Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Skattlegging av lån frå selskap til deltakar

7.1 Skattlegging av lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar

Med verknad frå 7. oktober 2015 blir lån frå aksjeselskap til personleg aksjonær skattlagt som utbytte. Bakgrunnen for dette er omtalt i Prop. 1 LS Skatter, avgifter og toll 2016 kapittel 5.1.

Reglane gjeld ikkje lån frå ansvarlig selskap, kommandittselskap eller anna deltakarlikna selskap til personleg deltakar i selskapet. Lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar er antakeleg lite utbredt i praksis, men kan ikkje utelukkast. Omsynet til lik handsaming av ulike selskap talar for at slike lån blir skattlagt tilsvarande som utbytte (dvs. som skattepliktig utdeling frå selskapet). Det same gjer omsynet til å unngå at reglane om skattlegging av utbytte blir omgått.

På denne bakgrunn foreslår departementet at reglane om skattlegging av lån frå aksjeselskap til personleg aksjonær i skattelova § 10-11 fjerde til sjette ledd skal gjelde tilsvarande for lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar i slike selskap.

Det kan tenkjast tilfelle der ein personleg deltakar i eit ansvarlig selskap får lån frå eit selskap det ansvarlege selskapet eig aksjar i. Tilfelle der ansvarlige selskap eig aksjar eller andelar i andre selskap, er ikkje omfatta av konserndefinisjonen i aksjelova eller allmennaksjelova. Slike tilfelle vil derfor ikkje bli omfatta av skattelova § 10-11 fjerde ledd slik denne regelen er utforma i dag. Departementet foreslår derfor at dette leddet blir endra slik at reglane omfattar lån til personlege skattytarar frå selskap dei direkte eller indirekte eig aksjar eller andelar i. Det inneber at reglane òg gjeld i tilfelle der ein personleg låntakar indirekte gjennom eit deltakarlikna selskap, eig aksjar eller andelar i selskapet som gir lån.

Departementet antar at endringa ikkje får nemneverdige provenymessige konsekvensar.

Departementet viser til forslag til endring i skattelova §§ 10-11 fjerde ledd og 10-42 ellevte og tolvte ledd.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med 11. mai 2016. Det vil seie at endringane gjeld for lån som blir tekne opp frå dette tidspunktet. Departementet legg til grunn at endringa òg gjeld for auking av saldo på lån som var teke opp før endringa.

7.2 Skattlegging av aksjonærlån – justering i ordlyden

Med verknad frå 7. oktober 2015 blei det innført reglar om skattlegging av aksjonærlån. Det føljer av skattelova § 10-11 fjerde ledd første punktum at:

«[k]reditt eller sikkerhetsstillelse som ytes direkte eller indirekte fra selskap som omfattes av § 10-1, samt tilsvarende utenlandsk selskap, til personlig aksjonær skal regnes som utbytte for aksjonæren».

I andre og tredje punktum er det reglar om lån gitt frå andre selskap i same konsern og lån gitt til aksjonærens nærståande. I fjerde punktum går det fram at departementet ved forskrift kan bestemme at enkelte typar kreditt ikkje skal reknast som utbytte.

Etter ordlyden omfattar desse punktuma berre «kreditt», mens første punktum omfattar «kreditt eller sikkerhetsstillelse». Etter departementet sitt syn bør reglane i andre til fjerde punktum òg gjelde både «kreditt og sikkerhetsstillelse». Departementet foreslår derfor at ordlyden i andre til fjerde ledd blir endra slik at dei reglane omfattar «kreditt eller sikkerhetsstillelse».

I femte ledd er «aksjonæren» i første del av setninga stava feil. For å rette på dette foreslår departementet å stryke «for aksjonære» i første del av setninga. Dette forenklar ordlyden noe.

Departementet antar at endringane ikkje får nemneverdige provenymessige konsekvensar.

Departementet viser til forslag til endringar i skattelova § 10-11 fjerde ledd og § 10-11 femte ledd.

Departementet foreslår at endringane trer i kraft straks med verknad frå og med 11. mai 2016.

Til toppen
Til forsida av dokumentet