Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2017 foreslår regjeringa fylgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2017:

  • Det vert innført ei skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap som i gjennomsnitt over året har færre enn 25 årsverk og årlege driftsinntekter og/eller balansesum som ikkje overstig 40 mill. kroner. I ordninga vert det gjeve frådrag i alminneleg inntekt for personlege skattytarar for aksjeinnskot i kvalifiserte aksjeselskap for opptil 500 000 kroner årleg. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 330 mill. kroner påløpt i 2017. Provenytapet vert i sin heilskap bokført i 2018. Ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

  • Det vert innført ei ny ordning med skattefavorisert individuell sparing til pensjon. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 430 mill. kroner påløpt og 45 mill. kroner bokført i 2017. Detaljane i den nye ordninga skal regulerast i forskrift. Departementet tek sikte på å sende framlegg til forskrift på høyring i laupet av våren 2017, slik at ordninga kan tre i kraft i laupet av hausten 2017.

  • Maksimalt frådrag for innskot til skattefavorisert pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande vert auka frå 4 pst. til 6 pst. av berekna personinntekt frå næring. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 150 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2017. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Det vert gjeven ei skattelette til pensjonistar gjennom auka minstefrådrag i pensjonsinntekt. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 840 mill. kroner påløpt og 170 mill. kroner bokført i 2017. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Framlegga om endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 1 750 mill. kroner påløpt og 295 mill. kroner bokført i 2017 samanlikna med saldert budsjett for 2017.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Det vert gjorde tre endringar i reglane om verdsetjingsrabatt i formuesskatten. Endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Det vert innført eit skattefritak for passiv avkasting i Statens pensjonsfond utland som vert opptent i selskap som er heileigd direkte eller indirekte av Noregs Bank. Endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Produktavgifta i fiskeri-, kval- og selfangstnæringa vert redusert frå 2,3 pst. til 2,2 pst. Endringa tek til å gjelde frå og med 1. juli 2017.

  • Eingongsavgifta for motorsyklar vert lagd om i miljøvenleg retning ved å innføre ei progressiv avgift på CO2-utslepp, som erstattar avgifta på motoreffekt og stykkavgifta. Endringa gjeld motorsyklar med registrerte CO2-utslepp. Endringa er om lag provenynøytral. Endringa skal gjelde for eingongsavgift for motorsyklar som vert registrerte frå og med 1. juli 2017.

  • Konsernbidragsreglane vert endra for å motverke tilpassingsmoglegheiter som gjer det mogleg å unngå finansskatt på overskot i finansføretak. Endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

  • Unntaksregelen frå finansskatteplikt vert justert for verksemder som i høg grad driv meirverdiavgiftspliktig, finansiell verksemd. Endringa tek til å gjelde straks med verknad for inntektsåret 2017.

  • Det vert gjorde endringar i merverdiavgiftskompensasjonsloven for overdragingar av fast eigedom m.m. som ledd i kommunesamanslåingar og -delingar med verknad frå og med 1. januar 2017.

  • Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga vert utvida for friskular med vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring med verknad frå og med 1. januar 2017.

  • Det vert gjorde enkelte presiseringar og opprettingar i lovtekst.

I tillegg er fylgjande saker omtala:

  • Behandlinga i skattesamanheng av erstatning ved frivillig vern av skog for skogsameige.

  • Differensiering av eingongsavgift for ladbare hybridbilar etter elektrisk rekkevidde.

  • Konsekvensane for eingongsavgifta av nye reglar for måling av utslepp frå køyretøy (ny køyresyklus).

  • Status for notifikasjon av fritak for vegbruksavgift på naturgass.

  • Departementet vil fram mot statsbudsjettet for 2018 vurdere regelendringar i finansskatten for å motverke moglege tilpassingar gjennom reglane for fellesregistrering av konsernføretak etter merverdiavgiftsloven.

Det vert også viste til fylgjande saker som er omtala i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017:

  • Endringar i skattlegginga av opsjonar for små, nyetablerte selskap frå 2018.

  • Prosess, innretting og mogleg tidsløp for etablering av eit CO2-fond.

  • Oppmodingsvedtak om materialavgift for drikkevareemballasje.

  • Oppmodingsvedtak om fritak for meirverdiavgift for digital journalistikk.

  • Oppmodingsvedtak om støtte til bustader for vanskelegstilte.

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)

  • lov om endringar i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. (merverdiavgiftskompensasjonsloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endring i lov 27. juni 2008 nr. 62 om individuell pensjonsordning

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

  • lov om endring i lov 18. desember 2015 nr. 110 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

  • lov om endringar i lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2017 (Stortingets skattevedtak)

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2017

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for budsjetterminen 2017

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om særavgifter til statskassen for budsjettåret 2017

Til toppen
Til forsida av dokumentet