Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

2 Skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap

2.1 Innleiing og samandrag

For å kunne finansiere eit høgt velferdsnivå i åra framover er det heilt naudsynt å gjere det lønsamt å starte og utvikle nye verksemder. Det er menneske som torer å ta sjansar og satse på eigne evner, idear og ressursar som vil skape arbeidsplassar i framtida. Difor trengst det fleire gründerar som startar nye og lønsame verksemder. Regjeringa er positiv til tiltak som fremjar etablering og utvikling av nye verksemder.

Målet med ei skatteinsentivordning med frådrag for langsiktige investeringar er å auke tilgangen på privat risikofinansiering for selskap i startfasen ved å gjere det meir attraktivt å investere i oppstartsselskap.

I si behandling av budsjettet for 2017 vedtok Stortinget samrøystes å be regjeringa om å utgreie modellar for skatteinsentiv for langsiktige investeringar i oppstartsselskap, og å leggje det fram i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017, jf. innstilling (Innst. 3 S (2016–2017)). Eit liknande oppmodingsvedtak (nr. 88 (2015–2016)) vart fatta på grunnlag av Innst. 2 S (2015–2016).

Departementet foreslår ei skatteinsentivordning som inneber at personlege skattytarar som investerer direkte eller indirekte i aksjeselskap som er seks år eller yngre og under ein viss storleik, får rett til frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar.

Det er eit vilkår at investor held aksjane i minst tre år for å få rett til frådraget. Minste investeringsbeløp er 30 000 kroner. Selskap må ha færre enn 25 tilsette, berekna ut frå årsverk, og verken driftsinntekter eller balansesum kan overstige 40 mill. kroner. For å motverke skattetilpassing vert det stilt krav om eit årleg lønsgrunnlag på minst 400 000 kroner i selskapet, og selskap må dessutan hovudsakleg drive aktivitet som ikkje er passiv kapitalforvalting. Eit selskap kan ta imot inntil 1,5 mill. kroner i investeringar årleg gjennom ordninga.

Ordninga er utforma innanfor rammene av det alminnelege gruppeunntaket i EØS-avtalen sitt regelverk om statsstøtte. Dette inneber at det ikkje er naudsynt å notifisere EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før ordninga tek til å gjelde.

Departementet anslår på svært usikkert grunnlag at frådraget vil gje eit påløpt provenytap på om lag 330 mill. kroner i 2017. Departementet legg til grunn at heile provenytapet vert bokført i 2018.

Departementet viser til framlegg om ny § 6-53 i skatteloven.

Departementet foreslår at ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

2.2 Utanlandsk rett

2.2.1 Innleiing

Sverige og Storbritannia har skatteinsentivordningar for investeringar i selskap. Både i Innst. 2 S (2015–2016) og i Innst. 3 S (2016–2017) vart regjeringa beden om å sjå til dei svenske og britiske ordningane ved utforminga av ei norsk skatteinsentivordning. Ordninga departementet foreslår, er tilpassa det norske skattesystemet og den norske næringsstrukturen, men byggjer også dels på element frå den britiske SEIS-ordninga og den svenske ordninga med investorfrådrag. Her vert det gjort greie for hovudtrekka i desse ordningane.

2.2.2 Sverige

Den svenske investorfrådragsordninga vart innført i 2013 og vart godkjend som lovleg statsstøtte av Kommisjonen etter dåverande retningsliner.

Ordninga gjev fysiske personar rett til eit frådrag i kapitalinntekt på 50 pst. av investert beløp i kvalifiserte selskap. Det maksimale frådraget per investor er 650 000 svenske kroner kvart år, noko som gjev ein maksimal skattereduksjon på 195 000 svenske kroner per person årleg. Det vert gjeve frådrag for investeringar på inntil 20 mill. kroner per selskap årleg. Det er eit vilkår for frådraget at investor held aksjane i minst fem år.

Investorfrådragsordninga er ikkje avgrensa til oppstartsselskap, men gjeld generelt for selskap med færre enn 50 tilsette og årlege driftsinntekter og/eller balansesum som er lågare enn 80 mill. svenske kroner, jf. definisjonen av mindre bedrifter i Kommisjonen sine retningsliner om statsstøtte. Selskapet må ha eit lønsgrunnlag på minst 300 000 svenske kroner og må hovudsakleg drive verksemd som ikkje inneber kapitalforvalting. Selskap innanfor verfts-, kol- og stålindustri er ikkje omfatta av ordninga.

Ein investor som er eller har vore aksjonær i selskapet i investeringsåret eller to år forut, kan ikkje krevje frådrag for investeringar. Visse transaksjonar og verdioverføringar mellom selskap og investor i nærare bestemde periodar før og etter investeringa kan i tillegg avskjere eller avkorte retten til frådrag.

2.2.3 Storbritannia

Den britiske SEIS-ordninga vart innført i 2012 og vart godkjend som lovleg statsstøtte av Kommisjonen etter dåverande retningsliner.

Ordninga inneber ulike typar av skatteinsentiv for fysiske personar som investerer i kvalifiserte selskap. Det vert gjeve eit skattefrådrag på 50 pst. av investeringar på opptil 100 000 britiske pund per investor årleg. Ei investering på til dømes 10 000 britiske pund gjev eit skattefrådrag på 5 000 britiske pund. Vilkåret er at investor held aksjane i minst tre år. Vert skatten for inneverande år redusert til 0, kan overskytande frådrag brukast ved skattefastsetjinga for førre år. Investor kan fordele investeringane på fleire selskap, men kan ikkje eige meir enn 29 pst. i kvart selskap. Eit selskap er kvalifisert for investeringar i ein periode på tre år, og kan maksimalt ta imot 150 000 britiske pund gjennom ordninga.

I tillegg til skattefrådraget inneber ordninga også fleire andre skatteinsentiv. Investor får for det fyrste fritak frå gevinstskatt viss aksjane vert realiserte etter tre år. Investor kan også få halvert gevinstskatt ved sal av aksjar utanfor SEIS-ordninga viss midlane vert brukte til å kjøpe aksjar innanfor SEIS-ordninga. Til tross for at det er redusert gevinstskatt, blir det gjeve fullt frådrag for eventuelle tap.

Selskap må ha fast driftsstad i Storbritannia, vere yngre enn to år, ha færre enn 25 tilsette og kan ikkje ha eigedeler verdt meir enn 200 000 britiske pund. Ordninga er òg avgrensa mot ei rekkje næringar. Minst 80 pst. av verksemda til eit selskap må vere innanfor ei kvalifisert næring. Verken eksisterande aksjonærar eller tilsette, eller nærståande til desse, kan få frådrag for investeringar, og ein investor kan heller ikkje verte tilsett i selskapet i laupet av treårsperioden selskapet er kvalifisert for ordninga. I tillegg er det forbod mot visse verdioverføringar, tilknytte lån m.m.

2.3 Vurderingar og framlegg

2.3.1 Innleiing

Eit fleirtal på Stortinget vedtok fylgjande oppmodingsvedtak (nr. 88) ved behandlinga av budsjettet for 2016, se Innst. 2 S (2015–2016):

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for skatteinsentiver/skattefradrag for langsiktige investeringer i oppstartselskap bl.a. basert på den svenske investeraravdrag og den britiske SEIS-ordningen og legge dette frem for Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2017».

Oppmodingsvedtaket vart fylgt opp i form av ei omtalesak i Prop. 1 LS (2016–2017), der regjeringa mellom anna skriv fylgjande:

«Regjeringen er positiv til å vurdere tiltak som fremmer gründervirksomhet, herunder skatteinsentiver for langsiktige investeringer i oppstartsselskap (…) Hensynet til å stimulere til etablering og utvikling av nye bedrifter taler for at det arbeides videre med å vurdere slike skatteinsentiver. Et konkret forslag må imidlertid utredes ytterligere før en ordning eventuelt kan innføres».

På bakgrunn av innstilling til budsjettet for 2017 (Innst. 3 S (2016–2017)) vedtok Stortinget samrøystes fylgjande oppmodingsvedtak:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med konkrete, ferdig utredede modeller til skatteinsentiver/skattefradrag for langsiktige investeringer i oppstartselskap basert på den britiske SEIS-ordningen og legge dette frem for Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2017.»

Regjeringa er positiv til tiltak som fremjar gründerverksemd og etablering av nye verksemder. Ideen bak ei skatteinsentivordning med frådrag for langsiktige investeringar er å gjere det meir attraktivt å investere i oppstartsselskap, med formål om å auke selskapa sin tilgang på privat risikofinansiering.

Ei skatteinsentivordning skal stimulere til langsiktige private investeringar i oppstartsselskap. Det er viktig at ordninga ikkje vert for komplisert å rette seg etter for investorar, selskap og skattemyndigheitene. Ordninga bør ikkje komplisere skatteregelverket meir enn naudsynt. Vidare tilseier omsynet til næringsnøytralitet at ordninga bør gjelde mest mogleg generelt. Samstundes bør ordninga verte avgrensa slik at ein hindrar uønskte tilpassingar.

Departementet foreslår ei skatteinsentivordning som inneber at skattytarar som på nærare vilkår investerer i aksjeselskap av ein viss alder og storleik, får frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege aksjeinnskot.

Sjølv om det er personlege skattytarar som får den direkte økonomiske fordelen gjennom skatteinsentivordninga, utgjer den indirekte stønaden til selskapa som utgangspunkt statsstøtte etter EØS-regelverket. Utgangspunktet er då at ein må notifisere ESA, som må godkjenne ordninga før den tek til å gjelde. Skatteinsentiv til private investorar er likevel unnateke notifikasjonsplikt på nærare vilkår nemnde i det alminnelege gruppeunntaket, jf. EU-forordning nr. 651/2014 og forskrift om unntak frå notifikasjonsplikt for offentlig støtte av 14. november 2008 nr. 1213. Ordninga departementet her legg fram, er utforma innanfor rammene av det alminnelege gruppeunntaket. Dette inneber at det ikkje er naudsynt å notifisere ESA før ordninga tek til å gjelde.

Departementet viser til framlegg om ny § 6-53 i skatteloven. Departementet foreslår at ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

2.3.2 Frådrag for aksjeinnskot ved skiping av aksjeselskap eller auke av aksjekapital

Departementet foreslår ei skatteinsentivordning der personlege skattytarar vert gjevne eit inntektsfrådrag på inntil 500 000 kroner årleg for aksjeinnskot i eitt eller fleire selskap. Med ein skattesats på 24 pst. kan ein skattytar potensielt oppnå ein årleg skattereduksjon på 120 000 kroner.

For at ordninga ikkje skal verte for omfattande og komplisert, foreslår departementet at det samstundes vert sett eit minstebeløp for aksjeinnskot på 30 000 kroner. Dette svarar til minstekravet til aksjekapital i eit nyskipa aksjeselskap. Eit selskap kan ikkje ta imot meir enn 1,5 mill. kroner i årlege aksjeinnskot som gjev rett til frådrag gjennom ordninga.

Som det vert gjort greie for nedanfor i punkt 2.4, foreslår departementet at det hovudsakleg skal vere selskapa sitt ansvar å melde inn opplysningar, kontrollere at vilkåra er oppfylte, med vidare. Det er eit vilkår for frådrag at selskapet innrapporterer til skattemyndigheitene at aksjeinnskot gjev rett til frådrag for aksjonæren. Frådrag vert då berre gjeve i samband med aukar av aksjekapitalen der selskapet har teke sikte på å hente inn kapital gjennom skatteinsentivordninga. Aksjane må vere utskrivne anten i samband med skipinga av eit nytt selskap eller kapitalauke ved nyteikning av aksjar. Ein skattytar kan difor ikkje gjere aksjeinnskot i eitt eller fleire kvalifiserte selskap og einsidig gjere krav på frådrag i skattemeldinga.

I det fylgjande vert det gjort greie for nærare vilkår knytte til høvesvis selskap og investorar.

2.3.3 Vilkår knytte til selskap

Eit fyrste spørsmål er kva for selskap som skal verte omfatta av ordninga og vidare kva for nærare vilkår ein skal stille til selskapa. Stortinget sine oppmodingsvedtak viser til eit formål om å fremje langsiktige investeringar i oppstartsselskap. Ei skatteinsentivordning bør difor treffe unge selskap under ein viss storleik. Samstundes er det viktig å motverke skattemotivert tilpassing.

Departementet foreslår for det fyrste at ordninga berre skal gjelde for aksjeselskap. Aksjeselskapsforma er godt egna for oppstartsselskap som ordninga skal omfatte. Administrative omsyn taler òg for å avgrense ordninga til aksjeselskap. Selskapsforma er godt regulert og gjer det mogleg for Skatteetaten å kontrollere og etterprøve aksjeinnskot gjennom Aksjonærregisteret.

For at skatteinsentivordninga skal treffe oppstartsselskap og ikkje vere ei generell frådragsordning for ein større krins av etablerte selskap, foreslår departementet å avgrense ordninga til selskap der talet på tilsette i snitt er mindre enn 25 årsverk og årlege driftsinntekter og balansesum er mindre enn 40 mill. kroner. Ved berekninga av årsverk inngår både heiltidstilsette, deltidstilsette og mellombelse tilsette som er innmelde i Arbeidstakarregisteret. Med mindre talet på årsverk varierer mykje i laupet av eit år, vil det normalt vere tilstrekkeleg å berekne det gjennomsnittlege talet på årsverk basert på talet på tilsette årsverk ved starten på året og ved slutten på året. Departementet viser elles til berekninga av årsverk etter regnskapsloven. Dersom selskapet inngår i eit konsern, vert grenseverdiane berekna på konsernnivå. Departementet viser her til definisjonen av konsern i aksjeloven § 1-3. Vilkåra knytte til årsverk, driftsinntekter og balansesum må vere innfridde ved utgangen av året selskapet vart skipa eller investeringsåret for at ein investor skal kunne krevje frådrag.

Utgangspunktet om at ordninga skal fremje investeringar i oppstartsselskap, talar for at den berre skal omfatte selskap som ikkje har eksistert meir enn ei viss tid. Gruppeunntaket har også reglar knytte til alderen til selskapet. Det fylgjer av gruppeunntaket at eit selskap som har gjort sitt fyrste kommersielle sal, som utgangspunkt ikkje kan ta imot indirekte stønad i form av skatteinsentiv dersom det har vore aktivt på ein marknad i sju år eller meir. Departementet meiner det vil vere komplisert å vurdere og kontrollere vilkår knytte til når eit selskap har vorte aktivt på ein marknad. For å sikre at ordninga er i tråd med gruppeunntaket, og dessutan gjere den minst mogleg komplisert og mest mogleg føreseieleg for selskap og investorar, foreslår departementet at ein investor berre får frådrag for investeringar i selskap som på tidspunktet for investeringa er seks år eller yngre, medrekna året då selskapet vart skipa og registrert.

Ei grense på seks år kan motivere til selskapsrettslege endringar i eksisterande verksemd for å oppfylle vilkåra for frådrag, til dømes ved fisjon, fusjon eller skattefri omdanning frå ein selskapsform til ein annan. For å unngå at slike endringar vert nytta til å omgå vilkåra for frådrag, foreslår departementet at ein ved aldersberekninga tek omsyn også til tidlegare selskap sin alder. Ved skattefri omdanning og ved fisjon må ein ta utgangspunkt i stiftingsåret til det tidlegare selskapet. Ved fusjon må ein nytte alderen til det eldste selskapet.

Det er anslått å vere litt under 40 pst. av norske aksjeselskap (med tilsette) som oppfyller desse kriteria knytte til storleik og alder. Dermed omfattar ordninga potensielt ein betydeleg del av norske selskap.

Departementet legg opp til at skatteinsentivordninga skal vere mest mogleg generell med omsyn til næringar. Næringsnøytralitet har vore eit grunnleggjande prinsipp i skattesystemet sidan 1992-reformen, mellom anna for å sikre at kapital går til dei mest lønsame prosjekta framfor dei prosjekta som gjev lågast skatt. Det vert også vist til regjeringa si eigarskapsmelding frå 2014 der ein framhevar næringsnøytrale ordningar som ikkje favoriserer enkeltnæringar. Detaljerte næringsavgrensingar vil vidare komplisere både regelverket og handhevinga av det, samt gjere ordninga mindre føreseieleg for både selskap og investor.

Med ei generell ordning oppstår det ein risiko for skattemotivert tilpassing. Ein kan til dømes sjå for seg tilfelle der ein skattytar skipar eit aksjeselskap, gjer eit aksjeinnskot med eigne pengar, får frådrag for innskotet og deretter oppløyser aksjeselskapet etter at eigartidsperioden er omme. I eit slikt tilfelle har investoren fått frådrag for å omdisponere eigne middel, utan å bidra til verken ny verksemd eller jobbskaping.

Ein må difor ha reglar som motverkar slik tilpassing. Den britiske ordninga har relativt detaljerte næringsavgrensingar, mellom anna mot finansiell verksemd, kapital- og eigedomsforvalting m.m. Den svenske ordninga er på si side langt på veg næringsnøytral, men avgrensa mot selskap som for ein ikkje ubetydeleg del driv passiv kapitalforvalting, i tillegg til at det vert stilt krav om eit årleg lønsgrunnlag i selskapet.

For å redusere risikoen for at ordninga vert nytta til skattemotivert tilpassing, foreslår departementet både eit krav om lønsgrunnlag i selskapet og ei grense mot passiv kapitalforvalting.

Selskap som ikkje driv aktiv verksemd, vil normalt heller ikkje ha lønte tilsette. Departementet foreslår at det vert innført eit krav om årleg lønsgrunnlag på minst 400 000 kroner. Ved berekninga av om kravet til lønsgrunnlag er oppfylt, skal ein nytte grunnlaget for berekning av arbeidsgjevaravgift. Dette vilkåret vil vere praktikabelt for skattemyndigheitene å kontrollere. Eit selskap skipa seint på året vil kunne ha problem med å oppfylle kravet til lønsgrunnlag det same året. Behovet for kapital kan i ein slik startfase vere stort, og kanskje også naudsynt for å kunne tilsetje arbeidskraft og setje i gang verksemd. Ordninga bør då ikkje stå i vegen for at ein skattytar kan gjere aksjeinnskot og få frådrag i slike tilfelle. Departementet foreslår på denne bakgrunn at kravet til lønsgrunnlag må vere innfridd ved utgangen av året selskapet eller ein kapitalauke vert registert, eller det etterfylgjande året.

Det vert òg stilt krav om at eit selskap hovudsakleg må drive annan aktivitet enn passiv kapitalforvalting. Passiv kapitalforvalting vil typisk vere avkasting frå kapitalplasseringar i til dømes bank, fond eller verdipapir, utleige av kapitalgjenstandar eller statiske funksjonar som til dømes lisensinntekter frå immateriell eigedom. Eit utgangspunkt for vurderinga kan etter departementet sitt syn vere at maksimalt 10 pst. av aktiviteten kan vere passiv kapitalforvalting. Kjøp og sal av verdipapir med direkte tilknyting til aktivitetar av annan art, bør normalt ikkje vere med i berekninga. Grensa på 10 pst. er likevel berre eit utgangspunkt. Til dømes vil ei slik grense kunne slå skeivt ut for nyskipa selskap som ikkje har sett i gang nokon aktivitet, og som difor ikkje har driftsinntekter å vise til. Vurderinga vil difor i praksis vere basert på skjønn i kvart einskild tilfelle. Departementet vil sjå an behovet for ytterlegare avgrensingar.

Gruppeunntaket avgrensar vidare mot selskap som vert kontrollerte med meir enn 24 pst. av kapital- eller røysterettsdelane av eitt eller fleire offentlege organ, og den same avgrensinga må difor verte lagd til grunn i den norske ordninga.

Det fylgjer av gruppeunntaket at eit selskap ikkje kan vere i økonomiske vanskar på tidspunktet for ei investering. Økonomiske vanskar er eit EØS-rettsleg omgrep som i denne samanheng viser til selskap som anten er gjenstand for insolvensbehandling eller oppfyller kriteria for å verte gjenstand for insolvensbehandling i nasjonalt regelverk. På denne bakgrunn foreslår departementet at ein ikkje kan få frådrag for investeringar i selskap som er i økonomiske vanskar. Departementet legg til grunn at vilkåret inneber at selskapet ikkje kan ha bede om gjeldsforhandling, eller at vilkåra for konkursopning er oppfylte etter konkursloven.

Skatteinsentivordninga har som formål å fremje private investeringar i oppstartsverksemd som er skattepliktig i Noreg. I fyrste rekkje gjeld det norske aksjeselskap som er heimehøyrande i riket, jf. skatteloven § 2-2. Etter gruppeunntaket er det òg tillate å stille vilkår om at utanlandske selskap har fast driftsstad i landet på tidspunktet for investeringa. Departementet foreslår difor eit vilkår om at utanlandske selskap som motsvarar norske aksjeselskap og er heimehøyrande i ein EØS-stat, må ha avgrensa skatteplikt til Noreg etter skatteloven § 2-3 for at det skal gjevast rett til frådrag for investeringar i slike selskap. Tilsvarande vilkår finst i skatteinsentivordningane i Sverige og Storbritannia.

2.3.4 Vilkår knytte til investor

Vidare er det spørsmål om kva for investorar ordninga skal omfatte. Det fylgjer av gruppeunntaket at det berre er fysiske personar som kan få skattefordelar gjennom direkte eller indirekte investeringar i selskap som kvalifiserer for stønad. Departementet foreslår difor at ordninga berre skal gjelde for personlege skattytarar.

I praksis vil mange personlege investorar, mellom anna av skattemessige årsaker, nytte eigne holdingselskap til erverv av aksjar. For at ordninga skal vere relevant å nytte for flest mogleg investorar, foreslår departementet at ein skattytar som utgangspunkt kan få frådrag både for direkte aksjeinnskot i eit oppstartsselskap og indirekte investeringar i form av aksjeinnskot gjorde av eit mellomliggjande holdingselskap som skattytaren eig åleine eller saman med andre.

Bruken av mellomliggjande holdingselskap vil komplisere regelverket og gjere skattemyndigheitene si kontrollverksemd meir ressurskrevjande. Skattemyndigheitene må halde seg til tre ulike skattesubjekt og deira disposisjonar: den personlege skattytaren som krev frådraget, disposisjonane til det mellomliggjande holdingselskapet samt eigenskapane til oppstartsselskapet det vert gjort aksjeinnskot i.

For å komplisere regelverket og kontrollarbeidet minst mogleg foreslår departementet at ein investor berre kan nytte mellomliggjande holdingselskap i eitt ledd mellom seg sjølv og oppstartsselskapet det vert investert i. Det er holdingselskapet sitt aksjeinnskot i eit oppstartsselskap som utgjer ei investering.

Dersom det mellomliggjande holdingselskapet er eigd av fleire skattytarar, vert frådraget fordelt proporsjonalt ut frå skattytaranes høvesvise eigardelar i det mellomliggjande selskapet. Minstekravet om 30 000 kroner i aksjeinnskot gjeld tilsvarande med omsyn til eigardelane i det mellomliggjande selskapet, slik at ein skattytar berre får frådrag dersom aksjeinnskotet i oppstartsselskapet utgjer minst 30 000 kroner berekna ut frå skattytaren sin eigardel i det mellomliggjande holdingselskapet. Dersom ein eller fleire av aksjonærane i holdingselskapet ikkje kvalifiserer for frådrag, skal ein på same måte fordele frådraget på aksjonærane ut frå høvesvise eigardelar, med den skilnad at dei ikkje-kvalifiserte aksjonærane ikkje kan nytte sin del av frådraget.

Retten til frådrag føreset dessutan at skattytar ikkje realiserer nokon del av aksjane i laupet av ei eigartid på tre år i tillegg til investeringsåret. Sjå punkt 2.3.6 nedanfor om krav om eigartid, vilkår i eigartida og konsekvensar ved brot.

2.3.5 Uavhengigheit mellom selskap og investor

I statsstøtteregelverket er det eit generelt forbod mot at investorar som allereie er aksjonærar i eit selskap, kan få skattefordelar for ytterlegare investeringar i dette selskapet. Formålet med desse reglane er å sikre uavhengigheit mellom selskap og investor. Skatteinsentiv til uavhengige, eksterne investorar er meint å kompensere for den auka risikoen dei tek som fylgje av manglande tilgang på informasjon om dei aktuelle selskapa. Den manglande tilgangen på informasjon kan leie til at det blir dyrare for selskapa å tiltrekkje seg kapital frå slike investorar i startfasen. Utfordringane knytte til asymmetrisk informasjon gjer seg ikkje gjeldande på same måte for investorar som allereie er tilknytte eit selskap, til dømes som aksjonær eller tilsett. Uavhengigheit mellom selskap og investor bidreg òg til å redusere risikoen for skattemotivert tilpassing.

I den svenske skatteinsentivordninga vert det ikkje gjeve frådrag til investorar eller nærståande til desse som er aksjonær i selskapet på tidspunktet for investeringa eller har vore det i laupet av dei to førre åra. Den norske ordninga er avgrensa til selskap som er seks år eller yngre, i motsetnad til den svenske, som ikkje har noka aldersgrense. Etter departementet si vurdering er det difor ikkje same behov for å avgrense kravet om uavhengigheit til ein viss periode. I staden bør kravet gjelde for heile den perioden eit selskap er kvalifisert for ordninga.

På denne bakgrunn foreslår departementet at det ikkje vert gjeve frådrag dersom investor eller nærståande er eller har vore aksjonær i selskapet på tidspunktet for investeringa. Definisjonen av nærståande fylgjer av aksjeloven § 1-5 fyrste ledd.

Omsyna til uavhengigheit mellom investor og selskap gjer seg òg gjeldande for tilsette i eit selskap. Aksjeinnskot frå ein tilsett som investerer i eigen arbeidsplass, er ikkje ekstern kapital frå uavhengige investorar. Ei grense mot tilsette vil òg kunne redusere risikoen for skattemotivert tilpassing. Til dømes kan ei slik avgrensing hindre at eit selskap og ein tilsett avtaler eit lønspåslag mot at den tilsette gjer eit aksjeinnskot, der båe partar kjem gunstig ut av transaksjonen utan at den har bidrege til jobbskaping eller ny verksemd. Ein kan òg hindre at ein skattytar skipar eit nytt selskap, får frådrag for aksjeinnskot og deretter tilset seg sjølv i selskapet for slik å oppfylle kravet om årleg lønsgrunnlag, jf. punkt 2.3.3. Ein kan her også vise til den britiske ordninga, som ikkje gjev frådrag til investorar som anten er tilsette i selskapet eller vert tilsette i laupet av eigartida.

På denne bakgrunn foreslår departementet at ordninga òg vert avgrensa mot at noverande og tidlegare tilsette, samt nærståande til desse, kan få frådrag. Det vert i tillegg rekna som brot på vilkåra for frådrag dersom skattytaren vert tilsett i selskapet i laupet av eigartida, sjå nærare i punkt 2.3.6 under om eigartidskravet og konsekvensar ved brot på vilkår.

Statsstøtteregelverket tillet at skiparane av eit nytt selskap kan få frådrag for aksjeinnskot ved sjølve skipinga av selskapet. Departementet foreslår ein tilsvarande regel, då skatteinsentivordninga mellom anna er meint å fremje start av ny verksemd. Etter departementet sitt syn tilseier dei same omsyna til uavhengigheit og skattetilpassing at dette likevel ikkje gjeld dersom det nye selskapet er skipa gjennom fusjon, fisjon eller skattefri omdanning frå ei selskapsform til ei anna, og skattytar eller nærståande av skattytar har vore aksjonær eller tilsett i tidlegare selskap. For òg å fange opp skattefri omdanning av enkeltpersonføretak til aksjeselskap, gjeld avgrensinga tilsvarande med omsyn til tidlegare eigar. Dette inneber at tidlegare eigarar i til dømes ansvarlege selskap og enkeltpersonføretak ikkje kan få frådrag ved omdanning til aksjeselskap.

2.3.6 Eigartidskrav og vilkår som gjeld i eigartida

Stortinget viser i sine oppmodingsvedtak til langsiktige investeringar i oppstartsselskap. Omsynet til langsiktigheit tilseier då at det bør vere eit vilkår for frådrag at ein investor held aksjane i ein viss periode. Dette til trass for at eit eigartidskrav kan føre til ein innlåsingseffekt der kapital blir verande i eit selskap berre av skatteomsyn. Departementet viser her til at også skatteinsentivordningane i Sverige og Storbritannia har krav om eigartid på høvesvis fem og tre år.

På denne bakgrunn foreslår departementet at det vert stilt krav om minst tre års eigartid i tillegg til investeringsåret for at ein investor skal ha rett til frådrag.

Kravet inneber at heil eller delvis realisering av aksjar erverva gjennom ordninga i laupet av eigartida, fører til at investor mister retten til heile frådraget.

Dette gjeld likevel berre opp til grensa på 500 000 kroner for frådragsgjevande aksjeinnskot i eitt og same selskap. Ein kan tenkje seg døme der ein investor som har gjort aksjeinnskot for 500 000 kroner og fått frådrag for dette, i seinare år gjer fleire aksjeinnskot i same selskap, men då utan rett til frådrag for desse aksjeinnskota. I eit slikt døme ville fyrst inn, fyrst ut-prinsippet (FIFU) i sktl. § 10-36 innebere tilbakeføring av frådrag ved realisering av nokon del av aksjane. Departementet meiner ei slik løysing ikkje er ynskjeleg, og at det bør vere mogleg å realisere aksjar som ein ikkje har fått frådrag for. På denne bakgrunn foreslår departementet at FIFU-prinsippet ikkje skal gjelde for frådragsgjevande aksjar i laupet av eigartida. Ein ser det då heller slik at desse aksjane vert realiserte sist i laupet av eigartida. Etter eigartida tek FIFU-prinsippet til å gjelde som normalt.

Kravet til eigartid gjeld tilsvarande i dei tilfelle der investor nytter eit mellomliggjande holdingselskap til erverv av aksjar. Dette inneber at ein skattytar som har gjort eit indirekte aksjeinnskot via eit holdingselskap, mister retten til frådraget dersom han eller ho heilt eller delvis realiserer aksjane i holdingselskapet eller oppstartsselskapet.

Då frådraget er knytt til den enkelte personlege skattytar, meiner departementet at også gåveoverføringar og overføringar i samband med skilsmisse skal vere rekna som realisasjon og dermed vilkårsbrot. I motsett fall ville det oppstå fleire kompliserande spørsmål knytte til oppfylling av eigartidskrav, kven som skal ha rett på eit eventuelt frådrag, kontroll med vidare. Overføring av aksjar ved arv eller uskifte skal likevel ikkje reknast som realisasjon som inneber brot på vilkåra.

Reglane om tilbakeføring av frådrag ved realisering av aksjar i laupet av eigartida fangar verken opp utdeling av utbytte eller utdeling ved kapitalnedsetjing. Omsynet til å hindre skattemotivert tilpassing tilseier difor at ein òg bør ha reglar mot etterfylgjande verdioverføringar frå selskap til investor. Dette til trass for at slike reglar kan bidra til å forsterke innlåsingseffekten som allereie fylgjer av at aksjane ikkje kan realiserast i eigartida.

Utan slike reglar kan ein til dømes investere i eit selskap, få frådrag for det investerte beløpet og deretter hente ut igjen middel i laupet eigartida utan å miste retten til frådrag. Samstundes er det viktig at reglane er så føreseielege for investorar og selskap som mogleg og ikkje for kompliserte å kontrollere.

På denne bakgrunn foreslår departementet at utdeling av utbytte til ein investor i laupet av eigartida vert rekna som brot på vilkåra for frådrag, jf. skatteloven § 10-11 fyrste ledd. Aksjonærlån vert òg rekna som utdeling av utbytte, jf. skatteloven § 10-11 fjerde ledd. Også kapitalnedsetjing i selskapet med utbetaling til aksjonærane skal reknast som brot på vilkåra for frådrag, jf. særleg aksjeloven § 12-1 fyrste ledd nr. 2.

Det er vidare spørsmål om kva konsekvensar vilkårsbrot skal ha. Departementet foreslår at ein førebels ikkje regulerer dette særskilt. Brot på vilkåra for frådrag inneber då at skattemyndigheitene kan gjere endringar i tidlegare skattefastsetjing. Eventuelt kan skattytar sjølv gjere endringar etter varsel frå skattemyndigheitene. Departementet viser her til skatteforvaltningsloven kapittel 12.

2.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet anslår på svært usikkert grunnlag at frådraget vil gje eit påløpt provenytap på om lag 330 mill. kroner i 2017. Departementet legg til grunn at heile provenytapet vert bokført i 2018.

Ordninga reiser vidare administrative spørsmål knytte til registrering av aksjeerverv, kontroll av vilkår og relevante opplysningar frå skattytar og selskap.

Departementet legg til grunn at selskapa får ansvar for å melde inn opplysningar om aksjeinnskot. Selskapa har òg ansvaret for å kontrollere at vilkår for frådrag er oppfylte og å rapportere om brot på vilkåra.

Dersom ein skattytar har gjort indirekte aksjeinnskot via eit mellomliggjande aksjeselskap, må òg det mellomliggjande selskapet melde inn opplysningar om aksjeinnskotet. Ved indirekte aksjeinnskot vert det difor eit dobbelt krav om rapportering.

Ordninga krev tilpassingar i Skatteetaten sine system. I tillegg må ein utvikle rutinar for oppfylging og kontroll av selskap og aksjonærar. Delar av saksbehandlinga og kontrollarbeidet vil måtte skje manuelt, noko som vil vere ressurskrevjande.

Departementet anslår at dei interne kostnadene for utvikling av system og rutinar hos Skatteetaten vert om lag to til tre mill. kroner. I tillegg kjem det varige kostnader knytte til saksbehandling og kontrollverksemd.

2.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli 2017.

Til forsida