Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

17 Opprettingar i lovtekst

17.1 Skatteloven § 2-3 fjerde ledd bokstav b – skatteplikt på pensjon for personar som ikkje er busette i riket

Nye reglar om opptening av pensjonsgrunnlag og berekning av alderspensjon i kapittel 20 Ny alderspensjon i folketrygdloven tok til å gjelde 1. januar 2011.

Alderspensjon skal etter dei nye reglane bereknast av opparbeidd pensjonsbehaldning. Pensjonsbehaldninga vert bygd opp av summen av årleg pensjonsopptening på grunnlag av mellom anna pensjonsgjevande inntekt, dagpengar og uføretrygd. Personar fødde frå og med 1954 vil difor ikkje lenger tene opp pensjonspoeng, men opparbeide pensjonsbehaldning som grunnlag for alderspensjonen.

Etter skatteloven § 2-3 fjerde ledd bokstav b har ein person som ikkje er busett i riket skatteplikt til Noreg for visse pensjonar og uføreytingar når mottakaren har tent opp pensjonspoeng i folketrygda, m.m.

For å gjere det klart at skatteloven § 2-3 fjerde ledd bokstav b og gjeld likeeins for dei som har opparbeida rett til pensjon etter folketrygdloven kapittel 20, foreslår departementet at lovteksten vert retta opp slik at den også viser til opparbeida pensjonsbehaldning i tillegg til pensjonspoeng.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2018.

17.2 Eigedomsskattelova § 8 C-1

Kommunane kan velje å bruke formuesverdiane som eigedomsskattetakst for bustader, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Endringar i reglane om verdsetjing av bustader i formuesskatten kan difor verke inn på reglane i eigedomsskattelova § 8 C-1, jf. Prop. 1 LS (2012–2013) punkt 8.4.5. Ein reduksjonsfaktor i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd skal sikre at ingen bustader får eigedomsskattetakst som er høgare enn marknadsprisen for bustaden.

Då skatteforvaltningsloven vart vedteken av Stortinget vart reglane i eigedomsskattelova endra for at den språklege utforminga skulle passe med faguttrykka i den nye lova. Endringane skulle gjelde frå 1. januar 2017. Ved ein feil vart faktoren for sekundærbustader i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd endra til ein tidlegare faktor, som ikkje skulle gjelde for eigedomsskatteåret 2017. Riktig faktor for sekundærbustad i eigedomsskatteåret 2017 er 0,95. Difor gjer departementet framlegg om å rette faktoren i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd for eigedomsskatteåret 2017 ved å endre skatteforvaltningsloven på dette punktet.

Departementet viser til framlegg til endring i skatteforvaltningsloven § 16-3 Endringer i andre lover punkt 7. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks og med verknad for skatteåret 2017.

Eigedomsskatten vert skriven ut med bruk av formuesverdiar frå skattemeldinga to år tidlegare. Prosentsatsen for å verdsetje sekundærbustader i formuesskatten har auka dei siste åra, og difor er eigedomsskattelova § 8 C-1 òg endra og tek til å gjelde for dei komande eigedomsskatteåra. Då skatteforvaltningsloven vart vedteken vart ikkje den språklege utforminga av endringslovene endra. Difor vil ordet «likninga» kome inn igjen i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd frå eigedomsskatteåret 2018. Departementet gjer framlegg om at den språklege utforminga i denne endringslova òg vert endra i tråd med ordbruken i skatteforvaltningsloven.

Departementet viser til framlegg til endring i lov 18. desember 2015 nr. 110 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2018.

Under budsjettforhandlingane om statsbudsjettet for 2017 vart det semje om å auke prosentsatsen som vert brukt til å verdsetje sekundærbustader i formuesskatten til 90 pst., jf. Innst. 4 L (2016–2017) kapittel 4. På grunn av denne endringa må faktoren for sekundærbustader i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd òg verte endra. Endringa skal gjelde frå og med eigedomsskatteåret 2019. Departementet gjer framlegg om at endringa i formuesskatten vert fylgt opp med naudsynte endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 (eigedomsskattelova) § 8 C-1.

Departementet viser til framlegg til endring i eigedomsskattelova § 8-3 C-1 tredje ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.

17.3 Skattebetalingsloven

I skattebetalingsloven § 2-2 fyrste ledd andre punktum manglar ein «s» i ordet «innkrevingssentral». Departementet foreslår at skrivefeilen vert retta.

Skattebetalingsloven § 5-7 fastset at trekkfritaket etter fyrste ledd ikkje gjeld for visse ytingar til personar som ikkje bur i Noreg. Ved ein inkurie er dette regulert to stader i § 5-7, både i fyrste ledd bokstav b tredje punktum og i andre ledd, og i andre ledd er det vidare vist til § 5-5 femte ledd i staden for § 5-5 fjerde ledd. Departementet foreslår at § 5-7 fyrste ledd bokstav b tredje punktum vert oppheva og at § 5-7 andre ledd vert endra slik at føresegna viser til § 5-5 fjerde ledd.

Etter skattebetalingsloven § 5-12 andre ledd andre punktum kan «foretak som har rett til å drive finansieringsvirksomhet etter finansieringsvirksomhetsloven § 1-4» stille garanti for forskotstrekk i staden for å setje trekket inn på ein særskild bankkonto. Finansieringsvirksomhetsloven er oppheva, og departementet foreslår at tilvisinga til «finansieringsvirksomhetsloven § 1-4» vert erstatta med ei tilvising til «finansforetaksloven». Endringa tek sikte på å vidareføre gjeldande rett, og vil famne om føretak som nemnd i finansforetaksloven §§ 2-1 og 2-12 fyrste ledd andre punktum.

Skattebetalingsloven § 10-11 om betaling av lønsstrekk av inntekt på Svalbard vart endra ved lov 17. juni 2016. Endringa inneber at slike lønsstrekk skal betalast på same måte som forskotstrekk m.m., det vil seie i seks terminar, og ikkje lenger i to halvårlege terminar. Ved ein inkurie er ikkje føresegna om betaling i to halvårlege terminar i § 10-11 andre punktum vorte oppheva. Departementet foreslår ei endring slik at det vert retta opp i dette.

Departementet viser til framlegg om endringar i skattebetalingsloven §§ 2-2, 5-7, 5-12 og 10-11. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

17.4 Tolloven § 13-4 om kontroll hos dei opplysningspliktige

Reglane i tolloven § 13-3a om kontrollopplysningar om tollskyld og § 13-4 om kontroll av dokument m.m. vart endra ved lov 20. desember 2016 nr. 115. Endringane tek til å gjelde frå 1. januar 2017. I dag har tolloven § 13-3a reglar om kontrollopplysningar frå tollskyldnar og opplysningspliktige etter tolloven kapittel 3 og 4, medan tolloven § 13-3b har reglar om kontrollopplysningar frå tredjepartar. Tolloven § 13-4 har reglar om kontroll hos dei opplysningspliktige.

Norske tollmyndigheiter må som fylgje av frihandelsavtalar om preferansetoll og andre internasjonale avtalar kunne kontrollere opphavsbevis og andre opplysningar hos norske aktørar på vegner av tollmyndigheitene i andre land. Det gjeld sjølv om norske aktørar ikkje har direkte plikt etter tolloven til å gi opplysningar om opphavet til varene de fører ut av landet til norske tollmyndigheiter. Tidlegare § 13-4 tredje ledd fastslo at reglane om kontroll av dokument m.m. gjaldt på same måte for «importør, eksportør eller produsent, i forbindelse med kontroll av utferdigede fakturaer, opprinnelsesbevis eller andre særlige legitimasjonsdokumenter». Det gjaldt sjølv om aktørane ikkje har direkte opplysningsplikt etter tolloven. Ved endringane i lov 20. desember 2016 nr. 115 er reglane i tidlegare § 13-4 tredje ledd ikkje fullt ut vorte vidareførte. Dette var ikkje tilsikta.

Importør av varer til norsk tollområde er omfatta av reglane i § 13-3a om kontrollopplysningar frå tollskyldnar og andre opplysningspliktige etter tolloven kapittel 3 og 4. Alle som fører varer ut av landet har plikt til å gje opplysningar til norske tollmyndigheiter etter tolloven kapittel 3 og 4, og dei som produserer varer i Noreg kan ha plikt til å gje opplysningar som kan ha verknad for kontroll av andre aktørar sin vareførsel ut av landet etter § 13-3b. Tollmyndigheitene kan òg etter tollforskriften § 8-4-5 krevje at ein eksportør dokumenterer at eit produkt som det er utstedt opphavsbevis for, er eit opphavsprodukt. Etter føresegna i § 13-4 kan tollmyndigheitene foreta kontroll hos denne gruppa fordi dei har opplysningsplikt etter lova.

Det vil likevel være einskilde aktørar som ikkje har plikt til å gi opplysningar etter tolloven. For å klårgjere at tollmyndigheitene framleis kan foreta kontroll hos denne gruppa foreslår departementet eit nytt femte ledd i § 13-4 om at tollmyndigheitene kan foreta kontroll hos «importør, eksportør eller produsent i forbindelse med kontroll av utferdigede fakturaer, opprinnelsesbevis eller andre særlige legitimasjonsdokumenter».

Departementet viser til framlegg til endring i tolloven § 13-4. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida