Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

16 Endringar i reglane for forskotstrekk

16.1 Innleiing og samandrag

Departementet foreslår endringar i skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7 slik at det klargjerast at forskottstrekkordninga for lønn gjeld for alle ytingar som blir skattlagt som lønn. I skattebetalingslova § 5-7 foreslår departementet vidare at tidspunktet for når det kan gis fritak for forskottstrekk i pensjonar m.m. blir meir fleksibelt og tilsvarande kva som gjeld for lønnsinntekt. Departementet foreslår òg ei oppretting i skattebetalingslova § 5-7 i samband med ei tidlegare endring av føresegna.

Vidare foreslår departementet ei endring i skattebetalingslova § 5-9 om at det i berekningsgrunnlaget for forskottstrekk skal gjerast frådrag for pensjonsinnskot til utanlandske pensjonsordningar.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Forslaga fører til endringar i skattebetalingslova §§ 5-5, 5-7 og 5-9.

16.2 Skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7

Etter skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7 blir forskottstrekket handsama noko ulikt alt ettersom ytinga skal følgje forskottstrekkordninga for lønn eller pensjon.

Skattebetalingslova § 5-5 første ledd fastsett storleiken på forskottstrekket i tilhøve kor den trekkpliktige ikkje har fått tilgang til informasjon om dette frå skattekortet. For lønn m.m. skal det i slike tilhøve gjerast eit trekk på 50 pst. For pensjon m.m. skal trekket i slike tilhøve vere 30 pst.

I skattebetalingslova § 5-7 er det fastsett reglar om ytingar som ein ikkje skal gjere forskottstrekk i. For lønn m.m. skal det gjerast trekk i 10,5 månader med fritak for ein månad i ferietida om sommaren og for ein halv månad «før jul», jf. første ledd bokstav a. For pensjon m.m. skal ein gjere trekk i 11 månader med fritak i «desember månad», jf. første ledd bokstav b.

Overgangsstønad for einslige forsørgjarar etter folketrygdlova § 15-6, som har blitt gitt frå 1. april 2014 eller seinare, blir skattlagt som lønn. Frå inntektsåret 2017 vil dette gjelde for alle som mottar slik stønad. Overgangsstønad for einslige forsørgjarar blir likevel handsama som pensjon i samband med forskottstrekket. Dette har samanheng med at stønaden tidlegere blei skattlagt som pensjon. Same forskjell mellom skatteordning og forskottstrekkordning gjaldt òg i ein periode etter uførereforma for uføreytingar, men slike ytingar handsamas no likt med lønn i høve til forskottstrekket, jf. endring i skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7 som tok til å gjelde 1. januar 2016.

Etter departementets oppfatning bør ytingar som blir skattlagt som lønn, òg bli handsama som lønn i samband med forskottstrekket. Departementet foreslår derfor at ein gjer ordlyden i skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7 meir generell, slik at forskottstrekkordninga som gjeld for lønn skal gjelde for alle ytingar som blir skattlagt som lønn. Slik vil reglane om forskottstrekk bli enklare og meir robuste for eventuelle endringar i skattereglane.

Departementet foreslår òg å endre tidspunktet for når ein skal gjere fritak for forskottstrekk i pensjonar m.m. i skattebetalingslova § 5-7 første ledd bokstav b. Avgrensinga av trekkfritaket til desember månad har vist seg lite fleksibelt i tilhøve kor utbetaling av ytingar blir gjort seint opp mot jul. Departementet foreslår derfor at tidspunktet for når trekkfritaket kan skje etter føresegna blir endra frå «desember» til «før jul». Forslaget inneber ein samordning med kva som gjeld for lønnsinntekt m.m.

Skattebetalingslova § 5-7 første ledd bokstav b fastsett at trekkfritaket i desember ikkje gjeld for visse ytingar til personer som ikkje bur i Noreg. Ved endringa i skattebetalingslova § 5-7 frå 1. januar 2016, nemnt ovanfor, blei det ikkje tilstrekkeleg klargjort at dette unntaket framleis skal gjelde for uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12 og uføreytingar frå andre ordningar. Departementet foreslår derfor ei endring i § 5-7 slik at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslag til endringar i skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7.

16.3 Skattebetalingslova § 5-9

Skattebetalingslova § 5-9 første ledd bokstav a fastsett at det i berekningsgrunnlaget for forskottstrekk skal gjerast frådrag for pensjonsinnskot som arbeidsgivar avkortar i lønna, og som skattytar vil ha krav på frådrag for ved likninga etter skattelova § 6-47 første ledd bokstav a og b.

Departementet foreslår å endre føresegna slik at det går fram at det i berekningsgrunnlaget òg skal gjerast frådrag for pensjonsinnskot som arbeidsgivar avkortar i lønna, og som skattytar vil ha krav på frådrag for ved likninga etter skattelova § 6-72. Ein gjer endringa som følgje av at lov 19. juni 2015 nr. 52 innførde ei ny føresegn i skattelova § 6-72 om frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar.

Departementet viser til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-9 første ledd bokstav a.

16.4 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at forslaga ikkje har nemneverdige økonomiske og administrative følgjer.

16.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Til toppen
Til forsida av dokumentet