1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Omprioriteringar
I denne proposisjonen foreslår Forsvarsdepartementet naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2019 på utgifts- og inntektssida.
Forsvarsdepartementet foreslår at 146 mill. kroner blir omdisponerte for å styrke forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret, jf. målsettinga for langtidsplanen for forsvarssektoren. Ved å tilføre 146 mill. kroner vil forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret bli betrakteleg forbetra.
Det er signert kontrakt om sal av fem utrangerte C-130H Hercules transportfly med tilhøyrande reservedeler. Salet er godkjent av norske (Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet) og amerikanske (United States Department of State) myndigheiter. Salsprisen er 4,5 mill. dollar, dvs. om lag 40 mill. kroner. Forsvarsdepartementet foreslår å nytte inntekta på om lag 30,0 mill. kronene frå salet av Hercules til å dekkje opp for auka valutautgifter i Forsvaret.
Vidare foreslår Forsvarsdepartementet å omdisponere 19,2 mill. kroner til etableringa av ein leir på Skjold i Troms for nederlandske styrkar som trener og øver i Noreg.
1.2 Føremål
For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt, legg Forsvarsdepartementet fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2019.
Totalt utgjer omgrupperinga for 2019 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 102,8 mill. kroner på utgiftssida. På inntektssida er det forslag om å auke løyvingane med 115,7 mill. kroner. I tillegg foreslår Forsvarsdepartementet å auke ei bestillingsfullmakt med 2 523 mill. kroner.
1.3 Grunnlaget for omgrupperinga
1.3.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2019, midlar overførte frå 2018 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2019.
Tabell 1.1 Løyvingar på utgiftssida, før omgruppering 2019, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett for 2019 | 58 863 526 |
Innst. 236 S (2018–2019) til Prop. 57 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderiseringsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet og Forsvarsdepartementet (endringer i departementsstrukturen mv.) | -318 418 |
Innst. 391 S (2018–2019) til Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 (RNB) | 1 325 366 |
Budsjettmessige verknadar av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2019 | 350 669 |
= Gjeldande løyving | 60 221 143 |
Tabell 1.2 Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2019, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett for 2019 | 6 028 631 |
Innst. 236 S (2018–2019) til Prop. 57 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderiseringsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Samferdselsdepartementet og Forsvarsdepartementet (endringer i departementsstrukturen mv.) | -11 895 |
Innst. 391 S (2018–2019) til Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 (RNB) | 666 985 |
= Gjeldande løyving | 6 683 721 |
1.3.2 Inntekter i 2019
I høve til saldert budsjett for 2019, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2019 og i Innst. 236 S (2018–2019) til Prop. 57 S (2018–2019), er det ei meirinntekt på 115,723 mill. kroner. 102,823 mill. kroner av meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2018–2019) til Prop. 1 S (2018–2019) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og forklart i detalj under pkt. 2 nedanfor.
1.3.3 Oppsummering av forslag til løyvingar
Tala i tabellane nedanfor viser forslag til løyvingar knytte til omgrupperinga for 2019.
Tabell 1.3 Forslag til løyvingar på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Auke knytte til meirinntekter | 115 723 |
- Inntekter som ikkje nyttast på utgiftssida | -12 900 |
= Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter ført til utgiftssida | 102 823 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 102 823 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 60 221 143 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 60 323 966 |
Tabell 1.4 Forslag til løyvingar på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Meirinntekter i omgrupperinga | 115 723 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 6 683 721 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 6 799 444 |
På bakgrunn av dette foreslår Forsvarsdepartementet under forslag til vedtak at utgiftsramma blir auka med 102,823 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 115,723 mill. kroner.