Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

14 Unntak frå plikta til å justere meirverdiavgiftskompensasjon ved kommunesamanslåingar og -delingar

Departementet gjer framlegg om unntak frå plikta til å justere kompensert meirverdiavgift etter merverdiavgiftskompensasjonsloven ved overdraging av bygg, anlegg eller annan fast eigedom i samband med kommunesamanslåingar og -delingar.

Regjeringa har starta ei reform av kommunestrukturen i Noreg. Eit sentralt prinsipp i reforma er at samanslåingar og -delingar ikkje skal utløyse utgifter eller prosedyrekrav for kommunane. Samanslåing og deling av kommunar, endring av grenser og fastsetjing av grenser er regulert i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Det fylgjer av lova § 3 fyrste ledd at ei samanslåing inneber at to eller fleire kommunar eller fylke vert slåtte saman til éi ny eining. Av andre ledd fylgjer det at deling inneber at ein kommune eller eit fylke vert delt i to eller fleire nye einingar, eller at ein kommune eller eit fylke vert delt, og dei einskilde delane vert lagde til andre kommunar. Kommunar som vert slåtte saman etter reglane i inndelingslova, vil overdra ei rekkje bygg og anlegg m.m. Tilsvarande vil skje ved ei deling av kommunar.

Merverdiavgiftskompensasjonsloven inneheld reglar om rett og plikt til å justere kompensert meirverdiavgift på anskaffingar til bygg, anlegg og annan fast eigedom, sjå lova § 16. Formålet med justeringsreglane er at bruken av bygget m.m. skal spegle tilknytinga til den kompensasjonsretta verksemda over ein lenger periode, og ikkje berre på tidspunktet for anskaffinga. Merverdiavgiftskompensasjonsloven sine reglar om justering inneber at det ved ei bruksendring eller anna disponering (justeringshending) over bygg, anlegg eller annan fast eigedom skal skje ein auke eller reduksjon i tidlegare kompensert meirverdiavgift. Plikta til å justere gjeld i ti år frå tidspunktet for ferdigstillinga av bygget eller byggetiltaket m.m. (justeringsperioden).

Overdraging utløyser som utgangspunkt ei plikt for kommunane til å tilbakebetale (justere) tidlegare kompensert meirverdiavgift. Justering kan unnlatast dersom justeringsplikta vert overført til kjøparen av bygget. Eit vilkår for å kunne overføre justeringsplikta er at det vert laga ein justeringsavtale med tilhøyrande dokumentasjon av ei rekkje opplysningar. Dette kan vere administrativt krevjande.

Departementet foreslår av omsyn til kommunane at det vert fastsett i merverdiavgiftskompensasjonsloven at overdragingar av bygg m.m. ved kommunesamanslåing og -deling ikkje er ei justeringshending. Framlegget inneber at fylke og kommunar som vert slåtte saman eller delte med heimel i inndelingslova §§ 4 og 5, ikkje må justere tidlegare kompensert meirverdiavgift når kommunen sine bygg, anlegg og faste eigedomar vert overførte til den nye kommunen eller dei nye kommunane. Framlegget omfattar òg dei tilfella der bygget m.m. vert overteke av ei avgiftsregistrert eining i den overtakande kommunen. Endringane medfører at kommunane slepp å utarbeide justeringsavtalar for å overføre plikta og retten til justering. Pliktene og rettane etter justeringsregelverket, som til dømes rett og plikt til å justere ved bruksendringar og overdragingar, vil etter ei overføring av eigedomane liggje til den eller dei nye kommunane som har overteke eigedomen. Departementet sitt framlegg inneber ingen endringar i reglane om justering etter merverdiavgiftsloven.

Departementet viser til framlegg om endringar i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 16. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks og får verknad for kommunesamanslåingar under gjeldande reform, som vil seie med verknad frå og med 1. januar 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet