Prop. 126 S (2015–2016)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

Til innhaldsliste

4 Særskilde transporttiltak

4.1 Reiseplanlegging og elektronisk billettering – organisering av oppgåver

I Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015 gjorde Samferdselsdepartementet greie for eit nytt selskap for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering. Selskapet, Rutebanken AS, skulle ha som hovudoppgåver å drive ein rutedatabase, og leggje til rette for ein nasjonal og konkurransenøytral reiseplanleggar og for elektronisk billettering i kollektivtrafikken. Staten ved Samferdselsdepartementet skulle eige selskapet saman med fylkeskommunane og NSB AS, og departementet fekk fullmakt til å kjøpe aksjar i selskapet. Basert på arbeidet hittil skulle Rutebanken AS ha oppgåver knytt til å hente inn og gjere tilgjengeleg rutedata, nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering. I tillegg til arbeidet med å opprette Rutebanken AS har Statens vegvesen arbeidd med eit prosjekt for å etablere ein rutedatabank som m.a. legg til rette for ein multimodal, nøytral nasjonal reiseplanleggar. Arbeidet på området følgjer opp oppmodingsvedtak nr. 518, jf. Innst. 286 S (2013–2014), der Stortinget bad regjeringa «ta initiativ til å opprette en nasjonal ordning med tilbud om elektronisk billett for sømløse kollektivreiser over hele landet».

I Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor. Reform av jernbanesektoren er det omtalt eit nasjonalt sals- og billetteringssystem som alle togselskapa som vinn trafikkpakker blir pålagt å nytte. Det er eit mål at sals- og billetteringsløysingane for jernbane skal framstå som like sømlause og attraktive for publikum som i dag, også når det blir opna for konkurranse om sporet.

I arbeidet med prosessane knytt til Rutebanken AS og løysingar for sals- og billetteringssystem for togselskapa har det blitt klart at det er føremålstenleg å samle desse oppgåvene. Ei slik løysing vil vere meir kostnadseffektiv og betre utnytte kompetanse enn å spreie oppgåver med reiseplanlegging og billettering på fleire selskap. Oppgåver som var tiltenkt Rutebanken AS vil derfor bli lagt til eit statleg eigd selskap, som får mandat til å ivareta sals- og billetteringsoppgåver for jernbane og oppgåver knytt til å hente inn og gjere tilgjengeleg rutedata, nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering for all kollektivtransport. Regjeringa meiner at denne løysinga vil vere i samsvar med Stortingets føresetnader.

Det pågåande prosjektet for å utvikle ein rutedatabank som er nødvendig for å kunne etablere ein nasjonal reiseplanleggar, kan overførast til det nye selskapet. Selskapet kan da etablere ein nasjonal reiseplanleggar basert på rutedatabanken. Opphaveleg la departementet opp til at reiseplanleggaren skulle kunne takast i bruk i 2016. Endringa i organiseringa vil truleg innebere at den nasjonale reiseplanleggaren ikkje kan realiserast før i 2017. Regjeringa meiner det er viktigare å etablere ei rasjonell løysing enn å realisere ein reiseplanleggar allereie i 2016. Ambisjonane på området er uendra.

Til forsida av dokumentet