Prop. 16 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

801 119

822 565

837 323

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

10 022

10 022

1 022

78

Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett

305 523

243 520

173 520

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 14,758 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4700, post 01, og gjeld hovudsakleg auka brukarbetaling på tenester leverte av Forsvarsdepartementet.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 9,000 mill. kroner

Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året. Dersom midlane ikkje blir nytta, blir dei foreslått stilte til disposisjon for å balansere andre kapittel under Forsvarsdepartementet.

Posten er foreslått redusert med:

  • 8,500 mill. kroner knytte til Noregs logistikkstøtte til allierte på øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,500 mill. kroner knytte til å arrangere NATO Distinguished Visitors Day på øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 70,000 mill. kroner knytte til reduserte innbetalingar til NATO i 2018. Innbetalingane i 2018 er forventa å bli lågare enn det som var føresett på budsjetteringstidspunktet og midlane er difor foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 4700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

25 145

25 145

39 903

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 14,758 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 10,500 mill. kroner knytte til meirinntekter frå brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSET Nett.

  • 4,258 mill. kroner i meirinntekter knytte til Senter for integritet i forsvarssektorens prosjekt på Vest-Balkan. Meirinntektene skuldast at Utanriksdepartementet ønsker ein overgang frå belastningsfullmakt til fakturering av utgifter.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

47

Nybygg og nyanlegg

2 706 455

2 706 455

2 263 001

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 443,454 mill. kroner.

Posten er foreslått redusert med:

  • 288,000 mill. kroner til prioriterte aktivitetar knytte til etablering av kampflybase på Ørland. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1761, post 47.

  • 110,454 mill. kroner knytte til Noregs logistikkstøtte til allierte på øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01 jf. omtale der.

  • 45,000 mill. kroner knytte til forsering av grunnsikring av Etterretningstenestas etablissement på Lutvann leir. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1735, post 01.

Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

3 657 419

3 657 419

3 644 919

47

Sal av eigedom

503 574

503 574

516 074

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 12,500 mill. kroner. I samband med ei forliksavtale mellom Forsvarsbygg og Avinor AS blei det bestemt at tidlegare for mykje innbetalt husleige skulle refunderast til Avinor AS. Forliksavtala gjeld eit omtvista areal ved Flesland lufthamn Bergen. Arealet er nå selt til Avinor AS med ei tilsvarande meirinntekt på kap. 4710, post 47.

Post 47 Sal av eigedom

Løyvinga på posten er foreslått auka med 12,500 mill. kroner knytte til at Forsvarsbygg har inngått ei forliksavtale med Avinor AS om sal av eit omtvista areal ved Flesland lufthamn Bergen.

Inntektsendringane gjer inga endring av utgiftsramma.

Kap. 1720 Felleskapasitetar i Forsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

9 609 482

9 750 057

10 877 017

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1 126,960 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 899,632 mill. kroner knytte til meirinntekter på kap. 4720, post 01. Desse inntektene kjem frå ulike kjelder og har alle ei tilsvarande utgift, jf. omtale under kap. 4720, post 01.

  • 216,000 mill. kroner knytte til Noregs logistikkstøtte til allierte på øvinga Trident Juncture 2018. Logistikkstøtta er knytte til drivstoff, proviant, forlegning og diverse forbruksmateriell. Desse utgiftene skal betalest av deltakande nasjonar, men delar av refusjonane kjem ikkje til inntekt før i 2019. Midlar er difor foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 43 (8,500 mill. kroner), kap. 1700, post 78 (70,000 mill. kroner), kap. 1710, post 47 (110,454 mill. kroner) og kap. 4760, post 48 (27,046 mill. kroner) for å dekkje desse meirutgiftene.

  • 110,000 mill. kroner knytte til oppbygging av Forsvarets beredskapsbehaldningar for å skape eit betre grunnlag for å heve materiell- og forsyningsstatusen på styrkestrukturen. Midlane er føreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 94,312 mill. kroner gjeld forsinka refusjonar knytte til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 30,720 mill. kroner knytte til midlar til vedlikehalds-, reserve- og beredskapsmateriell til Forsvarets logistikkorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01 (14,000 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (5,400 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (11,320 mill. kroner).

  • 28,203 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering. Effektiviseringskravet blei i utgangspunktet lagt på Forsvarets logistikkorganisasjon på kap. 1720, post 01. Effektiviseringa er gjennomført gjennom ulike tiltak som treff fleire av Forsvarets kapittel og poster, og effektiviseringsvinsten er foreslått tilbakeført til kap. 1720, post 01 for å redusere det opphavlege trekket. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (12,139 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (5,936 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (6,544 mill. kroner), 1734, post 01 (3,263 mill. kroner) og 1735, post 01 (0,321 mill. kroner).

  • 22,512 kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret. Det er difor behov for å endre fordelinga av midlar knytte til dette. Midlane er foreslått omdisponerte med følgjande endringar: kap. 1731, post 01 (-1,993 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (-0,009 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (-18,618 mill. kroner), kap. 1735, post 01 (-0,094 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (2,554 mill. kroner), kap. 1791, post 01 (-0,080 mill. kroner) og kap. 1792, post 01 (-4,272 mill. kroner).

  • 18,800 mill. kroner knytte til behov for å betre tryggleiksstilstanden på Forsvarets IKT-infrastruktur. Midlane er føreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 11,135 mill. kroner knytte til tenestetillegg for personell og elevar som høyrer til på Luftforsvarets befalsskole, som organisatorisk ligg under Forsvarets høgskule. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 10,000 mill. kroner knytte til reparasjon av køyretøy etter at ein garasje rasa saman i vinter grunna store mengder snø. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 7,800 mill. kroner knytte til at batterifabrikken i Horten, som produserer batteri for Forsvaret til undervassbåtar i ULA-klassen, er overførte til Forsvarets logistikkorganisasjon. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar til drift og vedlikehald av bygningsmassen omdisponerast tilsvarande. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

  • 7,100 mill. kroner knytte til anskaffing av ny 12,7 mm våpenplattform til Forsvarets spesialstyrkar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01 (7,073 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (0,027 mill. kroner).

  • 6,598 mill. kroner til oppretting av finansiering av horisontal samhandel. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (3,633 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (1,902 mill. kroner), kap. 1735, post 01 (0,793 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (0,270 mill. kroner).

  • 6,300 mill. kroner knytte til at auka alliert aktivitet medfører behov for vakt og sikring. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 6,240 mill. kroner knytte til at drifta av kommunikasjonssystema Krypto og HF radiosystem blei overførte frå Luftforsvaret til Cyberforsvaret frå 1. januar 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 5,000 mill. kroner gjeld administrative utgifter for Forsvarsbygg knytte til øvinga Trident Juncture 2018. Forsvarsbygg vil fakturere Forsvaret i 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 3,919 mill. kroner knytte til prosjekta Tilrettelegging av data som blei overført til Forsvarsmateriell i 2017 og Logistikkprogrammet som blei lagde ned i 2017. Forsvarets fellestenestar på kap. 1720, post 01, har betalt fakturaer knytte til desse prosjekta i 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 1,950 mill. kroner knytte til forskingsprosjektet Sjømakt 2040: Geopolitisk utvikling og det maritime domenet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

  • 1,821 mill. kroner knytte til sal av konsulenttenestar frå Forsvarets fellestenestar og Cyberforsvaret i 2017. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01 (0,621 mill. kroner) og kap. 1760, post 45 (1,200 mill. kroner).

  • 1,700 mill. kroner knytte til tryggleiksgodkjenning og brukargodkjenning av informasjonssystem i Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 1,675 mill. kroner knytte til at Luftkrigsskulen, som ligg organisatorisk under Forsvarets høgskule, i 2018 har tatt opp fem ekstra studentar til grunnleggjande offisersutdanning. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 1,620 mill. kroner knytte til at studentar frå Hæren har deltatt på masterstudiet ved Naval Postgraduate School in Monterey i USA. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 1,130 mill. kroner knytte til at Forsvarets personell- og vernepliktssenter og Forsvarsmateriell har inngått ei avtale om at Forsvarsmateriell skal dekkje meirutgifter knytte til tenesteleveransar frå Forsvaret innanfor HR- og lønsområdet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

  • 1,118 mill. kroner knytte til at Forsvarets etterretningshøgskule blei vedtatt omgjort til våpenskule og lagd under Etterretningstenesta. Fleire utgifter knytte til Forsvarets etterretningshøgskule har blitt belasta kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1735, post 21.

  • 1,000 mill. kroner knytte til konsulentstøtte i samband med utarbeiding av ein digitaliseringsstrategi for Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 0,834 mill. kroner knytte til at vernepliktig personell frå Hæren har deltatt på kurs ved Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 0,700 mill. kroner knytte til å arrangera NATO Distinguished Visitors Day på øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 43 (0,500 mill. kroner) og kap. 4760, post 48 (0,200 mill. kroner).

  • 0,480 mill. kroner knytte til at Oslo Garnisonsforvaltning utdannar vernepliktige mannskapar til HV-02. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1734, post 01.

  • 0,450 mill. kroner knytte til at Ramsund orlogsstasjons utføring av vakt- og sikringsoppdrag for Forsvarets personell- og vernepliktssenter i Storgata 40 i Harstad er avslutta. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

  • 0,426 mill. kroner knytte til den årlege felt- og skarpskytingsøvinga Rein for Hæren. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 0,100 mill. kroner knytte til at ein klinisk ernæringsfysiolog er overført frå Forsvarsmateriell til Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 238,600 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er budsjetterte på kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01 (161,000 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (27,800 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (31,800 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (18,000 mill. kroner).

  • 65,000 mill. kroner knytte til at utanlandske og nasjonale styrkar som deltek på øvinga Trident Juncture 2018 har behov for vakthald og sikring. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01 (3,605 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (61,395 mill. kroner).

  • 36,023 mill. kroner knytte til at sensoravdelinga i Cyberforsvaret er flytta til Luftforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 20,000 mill. kroner knytte til auka seglingsaktivitet, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 4,717 mill. kroner knytte til husleige på Alliert treningssenter på Åsegarden. Treningssenteret er overført frå Forsvarets operative hovudkvarter til Hæren pr. 1. august 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 2,332 mill. kroner knytte til nedlegging av ordninga med utskrevet befal, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 1,717 mill. kroner knytte til yrkesskadeforsikring. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 1,025 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 1,003 mill. kroner knytte til at Forsvaret gjer ei omorganisering av kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1733, post 01 (0,103 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (0,900 mill. kroner).

  • 0,785 mill. kroner knytte til endring i styrkebidrag til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,600 mill. kroner knytte til Forsvarets medverking til kurssenter for førebyggande tryggleik. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1723, post 01.

  • 0,500 mill. kroner knytte til at Hærens våpenskole gjennomfører vinterkurs for allierte. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,013 mill. kroner knytte til innføring av ein ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01

Kap. 4720 Felleskapasitetar i Forsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

224 107

318 360

1 217 992

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått auka med 899,632 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 882,000 mill. kroner knytte til refusjonar i samband med sal til deltagande nasjonar i samband med øvinga Trident Juncture 2018.

  • 12,000 mill. kroner knytte til sal i samband med Norsk Military Tattoo og billettsal ved Forsvarets museum og Forsvarets musikk.

  • 3,650 mill. kroner knytte til sal ved Forsvarets messer og sal av garnisonstenestar.

  • 2,600 mill. kroner knytte til refusjonar frå Bergans Fritid AS som følgje av feil fakturering.

Posten er foreslått redusert med:

  • 0,618 mill. kroner knytte til inntekter frå alliert treningssenter på Åsegarden. Treningssenteret er overført frå Forsvarets operative hovudkvarter til Hæren pr. 1. august 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 4731, post 01.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

268 947

282 813

305 013

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 22,200 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 21,600 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4723, post 01, og gjeld hovudsakleg auka brukarinntekter.

  • 0,600 mill. kroner knytte til Forsvarets medverking til kurssenter for førebyggande tryggleik. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

11 618

11 618

33 218

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 21,600 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 8,600 mill. kroner knytte til brukarbetaling i samband med tryggingsgodkjenning.

  • 3,500 mill. kroner knytte til meirinntekter frå betalande medlemar og partnarar i Nasjonal tryggingsorgan Norwegian Computer Emergency Response Team.

  • 3,400 mill. kroner knytte til resterande refusjonar og vidarefakturering.

  • 3,200 mill. kroner knytte til resterande brukarbetaling.

  • 2,900 mill. kroner knytte til innbetalingar av konferanseinntekter og kursavgifter.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

5 066 104

5 205 315

5 355 927

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 150,612 mill. kroner.

Posten blir foreslått auka med:

  • 161,000 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er løyvd sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 9,460 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følgje av høgare lønstrinn i internasjonale operasjonar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1792, post 01

  • 4,717 mill. kroner knytte til husleige på Alliert treningssenter på Åsegarden. Treningssenteret er overført frå Forsvarets operative hovudkvarter til Hæren pr. 1. august 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,785 mill. kroner knytte til endring i styrkebidrag til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,618 mill. kroner knytte til inntekter frå alliert treningssenter på Åsegarden. Endringa på inntektssida gir ei tilsvarande endring på utgiftssida. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,570 mill. kroner knytte til feilbelastningar av løn etter at Forsvarets kompetansesenter for objektsikring blei overført frå Hæren til Heimevernet 1. januar 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1734, post 01.

  • 0,500 mill. kroner knytte til at Hærens våpenskole gjennomfører vinterkurs for allierte. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten blir foreslått redusert med:

  • 12,139 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01

  • 5,971 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 3,633 mill. kroner til oppretting av finansiering av horisontal samhandel, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,993 mill. kroner knytte til ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,620 mill. kroner knytte til at studentar frå Hæren har deltatt på masterstudiet ved Naval Postgraduate Schoolin Monterey i USA. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,834 mill. kroner knytte til at vernepliktig personell frå Hæren har deltatt på kurs ved Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,426 mill. kroner knytte til den årlege felt- og skarpskytingsøvinga Rein for Hæren. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,422 mill. kroner knytte til at Forsvaret gjer ei omorganisering av kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1733, post 01.

Kap. 4731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

90 456

90 456

91 074

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått auka med 0,618 mill. kroner knytte til inntekter frå alliert treningssenter på Åsegarden. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 4720, post 01.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 114 269

4 116 541

4 211 064

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 94,523 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 50,000 mill. kroner knytte til berging av fregatten KNM Helge Ingstad etter hendinga.

  • 30,000 mill. kroner gjeld økt segling knytte til forsterka, nasjonale operasjonar. Dette gjeld auka seglingsaktivitet pålagd av Forsvarets operative hovudkvarter, og er knytte til operative behov som ikkje er budsjetterte av Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (20,000 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (10,000 mill. kroner).

  • 27,800 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er løyvd sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret fordelast desse midlane i samsvar med planane for deltaking på desse fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 4,400 mill. kroner knytte til nedlegging av ordninga med utskrevet befal. Utskrevet befalskurs var ei leiarutdanning for soldatar som var inne til førstegongsteneste. Det er behov for midlar til å oppretthalde ei anna utdanning ved KNM Harald Hårfagre. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (2,332 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (2,068 mill. kroner).

  • 4,200 mill. kroner knytte til utvida vakthald og sikring på Evenes flystasjon i oppstartinga av byggeperioden i samband med framtidige oppgåver. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 3,980 mill. kroner knytte til auka drivstoffutgifter. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 3,605 mill. kroner knytte til at utanlandske og nasjonale styrkar som deltar på øvinga Trident Juncture 2018 har behov for vakthald og sikring, jf. omtale på kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 1,551 mill. kroner knytte til innføring av ein ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting i Forsvaret, der løyvinga til Sjøforsvaret blei for lav i 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (0,013 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (1,538 mill. kroner).

  • 0,700 mill. kroner knytte til at Forsvaret omorganiserer kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1735, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 14,000 mill. kroner knytte til midlar til vedlikehalds-, reserve- og beredskapsmateriell til Forsvarets logistikkorganisasjon, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 7,800 mill. kroner knytte til at batterifabrikken i Horten, som produserer batteri for Forsvaret til undervassbåtar i ULA-klassen, er overført til Forsvarets logistikkorganisasjon. Forsvarsdepartementet foreslår at midler til drift og vedlikehald av bygningsmassen blir omdisponerte tilsvarande. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 5,936 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 1,950 mill. kroner knytte til forskingsprosjektet Sjømakt 2040: Geopolitisk utvikling og det maritime domenet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,568 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,450 mill. kroner knytte til at Ramsund orlogsstasjons utføring av vakt- og sikringsoppdrag for Forsvarets personell- og vernepliktssenter i Harstad er avslutta. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,009 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 936 621

5 132 194

4 996 329

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 135,865 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 36,023 mill. kroner knytte til at sensoravdelinga i Cyberforsvaret er flytta til Luftforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 31,800 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er løyvd sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 4,797 mill. kroner knytte til auka drivstoffprisar. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 1,800 mill. kroner knytte til etableringa av 134 Luftving på Rygge flystasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå meirinntekter knytte til refusjonar frå NATO, jf. omtale under kap. 4760, post 48.

  • 0,670 mill. kroner knytte til at Forsvaret gjør ei omorganisering av kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (0,103 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,422 mill. kroner) og kap. 1735, post 01 (0,145 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 94,312 mill. kroner gjeld forsinka refusjonar knytte til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 34,006 mill. kroner knytte til auka drivstoffutgifter. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01 (3,980 mill. kroner) og kap. 1790, post 01 (30,026 mill. kroner).

  • 18,618 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01 (16,064 mill. kroner) og kap. 1790, post 01 (2,554 mill. kroner).

  • 11,135 mill. kroner knytte til tenestetillegg for personell og elevar som høyrer til på Luftforsvarets befalsskole, som organisatorisk ligg under Forsvarets høgskule. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 10,000 mill. kroner knytte til økt seglingsaktivitet, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 7,073 mill. kroner knytte til anskaffing av ein ny 12,7 mm våpenplattform til Forsvarets spesialstyrkar. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 6,544 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 6,300 mill. kroner knytte at auka alliert aktivitet medfører behov for vakt og sikring. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 6,240 mill. kroner knytte til at drifta av kommunikasjonssystema Krypto og HF radiosystem blei overført frå Luftforsvaret til Cyberforsvaret frå 1. januar 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 5,400 mill. kroner knytte til midlar til vedlikehalds-, reserve- og beredskapsmateriell til Forsvarets logistikkorganisasjon, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 4,200 mill. kroner knytte til utvida vakthald og sikring på Evenes flystasjon i starten av byggeperioden i samband med framtidige oppgåver. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 2,068 mill. kroner knytte til nedlegging av ordninga med utskrivne befal, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 1,675 mill. kroner knytte til at Luftkrigsskulen, som ligg organisatorisk under Forsvarets høgskule, i 2018 har tatt opp fem ekstra studentar til grunnleggjande offisersutdanning. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,538 mill. kroner knytte til innføring av ein ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1732, post 01. Midlane er foreslått omdisponert til kap. 1732, post 01.

  • 1,000 mill. kroner knytte til konsulentstøtte i samband med utarbeiding av ein digitaliseringsstrategi for Forsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,496 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,350 mill. kroner knytte til endring i styrkebidrag til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1734 Heimevernet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 241 819

1 338 370

1 401 162

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 62,792 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 61,395 mill. kroner knytte til at utanlandske og nasjonale styrkar som deltar på øvinga Trident Juncture 2018 har behov for vakthald og sikring, jf. omtale på kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 18,000 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar i utgangspunktet er løyvd sentralt, jf. omtale under kap. 1720, post 01. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på desse fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,900 mill. kroner knytte til at Forsvaret gjør ei omorganisering av kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,350 mill. kroner knytte til endring i styrkebidrag til øvinga Trident Juncture 2018. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

Posten er foreslått redusert med:

  • 11,320 mill. kroner knytte til midlar til vedlikehalds-, reserve- og beredskapsmateriell til Forsvarets logistikkorganisasjon, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 3,263 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 1,902 mill. kroner til oppretting av finansiering av horisontal samhandel, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,570 mill. kroner knytte til feilbelastningar av løn etter at Forsvarets kompetansesenter for objektsikring blei overført frå Hæren til Heimevernet 1. januar 2018. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,480 mill. kroner knytte til at Oslo Garnisonsforvaltning utdannar vernepliktige mannskapar til HV-02. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,318 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

Kap. 1735 Etterretningstenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

21

Spesielle driftsutgifter

1 905 510

1 965 641

2 007 156

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 41,515 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 45,000 mill. kroner knytte til forsering av grunnsikring av etablissementa til Etterretningstenesta på Lutvann leir. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1710, post 47.

Posten er foreslått redusert med:

  • 1,118 mill. kroner knytte til at Forsvarets etterretningshøgskule blei vedtatt omgjort til våpenskule og lagd under Etterretningstenesta. Fleire utgifter knytte til Forsvarets etterretningshøgskule har blitt belasta kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,845 mill. kroner knytte til at Forsvaret gjer ei omorganisering av kommunikasjonsverksemda. Føremålet med omorganiseringa er å etablere ein meir robust, effektiv og koordinert kommunikasjonsorganisasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01 (0,700 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (0,145 mill. kroner).

  • 0,793 mill. kroner til oppretting av finansiering av horisontal samhandel, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,321 mill. kroner knytte til gjennomført interneffektivisering, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til 1720, post 01.

  • 0,314 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,094 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 587 607

1 653 611

1 760 300

44

Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del

96 331

81 331

96 403

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

5 914 782

5 943 403

5 973 715

48

Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del

71 500

67 684

63 884

75

Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik

92 430

92 430

106 827

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 106,689 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 64,500 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01 og gjeld refusjonar frå Forsvarsbygg.

  • 44,140 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01 og gjeld refusjonar knytte til planleggingsverktøyet for systemartikkelforvaltning og bygg og anlegg knytte til Norwegian All Weather Search and Rescue Helicopter.

  • 3,840 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01 og gjeld refusjon frå prosjekt NATO Seasparrow Project Office.

  • 1,717 mill. kroner knytte til yrkesskadeforsikring. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,750 mill. kroner gjeld inndekning av gjennomføringsutgifter knytte til prosjektporteføljen til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

Posten er foreslått redusert med:

  • 6,000 mill. kroner gjeld prosjekt Sørreisa – Restore Jetty som er knytte til rehabilitering av kaia på Sørreisa som er nytta av Forsvaret og NATO. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 44.

  • 1,130 mill. kroner knytte til at Forsvarets personell- og vernepliktssenter og Forsvarsmateriell har inngått ei avtale om at Forsvarsmateriell skal dekkje meirutgifter knytte til tenesteleveransar frå Forsvaret innanfor HR- og lønsområdet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,621 mill. kroner knytte til sal av konsulenttenestar frå Forsvarets fellestenestar og Cyberforsvaret i 2017. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,407 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,100 mill. kroner knytte til at ein klinisk ernæringsfysiolog er overført frå Forsvarsmateriell til Forsvarets sanitet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 15,072 mill. kroner knytte til royalties frå Kongsberg Defence & Aerospace og Thales Norway AS samt prosjekt Sørreisa – Restore Jetty som gjeld rehabilitering av kaia på Sørreisa som nyttast av Forsvaret og NATO. Midlane er foreslått finansierte med tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01 (9,072 mill. kroner) og frå kap. 1760, post 01 (6,000 mill. kroner).

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 30,312 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med 46,659 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01 og vidareutvikling av Naval Strike Missile (37,600 mill. kroner), brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSET nett (5,800 mill. kroner) og konvensjonalbøter (3,259 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 14,397 mill. kroner knytte til at Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik har medført behov for å tilføre midlar på kap. 1760, post 75. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 75.

  • 1,200 mill. kroner knytte til sal av konsulenttenestar frå Forsvarets fellestenestar og Cyberforsvaret i 2017. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,750 mill. kroner gjeld inndekning av gjennomføringsutgifter knytte til prosjektporteføljen til NSM. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 3,800 mill. kroner knytte til redusert utbetaling til NATO i samband med det maritime kommunikasjonssystemet Broadcast and ship to shore.

Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik

Løyvinga på posten er foreslått auka med 14,397 mill. kroner knytte til Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

30 174

52 467

174 019

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

0

54 792

101 451

48

Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter

71 536

71 536

250 998

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 121,552 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 64,500 mill. kroner gjeld utlegg for Forsvarsbygg knytte til fleire byggeprosjekter. Desse utlegga er fakturerte Forsvarsbygg og kjem fram som refusjonar til Forsvarsmateriell.

  • 44,140 mill. kroner gjeld utlegg knytte til planleggingsverktøyet for systemartikkelforvalting og bygg og anlegg knytte til Norwegian All Weather Search and Rescue Helicopter. Desse utlegga er fakturerte Forsvarsbygg og kjem fram som refusjonar til Forsvarsmateriell.

  • 9,072 mill. kroner knytte til auka royalties i hovudsak frå Kongsberg Defence & Aerospace og Thales Norway AS for høvesvis utviklingssamarbeid om sjømålsmissilet Naval Strike Missile og informasjonstryggleikssystem.

  • 3,840 mill. kroner knytte til refusjon frå prosjekt NATO Seasparrow Project Office.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 46,659 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 37,600 mill. kroner gjeld forskott på innbetaling frå Tyskland knytte til risikoreduserande vidareutvikling av Naval Strike Missile.

  • 5,800 mill. kroner knytte til brukarbetaling for Nasjonalt BEGRENSET nett.

  • 3,259 mill. kroner knytte til konvensjonalbøter betalt av Forsvarsmateriells leverandørar ved forseinkingar på leveransar av materiell i samband med anskaffingskontrakt.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 179,462 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 183,262 mill. kroner knytte til refusjon frå NATO i samband med det prefinansierte prosjektet Extended runway and taxiway – Ørland. Midlane frå refusjonen er nytta til inndekning av fleire prosjekter, jf. omtale under dei gjeldande kapittel og postar.

Posten er foreslått redusert med:

  • 3,800 mill. kroner og er knytte til redusert utbetaling til NATO i samband med det maritime kommunikasjonssystemet Broadcast and ship to shore. Reduksjonen kjem som følgje av usikkerheit i framdrifta på prosjektet.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

187 322

189 034

164 034

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

7 787 467

7 787 467

7 812 467

47

Nybygg og nyanlegg

1 022 487

1 022 487

1 310 487

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 25,000 mill. kroner knytte til auka bruk av konsulenttenestar på kampflyprogrammet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1761, post 45.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått auka med 25,000 mill. kroner knytte til auka bruk av konsulenttenester på kampflyprogrammet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1761, post 01.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er foreslått auka med 288,000 mill. kroner og gjeld forserte aktivitetar knytte til etablering av kampflybase på Ørland. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1710, post 47.

Kap. 1790 Kystvakta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 027 838

950 664

983 244

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 32,580 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 30,026 mill. kroner knytte til auka drivstoffutgifter. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 2,554 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

854 745

955 451

910 074

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 45,377 mill. kroner.

Posten er foreslått redusert med:

  • 45,000 mill. kroner som følgje av forventa reduserte inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet, jf. omtale under kap. 4791, post 01.

  • 0,270 mill. kroner til oppretting av finansiering av horisontal samhandel, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,080 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,027 mill. kroner knytte til anskaffing av ny 12,7 mm våpenplattform til Forsvarets spesialstyrkar, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

766 460

863 284

818 284

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 45,000 mill. kroner knytte til forventa reduserte inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Sea King-maskinanes høge alder fører til ein utfordrande driftsituasjon og behov for meir vedlikehald. Det er sett i verk eit eige vedlikehalds- og modifiseringsprogram for dagens Sea King-helikopterflåte for å sikre forsvarleg beredskap og drift i åra fram til dei nye redningshelikoptra er fasa inn.

På bakgrunn av at enkelte utgifter knytte til vedlikehald av motorar og komponentar først kjem til neste år, er det foreslått å redusere løyvinga på posten med 45,000 mill. kroner.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2018

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 009 909

1 010 666

859 945

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 150,721 mill. kroner.

Posten er foreslått auka med:

  • 10,099 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjonar. Regulativløna til dette personellet blir løyvd på kap. 1792, post 01, men lønsauka blir løyvd på dei enkelte kapitla. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (1,025 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (5,971 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (1,568 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,496 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,318 mill. kroner), kap. 1735, post 01 (0,314 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (0,407 mill. kroner).

Posten er foreslått redusert med:

  • 147,088 mill. kroner knytte til utanlandsoperasjonar. Lågare utgifter til utanlandsoperasjonane Operation Inherent Resolve (87,429 mill. kroner), NATO Enhanced Forward Presence (16,000 mill. kroner), Triton (15,500 mill. kroner), MINUSMA (13,000 mill. kroner), kapasitetsbygging i Sahel, Irak og Jordan (12,445 mill. kroner) og kapasitetsbyggingsaktiviteten Flintlock i Sahel-regionen i Afrika (2,714 mill. kroner) forventas å medføre eit mindrebehov på kap. 1792, post 01, i andre halvår 2018. Bakgrunnen er at operasjon Triton no er avvikla, samt at dei andre nemnde operasjonane er i ferd med å trappast ned eller blitt rimelegare enn først antatt.

  • 9,460 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følgje av høgare lønstrinn i internasjonale operasjoner. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 4,272 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrustning er innført i Forsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Til toppen
Til forsida av dokumentet