Prop. 126 S (2015–2016)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

Til innhaldsliste

2 Luftfartsformål

2.1 Utskiljing av Svalbard Lufthavn

Avinor AS planlegg med verknad frå 1. juni 2016 å skilje ut Svalbard lufthamn som eit eige dotterselskap. Samspelet mellom svalbardskattelova og norsk skattelovgiving har som konsekvens at Avinor AS sitt underskot på Svalbard lufthamn ikkje kan samordnast med overskot frå Avinor si verksemd på fastlandet. Dette gjer at skatten for Avinor blir høgare enn han ville vore om Svalbard lufthamn hadde vore ei lufthamn på fastlandet.

Ved å skilje ut Svalbard lufthamn som eit eige dotterselskap kan det skattemessige underskotet på Svalbard lufthamn samordnast med overskotet på fastlandet. Samferdselsdepartementet legg til rette for å kunne gjennomføre utskiljinga gjennom ein prosess med fisjon og emisjon. Utskiljinga har ikkje konsekvensar for Avinor sitt samfunnsoppdrag på Svalbard.

Til forsida av dokumentet