Prop. 164 S (2016–2017)

Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av prosjekt og tiltak på riks- og fylkesvegnettet i kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen nord i Hordaland (Nordhordlandspakken).

Nordhordlandsregionen har vel 35 000 innbyggjarar, og folketalet er venta å auke til 45 000 innbyggjarar innan 2030. Regionen er tett integrert og utgjer ein felles bu- og arbeidsmarknad. Regionen har eit variert næringsliv. Her ligg mellom anna industriområdet Mongstad med omlag 100 ulike næringsverksemder og nærare 3 000 sysselsette. Ved produksjonsstart ved Johan Sverdrup-feltet vil olje bli ført i røyr til terminal på Mongstad. Det er venta at dette vil føre til auke i trafikken til og frå Mongstad.

Eksisterande vegnett er ikkje tilpassa veksten i regionen. Framkomsten for næringstransporten er dårleg på mange strekningar. I tillegg er det naudsynt å betre framkomsten og tryggleiken for gåande og syklande. Mange fylkesvegar har berre eitt køyrefelt utan tilbod for gåande og syklande. I perioden 2000 til 2012 vart det registrert 24 omkomne og 114 alvorleg skadde på vegane i Nordhordland. Det er derfor eit stort behov for å utbetre vegnettet i regionen og mot Bergen både med tanke på framkomst og trafikktryggleik.

Nordhordlandspakken omfattar prosjekt og tiltak på E39 og fylkesvegnettet. Det er mellom anna lagt opp til utviding av E39 gjennom Knarvik sentrum. For å auke trafikktryggleiken er det lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar. I tillegg er det lagt opp til å styrke kollektivtrafikken og leggje til rette for meir miljøvennlege transportløysingar, mellom anna for å dempe trafikkveksten inn mot sentrale delar av Bergen.