Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Skogvern – skog i selskap med deltakarfastsetjing

Frå 2005 har gevinst ved realisasjon av skog i samband med skogvern vore friteken for skattlegging. Skogbruk i sameige skal fylgje reglane for selskap med deltakarfastsetjing. Hovudregelen er at utdeling av kapital frå selskap til deltakar er skattepliktig på deltakaren si hand som utdeling. Frå 2017 er det gjeve reglar om at slik vidare utdeling av gevinst ved skogvernerstatningar frå eit selskap med deltakarfastsetjing skal vere friteken frå skattlegging på deltakaren si hand.

Dette nye skattefritaket for gevinst ved utdeling til deltakar av erstatning ved skogvern tok til å gjelde fyrst frå 2017. I samband med behandlinga av Skogmeldinga, Meld. St. 6 (2016–2017), uttalte næringskomiteen at ein meiner det er riktig at skattefritaket skal gjelde for alle, også for dei som tidlegare har stilt opp med område til frivillig vern, og at det har vore Stortinget si meining frå starten av at slike erstatningar vert skattefrie. Komiteen ber regjeringa om å kome attende med framlegg til løysing i revidert nasjonalbudsjett.

Staten ved Skattedirektoratet har i inneverande år inngått forlik i tingretten om skattelemping etter lov 27. mai 2016 nr. 4 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) § 9-9 i ei sak der deltakarane i eit skogsameige hadde vorte skattlagde for utdeling av skogvernerstatning. Etter forliket skal ikkje Skatteetaten skattleggje deltakarane for slik utdeling.

Også liknande saker frå før 2017 som seinare måtte kome opp, vil Skattedirektoratet behandle på den same måten. Departementet meiner det er eit betre alternativ enn lovendring, som kan få verknad for tilfelle attende heilt til 2005. Dessutan er det grunn til å rekne med at det ikkje er særleg mange saker der deltakarar har vore skatta for utdelingar i samband med skogvern.

Til toppen
Til forsida av dokumentet