1 Innleiing
I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn ei trinnvis utbygging og utbetring av E6 på Helgeland til samanhengande god og einsarta standard. Utbygginga er føresett delfinansiert med bompengar. Prosjektet er ei samla utbyggingspakke som var føresett gjennomført i tre delar: E6 Helgeland nord, Helgeland sør og Brattåsen – Lien. Stortinget slutta seg til utbyggings- og finansieringsopplegg for første utbyggingsetappe gjennom handsaminga av Prop. 55 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland, jf. Innst. 178 S (2013–2014). På grunn av manglande interesse ved utlysing, måtte prosjektet lysast ut på nytt. Det er no lagt til grunn anleggsstart for E6 Helgeland nord hausten 2015.
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av dei to siste delane av utbygginga, dvs. utbygging av strekninga mellom Nord-Trøndelag grense og Korgen, inkl. prosjektet Brattåsen – Lien. Heretter blir «E6 Helgeland sør» nytta ved omtale av den samla utbygginga på denne strekninga, dvs. inkl. prosjektet Brattåsen – Lien. Utbygginga er planlagt starta opp hausten 2016.