Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Eingongsavgift for ladbare hybridbilar

I behandlinga av statsbudsjettet for 2017 gjorde Stortinget fylgjande oppmodingsvedtak (vedtak 108 nr. 12):

«Stortinget ber regjeringen så snart det er mulig, og helst i revidert nasjonalbudsjett 2017, legge frem forslag til endring i engangsavgiften som innebærer at ladbare hybrider med lang elektrisk rekkevidde kommer bedre ut enn biler med kort elektrisk rekkevidde.»

Eingongsavgifta for ladbare hybridbilar er låg samanlikna med andre liknande bilar. Årsaka er både at eingongsavgifta favoriserer bilar med låge CO2-utslepp, og at ladbare hybridbilar har eit særskild frådrag i vektkomponenten på 26 pst. av vekta det vert rekna avgift på. Frådraget har samanheng med at hybridbilar har høgare vekt grunna at dei har elmotor og batteri i tillegg til fossilt motorsystem. Frådraget i vektkomponenten var i utgangspunktet meint å svare til vekta til batteri og elmotor. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2015 vart frådraget auka frå 15 til 26 pst.

Salet av hybridbilar, og ladbare hybridbilar spesielt, har auka mykje dei siste åra. Frå 2015 til 2016 auka ladbare hybridbilar som del av nybilsalet frå 5 til 13 pst. Dei fire fyrste månedane i 2017 er delen 16 pst.

Eit framlegg om å premiere ladbare hybridbilar med lang elektrisk rekkevidde vart vurdert i budsjettet for 2016, sjå Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016 punkt 9.4.2 for nærare omtale. Det vart då ikkje vurdert som formålstenleg å innføre slik premiering. Vurderinga til departementet var mellom anna grunngjeven med at elektrisk rekkevidde ikkje var eigna som kriterium for avgrensing av avgift. Vidare var innføring av ei ny særordning for ladbare hybridbilar ikkje i tråd med målet om teknologinøytral utvikling av bilavgifter over tid, sjå Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett 2015 punkt 4.2.2.

Skattedirektoratet har greidd ut rettslege og praktiske sider ved å fylgje opp oppmodingsvedtaket om å differensiere eingongsavgifta for ladbare hybridbilar etter elektrisk rekkevidde. Motorvognregisteret til Statens vegvesen er kjelda til opplysningar som vert nytta av Skatteetaten til fastsetjing av eingongsavgifta. For å nytte elektrisk rekkevidde som avgiftsgrunnlag er det ein føresetnad at slik informasjon vert lagd inn i systema til Statens vegvesen og Skatteetaten. Statens vegvesen har opplyst at det ikkje ligg inne opplysningar om den elektriske rekkevidda til ladbare hybridbilar i motorvognregisteret, og at det vil vere naudsynt med eit halvt år for å gjere systemendringar om ein vil leggje inn slik informasjon. Det er òg naudsynt med tilpassingar i Skatteetaten sitt system for å fastsetje avgifter. Behovet for systemendringar inneber at eingongsavgifta ikkje kan differensierast etter elektrisk rekkevidde allereie frå 1. juli 2017.

Nye reglar for måling av avgassar frå person- og varebilar og ny køyresyklus som gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn gjeldande køyresyklus vert omtala i kapittel 11. Ny køyresyklus vil òg ha innverknad på elektrisk køyrelengde i typegodkjenningane og er difor eit kompliserande element for innføring av differensiering av avgifta etter elektrisk rekkevidde. Det er førebels ikkje tilgjengeleg konkret informasjon om endringane i elektrisk køyrelengde, men med ny køyresyklus vil den registrerte elektriske køyrelengda venteleg verte kortare.

Departementet vil kome tilbake til saka og oppfylging av oppmodingsvedtaket i 2018-budsjettet.

Til toppen
Til forsida av dokumentet