Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 130 LS (2016–2017)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Produktavgift på fyrstehandsomsetning av fisk

Av næringsinntekt skal det normalt svarast 11,4 pst. trygdeavgift. Fiskarar betaler ei trygdeavgift på 8,2 pst. Mellomlegget opp til 11,4 pst. vert dekt av ei særskild produktavgift. Produktavgifta skal, forutan å dekkje mellomlegget i trygdeavgifta, òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. Det skal svarast produktavgift av all fangst frå norskregistrerte fartøy. I statsbudsjettet for 2017 vart det vedteke å setje produktavgifta til 2,3 pst. for 2017.

Produktavgifta vert rekna ut på bakgrunn av innhenta prognosar for komande års fyrstehandsverdi av all fangst, om lag 5 månader før kalenderåret startar. Uvisse i prognosane gjer det vanskeleg å fastsetje ein riktig sats. Ved endring i grunnlaget for utrekninga kan det vere aktuelt å endre avgiftssatsen i samband med revidert nasjonalbudsjett. I brev av 27. mars 2017 tilrår Nærings- og fiskeridepartementet at satsen vert justert ned til 2,2 pst. frå og med 1. juli 2017. Tilrådinga er basert på reviderte anslag for fyrstehandsverdien og pensjonsgjevande inntekt samt forventa utgifter i ordningane som produktavgifta er meint å dekkje. Framlegget om å redusere produktavgifta med 0,1 prosenteiningar har fyrst og fremst samanheng med at ein reknar med at fyrstehandsverdien i 2017 vil auke.

Departementet gjer framlegg om å redusere produktavgifta til 2,2 pst., i tråd med framlegg og berekningar frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet viser til framlegg til vedtak om endring i Stortinget sitt vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri, kval- og selfangstnæringa for 2017. Endringa tek til å gjelde frå og med 1. juli 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet