Prop. 155 L (2016–2017)

Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Framlegget til endringar er i hovudsak knytt til regelverk som gjeld drosjetransport.

Framlegget frå departementet omfattar, for det første, ei endring av yrkestransportlova § 20. Framlegget inneber at det ikkje trengs løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov som han sjølv, og vederlaget for transporten ikkje overstig passasjerane sin forholdsmessige del av transportkostnadene. Transportkostnadene vert rekna ut frå den skattefrie satsen for kilometergodtgjersle i staten sitt reiseregulativ, med tillegg av eventuelle kostnader til bompengar og ferje. Føresegna vil erstatte gjeldande § 20 første ledd i yrkestransportlova som slår fast at det ikkje trengs løyve for transport med personbil av grannar og arbeidskollegaer mellom bustad og arbeidsstad.

Framlegget inneber, for det andre, ei endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd slik at den øvre aldersgrensa for å behalde eit drosjeløyve vert heva frå 70 til 75 år.

I høyringsnotatet gjorde departementet òg framlegg om ei endring av yrkestransportlova § 9 tredje ledd slik at det ikkje lenger ville vere høve for løyvestyresmaktene til å fastsetje ei plikt for drosjeløyvehavar til å vere tilslutta drosjesentral, og til å regulere drosjesentralane i løyvedistriktet. Etter framlegget ville løyvestyresmaktene gje reglar for drosjeverksemda i løyvedistriktet, men desse reglane ville berre kunne gjelde for løyvehavar og sjåfør, ikkje for drosjesentral. Høyringsinstansane peikar på fleire utfordringar ved framlegget, mellom anna knytt til at kontroll med driveplikta vert vanskeleg, at innkrevjing av skattar og avgifter vil verte meir ressurskrevjande og at framlegget gjev meirarbeid for fylkeskommunane. Departementet ser at dette framlegget reiser mange utfordrande problemstillingar, og meiner det kan vere føremålstenleg å vurdere framlegget i samanheng med andre prosessar knytt til drosjeregelverket. Departementet viser her til høyringa av rapporten frå delingsøkonomiutvalet og ESA si grunngjevne fråsegn om drosjeregelverket. Departementet har difor valt å ikkje gå vidare med dette framlegget på det noverande tidspunkt.

Til forsida