Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av ny fv 659 på strekninga Skjeltene – Harøya (Nordøyvegen) i Haram og Sandøy kommunar i Møre og Romsdal.

Prosjektet fv 659 Nordøyvegen omfattar bygging av eitt brusamband og tre undersjøiske tunnelar som skal gje fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta og Harøya i Haram og Sandøy kommunar og fastlandet i Haram kommune. Desse øyane vert omtalte som Nordøyane.

Vegsambandet vil avløyse ferjesambanda Skjeltene – Lepsøya – Haramsøya og Brattvåg – Dryna – Harøya – Fjørtofta. I dag vert Nordøyane trafikkerte med desse to ferjesambanda. I tillegg har hurtigbåtruta Ålesund – Valderøya – Nordøyane rutestans på alle øyane. Sjølv om området vert trafikkert av fleire fartøy, er det til tider både få og sjeldne avgangar.

Nordøyvegen vil gje fastlandssamband for rundt 2 900 personar. Dei om lag 10 000 innbyggjarane i Haram og Sandøy kommunar vert samstundes knytte nærare saman med eit fast vegsamband.

Prosjektet fv 659 Nordøyvegen er tidlegare omtalt i Prop. 1 S (2011–2012), side 63–64. Gjennom behandlinga av denne proposisjonen slutta Stortinget seg til førehandsinnkrevjing av bompengar i dei to ferjesambanda for å finansiere vidare planlegging og prosjektering av prosjektet i inntil tre år før ev. vedtak om bygging, jf. Innst. 13 S (2011–2012). Førehandsinnkrevjinga starta 1. mars 2014 og vart avslutta 28. februar 2017.

Finansieringa av prosjektet fv 659 Nordøyvegen er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det kan vere mogleg med anleggsstart i 2017 og opning for trafikk i 2023.

Til toppen
Til forsida av dokumentet