Prop. 126 S (2015–2016)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

I

Fullmakt til å pådra staten plikter for investeringsprosjekt

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2016 kan:

Starte opp desse investeringsprosjekta:

Innanfor ei kostnadsramme på:

E18 Varoddbrua

1 027 mill. kroner

ERTMS-prosjektet

26 690 mill. kroner

Fullmaktene gjeld òg plikter som blir inngått i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for prosjektet. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å prisjustere kostnadsramma i seinare år.

ERTMS-prosjektet blir i første omgang avgrensa til ei ramme på 5 520 mill. kroner for perioden fram til 2021.

II

Tilsegnsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2016 kan gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, innanfor ei samla ramme på 1 331 mill. kroner.

III

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Tromsø Veg AS får løyve til å krevje inn lokalt finansieringstilskot på omsetning av drivstoff i Tromsø i ytterlegare tre år for å delfinansiere Tromsøpakke 3, trinn 1. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  2. bompengeselskapet får løyve til framleis å krevje inn førehandsbompengar i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen til prosjektet E39 Rogfast. Løyvet gjeld til endeleg bompengeopplegg for E39 Rogfast er behandla av Stortinget, avgrensa til utgangen av 2017. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

Til forsida av dokumentet