Prop. 148 L (2016–2017)

Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) og enkelte tilpassingar i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova).

Departementet foreslår at Noreg skal følgje same modell som i mange andre land i Europa, ved at eigedomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert privat tenesteyting. Reforma skal bidra til auka konkurranse, raskare og meir effektive tenester for brukarane og utvikling av ein ny konsulentbransje for tenester på eigedomsområdet. Det skal bli fri prisdanning for oppmålingsforretningar i staden for kommunale gebyr som i dag. Betalinga vil då i større grad spegle dei faktiske kostnadene ved å utføre den konkrete tenesta.

Forslaget legg til rette for ei meir fleksibel organisering av eigedomsoppmålinga. Både kommunale og private landmålarføretak skal kunne tilby slike tenester på like vilkår. Eigedomsoppmåling skal ikkje lenger vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane.

Ein ansvarleg landmålar med autorisasjon skal ha ansvaret for at oppmålinga blir utført i samsvar med lov og forskrifter, og etter god landmålarskikk. Han treng ikkje sjølv gjere alle oppgåvene, men har ansvaret for at oppmåling og klarlegging av rettar er korrekt utført. Landmålaren skal opptre fagleg uavhengig og ta vare på interessene til alle partane i oppmålingsforretninga. Autorisasjonen vil forplikte den ansvarlege landmålaren til å opptre nøytralt, og landmålaren risikerer å miste autorisasjonen dersom vedkommande ikkje gjer det. Ein part skal kunne nekte at ein landmålar med nærståande personleg forhold til partane i saka gjer oppgåva.

Departementet foreslår at utdanningskravet skal vere på bachelornivå (tre år) og at det skal vere ein praksisperiode på minst to år. Landmålarar må ta eit visst tal timar etterutdanning per år for å halde på autorisasjonen, på same måten som til dømes eigedomsmeklarar.

Departementet meiner ein må leggje opp til fleksible løysingar for autorisasjon i startfasen. Ein reknar med at ein stor del av dei kommunale utøvarane har den nødvendige realkompetansen. Det gjeld til dømes også for mange personar i Statens vegvesen og i private føretak som driv eigedomsoppmåling. Departementet foreslår at slike utøvarar skal få autorisasjon på linje med nye utøvarar sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse.

Departementet foreslår at Statens kartverk skal vere autorisasjonsstyresmakt.

Føring, forvaltning og organisering av matrikkelen er ei styresmaktsoppgåve. Når oppmålingsforretninga ikkje lenger skal vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane, meiner departementet at føring av opplysningar frå forretninga heller ikkje kan vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane. Oppgåva blir i lova overført til Statens kartverk, som i dag har ansvaret for forvaltning og organisering av matrikkelen. Kommunar som ønskjer det, skal framleis kunne føre eigedomsopplysningar i matrikkelen når dei har tilstrekkeleg kapasitet og fagleg kompetanse. Kommunane skal framleis ha ansvaret for å føre opplysningar om bygningar og adresser i matrikkelen. Gebyr for registrering av opplysningar i matrikkelen skal følgje felles nasjonale satsar etter gebyrregulativ fastsett i sentral forskrift.

Departementet foreslår at alle forhold som gjeld oppmålingsforretninga som verkar inn på matrikkelføringa, skal kunne vere grunnlag for ei klage. Dette gjeld sjølv om føringa ikkje kan reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eit eller eit fåtal fylkesmannsembete skal vere klageorgan for heile landet.

Departementet foreslår elles ei rekkje mindre endringar i lovgivinga. Departementet foreslår mellom anna enklare reglar for å kunne handtere geografisk endring av festegrunn.

Det er i dag berre oppmålingsplikt for nye eller endra eigedommar. Føresegna om at det skal liggje føre oppmåling også ved avhending av eksisterande eigedom (matrikkellova § 7), er så langt ikkje sett i kraft. Departementet meiner at iverksettinga av denne føresegna er det einaste realistiske tiltaket for å få ein komplett eigedomsdel i matrikkelen, men at dette ikkje kan skje før det er tilstrekkeleg oppmålingskapasitet etter reforma til å handtere den auka saksmengda.

Til forsida