Prop. 138 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Lovframlegget opnar for at Samferdselsdepartementet skal kunne påleggje offentlege oppdragsgjevarar eit lovbrotsgebyr dersom dei bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i samband med tildeling av konsesjonskontraktar som gjeld transporttenester etter yrkestransportlova. Lovbrotsgebyret vil berre verte pålagt dersom brotet på regelverket er konstatert ved dom i ein norsk domstol, ved dom i EFTA-domstolen eller ved innrømming frå norske styresmakter etter ei handsaming av saka i EFTAs overvakingsorgan (ESA). Lovbrotsgebyret skal ikkje overstige 15 % av kontraktsverdien. Ved utmåling av gebyret skal det særleg leggjast vekt på kontraktsverdien, kor grovt brotet er, om oppdragsgjevaren har gjort gjentekne brot, den preventive verknaden av lovbrotsgebyret, kor langt tilbake i tid brotet har skjedd og om brotet har ført til skadebot, terminering eller avkorting av kontrakten.

Framlegget vert gjort for å sikre betre etterleving av reglane for tildeling av konsesjonskontraktar for transport etter yrkestransportlova. Problemet vart særleg aktualisert i samband med at ESA to gonger har teke opp saker om brot på EØS-avtalen når fylkeskommunen har inngått kontraktar om kollektivtransporttenester. Noreg innrømte brot på EØS-avtalen i begge desse sakene. I den siste saka om kjøp av kollektivtransporttenester i Aust-Agder kravde overvakingsorganet at det vart gjennomført avbøtande tiltak. Sjølv om det rettsleg sett er uklart om nasjonale styresmakter har plikt til å gjennomføre avbøtande tiltak, meiner departementet det kan vere behov for mekanismar som sikrar etterleving av regelverket på dette området i framtida.

Til forsida