Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2016 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2016:

  • Iverksettinga av flypassasjeravgifta blir utsett til 1. juni 2016. Utsettinga er anslått å gi eit provenytap på om lag 250 mill. kroner påløpt og bokført i 2016.

  • Skatteavgrensingsregelen blir tilpassa trinnskatten. Tilpassinga er anslått å gi ei eit provenytap på om lag 14 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2016.

Forslaga til endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 264 mill. kroner påløpt og om lag 257 mill. kroner bokført i 2016 samanlikna med saldert budsjett for 2016.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre regelendringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Uttak av næringsmiddel som blir levert utan vederlag til eit velgjerande føremål, blir fritatt frå meirverdiavgift.

  • Det blir innført ei refusjonsordning for naturgass brukt som supplement til biogass.

  • Omfanget av varer som er omfatta av ITA-avtalen som forpliktar Norge til å avvikle toll på informasjonsteknologivarer, blir utvida.

  • Lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar blir skattlagd tilsvarande som utbytte.

  • Presiseringar i skattereglane for verdipapirfond.

  • Overgangsordninga for skattlegging av skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, blir endra slik at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto.

  • Produktavgifta til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa blir redusert frå 2,7 til 2,5 pst. frå og med 1. juli 2016.

  • Kommunane får moglegheit til å frita fritidseigedomar frå eigedomsskatt.

  • Kommunane må nytte lågaste skattesats på to promille for bustader og fritidsbustader første året det blir skriven ut eigedomsskatt på slik eigedom.

  • Verknadstidspunktet for dei nye avskrivingsreglane om vindkraft blir utsatt til 19. juni 2015.

  • Arbeidsgjevarar som gjer lønnstrekk for å dekke skatten til arbeidstakarar på Svalbard, skal betale skatten seks gonger i året i staden for to.

  • Ein gjer det klart at forskotstrekkordninga for lønn skal gjelde for alle ytingar som blir skattlagt som lønn. Tidspunktet for når det kan gjerast fritak frå forskotstrekk i pensjonar mv. blir endra. I berekningsgrunnlaget for forskotstrekk, skal ein gjere frådrag for pensjonsinnskot til utanlandske pensjonsordningar.

  • Ein gjer enkelte opprettingar og presiseringar i lovtekst. Mellom anna får nokre lover på skatte- og avgiftsområdet offisielle korttitlar.

Ein viser også til følgjande saker som er omtalt i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2015–2016) Revidert nasjonalbudsjett 2016:

  • I samband med budsjettet for 2017 vil det bli foreslått ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot. Ein tek sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret 2016.

  • Status for støtte til ENØK-tiltak i private hushald.

  • Omtale av den generelle ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon i kommunesektoren.

I denne proposisjonen legg departementet fram forslag til:

  • lov om endring i lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter

  • lov om endring i lov 28. juni 1949 nr. 15 om adgang for Kongen til å inngå overenskomst med fremmede stater til forebyggelse av dobbeltbeskatning m.v.

  • lov om endring i lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter

  • lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

  • lov om endring i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.

  • lov om endring i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard

  • lov om endring i lov 29. november 1996 nr. 69 om skattlegging av personer på Jan Mayen og i Antarktis

  • lov om endring i lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister m.v.

  • lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

  • lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

  • lov om endring i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 14. desember 2015 nr. 1568 om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for 2016

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 14. desember 2015 nr. 1570 om særavgifter til staten for budsjettåret 2016

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 14. desember 2015 nr. 1571 om toll for budsjettåret 2016.

Til forsida