Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 135 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2016. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet 2016 vedtok Stortinget auke i eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi på 8 pst. fra 1.7. slik at refusjonsutgiftene i år må fastsettast ved å verta tilpassa aukinga av eigendelar.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2015 – 30. juni 2016, tok til 19. mai 2016. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 23. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 12. mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskriftar. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

Til toppen
Til forsida av dokumentet