Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 125 L (2014–2015)

Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld forslag om endringar i gjeldande ordning med koordinator i spesialisthelsetenesta og forslag om ny ordning med kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Desse forslaga må sjåast i samanheng. I tillegg inneheld proposisjonen eit forslag som er heilt uavhengig av forslaga om koordinator og kontaktlege. Dette forslaget gjeld innføring av søksmålsfristar for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd. Kapittel 1 gir oversikt over innhaldet i proposisjonen, og kapittel 2 gir oversikt over to høyringar.

Bakgrunnen for forslaga om koordinator, koordinerande eining og kontaktlege i spesialisthelsetenesta går fram av kapittel 3.Kapittel 4 gir ei oversikt over gjeldande reglar om koordinator og koordinerade eining i spesialisthelsetenesta og i kommunane, og om fastlegeordninga i kommunane. Kapittel 5 gjer greie for reglane om «fast vårdkontakt» i Sverige og reglane om kontaktperson i Danmark. Kapittel 6 gjeld forslaga om kontaktperson og koordinerande eining, og kapittel 7 gjeld kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Kapittel 8 gjeld administrative og økonomiske konsekvensar av forslaga.

Kapittel 9 gjer greie for forslaget om søksmålsfrist for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd. Spesielle merknader til dei enkelte endringane i spesialisthelsetjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven, helsepersonelloven og bioteknologiloven er tekne inn i kapittel 10.

Til toppen
Til forsida av dokumentet