Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Utsett iverksetjing av flypassasjeravgifta

I samband med budsjettet for 2016 vedtok Stortinget å innføre ei flypassasjeravgift. Stortinget la til grunn at avgifta skulle tre i kraft 1. april 2016, men gav departementet fullmakt til å vedta iverksetjinga.

Etter Stortinget sitt avgiftsvedtak er transitt- og transferpassasjerar fritekne for avgift. I brev 9. mars gir EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) uttrykk for at fritaket kan vere statsstøtte. ESA inviterer derfor norske styresmakter til å pre-notifisere ordninga. Departementet meiner at fritaket ikkje er statsstøtte og at det derfor ikkje er notifikasjonspliktig. Sidan ESA har gitt uttrykk for at dei vil handsame saka raskt, har departementet likevel gitt ESA ei nærare utgreiing slik at ESA har grunnlag for å vurdere fritaket etter statsstøtteregelverket i EØS-avtalen. Departementet har derfor vedteke å utsetje avgifta til 1. juni 2016.

Under handsaminga av statsbudsjettet for 2016 la Stortinget til grunn at avgifta ville gi eit bokført proveny på om lag 1 mrd. kroner i 2016 dersom avgifta blei innført 1. april. Det blei då teke omsyn til kompensasjonar som blir gitt i samsvar med avtalar om statlig kjøp av innanlandske flyruter, jf. Innst. 3 S (2015–2016).

Ei utsetjing av avgifta til 1. juni kan gi eit provenytap i 2016 på om lag 250 mill. kroner bokført og påløpt i forhold til saldert budsjett 2016. Regjeringa foreslår at ein reduserer inntektsløyvinga i statsbudsjettet for 2016 under kap. 5561, post 70 Flypassasjeravgift med 260 mill. kroner. Utgifter under kap. 1310 Flytransport, post 70 Kjøp av innenlandske flyruter vil bli redusert med 10 mill. kroner som følgje av utsetjinga. Departementet viser til forslag til vedtak i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjett 2016.

Til toppen
Til forsida av dokumentet