Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Tilpasse skatteavgrensingsregelen til trinnskatten

8.1 Innleiing og samandrag

Med verknad frå 2016 er toppskatten erstatta med ein ny trinnskatt. Dette vil gi auka skatt for ei lita gruppe personar som framleis blir skattlagd etter skatteavgrensingsregelen. Årsaka er at skatteavgrensinga ikkje gjeld for trinnskatt, men berre gjeld for skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift. Den tidlegare toppskatten gav heller ikkje skatteavgrensing. Dei fleste som har blitt skattlagd etter denne regelen, har heller ikkje hatt høg nok personinntekt til at dei har betalt toppskatt. Men trinnskatten slår inn på eit lågare inntektsnivå enn det toppskatten gjorde. Dersom reglane ikkje blir endra, vil dei som blir skattlagde etter skatteavgrensingsregelen betale trinnskatt i tillegg til 55 pst. skatt på nettoinntekt over ei skattefri grense. Regjeringa ynskjer å unngå innstramminga for denne gruppa og foreslår at skatteavgrensinga òg skal gjelde for trinn 1 og 2 i trinnskatten. Dette samsvarar med reglane som gjaldt fram til 2016. Endringa skal etter forslaget gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2016. Forslaget fører til endringar i skattelova § 17-1 andre ledd.

Departementet anslår at forslaget vil redusere provenyet med om lag 14 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2016.

8.2 Bakgrunn og gjeldande rett

Skatteavgrensingsregelen i skattelova § 17-1 blei innført for at minstepensjonistar utan andre inntekter ikkje skal betale skatt av pensjonen. Dei seinare åra har skatteavgrensingsregelen blitt oppheva for store grupper og erstatta av andre reglar som skal gi om lag same minstenivå på ytingane etter skatt. No er det berre att to grupper som får skatteavgrensing; attlevande ektefellar som får overgangsstønad/pensjon og personar med overgangsstønad eller pensjon som tidlegare familiepleiar etter folketrygdlova. Skatteavgrensing kan òg gjevast etter skjønn dersom eit hushald ikkje har eit nødvendig utkome, jf. skattelova § 17-2. Om lag 11 000 personar blir skattlagde etter skatteavgrensingsregelen med dei vedtekne reglane for 2016.

Dei som blir skattlagd etter skatteavgrensingsregelen, betaler ikkje trygdeavgift eller skatt på alminneleg inntekt etter vanlege reglar, men betaler 55 pst. skatt av nettoinntekt over ei skattefri grense. Fordelen ved denne regelen blir på denne måten trappa ned til det løner seg å bli skattlagd etter ordinære reglar. Skatteavgrensinga gjeld ikkje for trinnskatt og formuesskatt. Den tidlegare toppskatten gav heller ikkje skatteavgrensing. Dei fleste som har blitt skattlagd etter denne regelen, har ikkje hatt høg nok personinntekt til at dei har betalt toppskatt, men dei vil betale trinnskatt dersom reglane ikkje blir endra.

8.3 Vurderingar og forslag

Innstramminga for dei som blir skattlagd etter skatteavgrensingsregelen, er ein utilsikta verknad av endringane i dei generelle skattereglane. Regjeringa meiner dette bør forhindrast og foreslår å la trinn 1 og 2 i trinnskatten inngå ved berekning av skatteavgrensinga. Denne løysinga ligg nærast reglane som gjaldt før 2016. Trinn 3 og 4 samsvarar med den tidlegare toppskatten. Skattelova § 17-1 andre ledd blir endra ved at ein tek inn trinnskatt etter dei to lågaste prosentsatsane i bokstav d. Gjeldande bokstav d blir ny bokstav e.

Departementet viser forslag til endringar i skattelova § 17-1 andre ledd.

8.4 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet anslår at forslaget vil redusere provenyet med om lag 14 mill. kroner påløpt i 2016. Det bokførte provenytapet vil vere avhengig av i kor stor grad dei som blir omfatta vil ta initiativ overfor Skatteetaten til å få justert skattetrekka sine. Departementet legg skjønnsmessig til grunn at det bokførte provenytapet i 2016 blir 7 mill. kroner. Dei som blir omfatta av endringane, får i gjennomsnitt ei skattelette på om lag 1 100 kroner samanlikna med vedtekne reglar for 2016.

8.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2016.

Til toppen
Til forsida av dokumentet