Prop. 143 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg med dette fram følgjande saker under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet og kap. 502 Lønsoppgjøret i staten – tariffavtalte avsettingar.

  1. Lønsregulering frå 1. mai 2017 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv.

  2. Endringar i statsbudsjettet for 2017.