ein den rapporteringa som skjer på personnivå til grunn når ein reknar ut krava, ikkje dei samla rapporterte beløpa for forskotstrekk og lønnstrekk.

I SOFIE er det i dag ikkje lagt til rette for nokre av desse løysingane. Begge løysingane vil derfor føre til utviklingskostnader for Skatteetaten. Den første løysinga vil òg gi arbeidsgjevarane kostnader fordi dei må endre datasystema sine.

Eit anna alternativ er å samordne forfallstidspunkta for lønnstrekk på Svalbard med forfallstidspunkta for vanleg forskotstrekk på fastlandet, slik at det blir seks årlege forfall òg for lønnstrekket. For arbeidsgjevarane fører dette til at ein må betale lønnstrekket seks gonger i året i staden for to. Statistikk frå tida etter at føresegnene om rapportering av lønnstrekk etter a-opplysningslova trådde i kraft, viser likevel at mange arbeidsgjevarar allereie i dag betaler både forskotstrekk og lønnstrekk ved forfallstidspunktet for forskotstrekk. Til dømes var det etter tredje termin i 2015 ca. 150 arbeidsgjevarar som hadde rapportert inn lønnstrekk på personnivå i a-meldinga. Betalingsmønsteret frå dei tre første terminane i 2015 viser at om lag ein av fire konsekvent har betalt lønnstrekket saman med vanleg forskotstrekk.

I høyringa 30. september 2015 gjekk departementet inn for å løyse dei problema som dei forskjellige forfallsfristane for vanleg forskotstrekk og lønnstrekk på Svalbard skaper, ved at fristen for lønnstrekk blir den same som den som gjeld for forskotstrekk. Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om saka, er positive til forslaget, og departementet legg forslaget fram for Stortinget utan endringar frå då det blei send på høyring.

Arbeidsgjevarane skal allereie i dag setje lønnstrekket på skattetrekkskonto etter svalbardskattelova § 5-2 fjerde ledd, jf. skattebetalingslova § 5-12 tredje ledd, og som tidlegare nemnd skal dei rapportere opplysningar om lønnstrekket i a-meldinga på månadleg basis. Departementet går derfor ut frå at det i praksis ikkje vil føre til økte administrative kostnader av særleg omfang for arbeidsgjevarane at dei etter lova må betale inn lønnstrekket oftare enn i dag. Den særskilde ordninga på Svalbard med betaling i halvårlege terminar har vore gjeldande sidan den tidligare svalbardskattelova blei vedteke i 1925. Med den moderne betalingsteknologien ein har i dag, er det ikkje det same behovet for særlege betalingsføresegner som det det var tidlegare.

For arbeidsgjevarar som både skal betale lønnstrekk på Svalbard og vanleg forskotstrekk, er forslaget ei enklare ordning i og med at dei får berre eitt sett med føresegner om forfallsfristar å halde seg til.

For skattestyresmaktene har forslaget den fordelen at dei slepp å opprette nye krav på betaling av lønnstrekk ved kvart einaste forfall for forskotstrekk. Det blir heller ikkje nødvendig å gjere endringar i datasystema til Skatteetaten og arbeidsgjevarane.

Departementet foreslår at ein gjennomfører lovendringa ved at skattebetalingslova § 10-11 første punktum før følgjande ordlyd: «For betaling av lønnstrekk av inntekt på Svalbard gjelder § 10-10 tilsvarende.»

Som følgje av forslaget er det etter departementet sitt syn ikkje lenger nødvendig med ei særleg føresegn i § 10-11 tredje punktum om at arbeidsgjevarar skal betale lønnstrekk når verksemda på Svalbard tek slutt eller aktiviteten der sluttar på annan måte.

15.5 Økonomiske og administrative følgjer

Forslaget har ikkje provenymessige følgjer.

For arbeidsgjevarar fører forslaget til at dei må betale lønnstrekk seks gangar i året i staden for to. Dette vil gi økte administrative kostnader. Arbeidsgjevarane kan likevel betale lønnstrekket samstundes som dei leverer a-meldinga som ein allereie i dag skal sende inn kvar månad. Betalingsmønsteret syner dessutan at mange arbeidsgjevarar allereie i dag betaler lønnstrekket ved terminforfallet for vanleg forskotstrekk. Samla sett er det derfor grunn til å tru at forslaget berre vil ha små administrative følgjer for arbeidsgjevarane.

For skattestyresmaktene fører forslaget til reduserte kostnader i og med at dei ikkje treng å etablere nye krav på innbetaling av lønnstrekk for dei arbeidsgjevarane som ikkje betaler lønnstrekk annankvar månad. Dette arbeidet må ein i dag gjera manuelt. Det er rett nok ikkje mange arbeidsgjevarar ein må etablere slike nye krav for, men arbeidet er likevel ressurskrevjande i dei høva det gjeld. Forslaget fører òg med seg at styresmaktene slepp kostnadene ved å endre datasystemet SOFIE slik at det på bakgrunn av a-meldinga blir etablert eit krav på vanleg forskotstrekk og eit krav på lønnstrekk til Svalbard. Denne endringa kunne òg ført til utviklingskostnader for arbeidsgjevarane.

15.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde 1. januar 2017 med verknad for terminar som startar denne dagen og seinare. Terminen frå 1. juli 2016 til 31. desember 2016 har dermed forfallsfrist 15. februar 2017 etter dei noverande reglene, medan terminen frå 1. januar 2017 til 28. februar 2017 har forfallsfrist den 15. mars 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet