Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Endringar i samband med reglar om verdsetjingsrabatt i formuesskatten

5.1 Innleiing

Som ein del av forliket om skattereform bad eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å innføre ein verdsetjingsrabatt i formuesskatten på 20 pst. for aksjar og driftsmiddel og tilhøyrande gjeld innan 2018. Det er i den samanhengen innført ein verdsetjingsrabatt på 10 pst. for aksjar og driftsmiddel m.m. og ein tilsvarande reduksjon av frådraget for gjeld for 2017, sjå Prop. 1 LS (2016–2017). Rabatten skal etter planen aukast til 20 pst. i 2018. Vidare var det under budsjettforhandlingane semje om at verdsetjingsrabatten for sekundærbustader skulle reduserast frå 20 pst. til 10 pst.

Nokre av reglane som har samanheng med ovannemnde har ikkje vorte vedtekne i tråd med intensjonen. Departementet foreslår at desse reglane vert endra i tråd med intensjonane i Prop. 1 LS (2016–2017) og Innst. 4 L (2016–2017). Departementet viser til framlegg til endring av skatteloven § 4-10 andre ledd, nytt sjuande ledd i skatteloven § 4-12, og endring av skatteloven § 4-19 tredje ledd.

Endringane vil sikre det provenyet som vart lagt til grunn i statsbudsjettet for 2017. Det er difor ikkje grunnlag for å budsjettere med provenyverknader av framlegget.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

5.2 Vurderingar og framlegg

Næringseigedom i ikkje-børsnoterte aksjeselskap

Næringseigedom skal generelt sett verdsetjast til 80 pst. av berekna utleigeverdi. Dette gjeld òg næringseigedom i ikkje-børsnoterte aksjeselskap. Det var ikkje formålet med den nye verdsetjingsrabatten for aksjar og driftsmiddel m.m. at næringseigedomar skal vere gjenstand for to rabattar samstundes, det vil seie både på aksjeverdien og ved fastsetjinga av aksjeselskapet sitt formuesskattegrunnlag. I utgangspunktet er det difor i tråd med framlegget at den generelle rabatten for næringseigedom vert oppheva for slik eigedom i ikkje-børsnoterte selskap. For å unngå auka formuesverdi i 2017, før heile rabatten er fasa inn, vart det foreslått å oppretthalde ein samla rabatt på 20 pst. på slike eigedomar, når ein tek omsyn til den nye verdsetjingsrabatten på 10 pst. Dette skulle gjerast ved å verdsetje næringseigedom til 89 pst. ved fastsetjinga av selskapet sitt formuesskattegrunnlag og i tillegg gje 10 pst. rabatt på aksjane. Samla rabatt for næringseigedom eigd gjennom ikkje-børsnoterte aksjeselskap skulle då verte 20 pst., jf. Prop. 1 LS (2016–2017) punkt 4.13 og Innst. 4 L (2016–2017) kapittel 4.

Framlegget til ein slik regel vart vedteke i Stortinget 20. desember 2016 som skatteloven § 4-12 nytt sjuande ledd med verknad frå og med inntektsåret 2016. Gjennom ei endring av skatteforvaltningsloven same dag vart likevel regelen utilsikta oppheva med verknad frå og med inntektsåret 2017. Departementet fremjar framlegget på nytt i denne proposisjonen.

Departementet viser til framlegg til nytt sjuande ledd i skatteloven § 4-12.

Redusert verdsetjing av gjeld

I samband med den nye verdsetjingsrabatten for aksjar og driftsmiddel m.m. vart det vedteke ein regel i skatteloven § 4-19 om ein tilsvarande reduksjon i frådraget for gjeld.

Regelen angjev i fyrste ledd kva for eigedelar som skal gje grunnlag for redusert verdsetjing av gjeld. Dette gjeld næringseigedom og sekundærbustad samt eigedelane som er gjenstand for den nye verdsetjingsrabatten for aksjar og driftsmiddel m.m. Det fylgjer av andre ledd at reduksjonen skal gjerast ut frå forholdet mellom verdien på eigedelen med verdsetjingsrabatt og verdien av dei samla eigedelane. For at berekninga skal gje eit så riktig bilete som mogleg av forholdet mellom verdien av eigedelen med rabatt og verdien av dei samla eigedelane, bør eigedelane verdsetjast til full verdi. Det vil seie utan frådrag for rabatt. Tredje ledd fastset difor at eigedelane skal medreknast til «full verdi, uten prosentvis reduksjon etter dette kapittel».

Departementet ser at det ut i frå ordlyden i skatteloven § 4-19 tredje ledd kan vere uklårt om «eiendelene» i tredje ledd berre refererer til dei eigedelane som etter fyrste ledd gjev grunnlag for redusert verdsetjing av gjeld. Spørsmålet kan ha stor betyding for berekninga av reduksjonen, særleg fordi primærbustader ikkje gjev grunnlag for reduksjon.

For at berekninga av gjeldsreduksjonen skal verte så riktig som mogleg bør alle eigedelane, og ikkje berre dei som gjev grunnlag for reduksjon, medreknast til full verdi. Administrative omsyn tilseier likevel at eigedelane som hovudregel skal medreknast med det beløpet som er lagt til grunn i formuesskattegrunnlaget, og at det ikkje skal vere naudsynt å gjere ei eiga berekning av verdien av ein eigedel berre av omsyn til regelen om gjeldsreduksjon. I Prop. 1 LS (2016–2017) punkt 4.1.3 er det uttala fylgjande om kva for eigedelar som skal medreknast til full verdi:

«For at sjablongen skal bli riktigst mulig, må beregningen baseres på formuesverdier uten formelle verdsettingsrabatter. Det vil også si at aksjer og driftsmidler skal medregnes uten rabatten som foreslås i denne proposisjonen. Videre skal primærboliger, sekundærboliger og næringseiendom medregnes til 100 pst. av den beregnede markedsverdien, jf. skatteloven § 4-10, og ikke til bare henholdsvis 25, 80 og 80 pst. Våningshus på gårdsbruk verdsettes under ett med gårdsbruket, jf. skatteloven § 4-11.»

Under behandlinga på Stortinget vart framlegget støtta av eit fleirtal av komiteen, sjå Innst. 4 L (2016–2017) kapittel 4. Departementet foreslår at ordlyden i skatteloven § 4-19 vert endra slik at det kjem klårt fram at det er eigedelane som er nemnde ovanfor som skal medreknast utan prosentvis reduksjon. Det vil til dømes seie at primærbustader skal medreknast utan prosentvis reduksjon og at fritidsbustader skal medreknast med det beløpet som er lagt til grunn i formuesskattegrunnlaget.

Departementet viser til framlegg til endring av skatteloven § 4-19 tredje ledd.

Sekundærbustader

Under forhandlingane om statsbudsjettet for 2017 vart eit fleirtal samde om at verdsetjingsrabatten på sekundærbustader i formuesskatten skulle reduserast frå 20 pst. til 10 pst. Sjå Innst. 4 L (2016–2017) kapittel 4.

Ved ein feil vart ikkje endringa votert over på Stortinget. Departementet foreslår at endringa vert fremja på nytt i denne proposisjonen.

Departementet viser til framlegg til endring av skatteloven § 4-10 andre ledd.

5.3 Iverksetjing

Departementet gjer framlegg om at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet