Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

10 Om oppbevaring, utlån, transport og inn- og utføring av skytevåpen med vidare

10.1 Gjeldande rett

10.1.1 Gjeldande reglar for oppbevaring

Etter våpenlova § 27 a skal skytevåpen, vital del av skytevåpen og ammunisjon oppbevarast forsvarleg nedlåste. Kva som reknast for vital våpendel er nærare regulert i våpenforskrifta § 79 andre ledd. Kongen kan i medhald av § 27 a andre og tredje punktum sette nærare krav til oppbevaring. Våpenforskrifta kapittel 16 fastset nærare reglar om oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, medrekna krav om at skytevåpen skal oppbevarast i godkjent tryggingsskap eller i godkjent våpenrom.

10.1.2 Gjeldande reglar for utlån av skytevåpen

Etter våpenlova § 11 første ledd kan løyvehavaren for inntil fire veker av gangen låne ut hagler eller rifler til personar som oppfyller krava til minstealder etter § 7. Skytevåpen skal likevel ikkje lånast ut til personar som har fått tilbakekalla våpenløyve på grunn av brot på dei personlege vilkåra, som er gjeve forbod mot å eige eller å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter våpenlova § 10 sjuande ledd eller § 15, eller som «[…] for øvrig må antas å være uskikket til å inneha våpenet.», jf. § 11 andre ledd.

Løyvehavar skal gje ei skriftleg stadfesting på lånet. Reglane om minstealder og skriftleg stadfesting gjeld likevel ikkje når den som har løyvet er saman med, og har direkte tilsyn med den som brukar skytevåpenet, jf. våpenlova § 11 tredje ledd.

Er låntakar under 18 år skal politiet samtykke til utlånet, med unntak av når utlånet skjer under forsvarleg tilsyn av den som eig våpenet, jf. våpenlova § 29, første og andre ledd. Pistol, revolver eller halvautomatisk rifle kan berre lånast ut til personar som har våpenløyve på tilsvarande våpen frå før, jf. våpenforskrifta § 85 og § 86.

10.1.3 Gjeldande reglar for transport og sending

Etter våpenlova § 27 b første ledd skal skytevåpen transporterast uladd, og normalt vere tildekt under transport. Den som transporterar skytevåpen skal vidare tryggje at det ikkje kjem på avvege, og kan ikkje utan aktverdig grunn ta med skytevåpen på offentleg stad. Våpenforskrifta § 84 gjev nærare reglar for korleis transport av skytevåpen skal skje.

10.1.4 Gjeldande reglar for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Våpenlova kapittel VI regulerer inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Etter våpenlova § 23 første ledd må den som skal inn- eller utføre skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon ha løyve frå rette departement. Etter forskrift 25. januar 1963 nr. 2 om ikrafttreden av og delegasjon etter lov om skytevåpen og ammunisjon del II punkt 9 er mynda til å gje løyve til innførsel og ikkje-ervervsmessig utførsel lagt til Justis- og beredskapsdepartementet, medan Utanriksdepartementet kan gje løyve til eksport. I medhald av nemnte forskrift del II punkt 11 er mynda til å gjere vedtak om innførsel og ikkje- ervervsmessig utførsel lagt til politiet.

Politiet kan gje næringsdrivande løyve til å kunne innføre skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, medan privatpersonar kan gjevast løyve til å innføre slike gjenstandar til eige bruk, jf. våpenlova § 24.

Eksport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon er nærare regulert i lov 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi (eksportkontrolloven) og Utanriksdepartementet si forskrift 19. juni 2013 nr. 718 om eksport av forsvarsmateriell, flerbruksvarer, teknologi og tjenester (eksportkontrollforskrifta).

10.2 Internasjonale rammer

10.2.1 Oppbevaring og transport

Etter det reviderte våpendirektivet artikkel 5a skal medlemsstatane innføre nasjonale reglar for å tryggje sikker oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Når skytevåpen ikkje er i tryggingsskap, skal det vere fråskilt frå ammunisjon under oppbevaring eller transport.

EU sitt rådsdirektiv 93/15/EØF av 5. april 1993 fastset reglar for medlemsstatane sin overføring, marknadsføring og kontroll med eksplosive varer til sivil bruk, medrekna krav til oppbevaring og transport. Dette regelverket er implementert i norsk rett gjennom brann- og eksplosjonsvernlovgjevinga og vert difor ikkje omtala nærare her.

10.2.2 Utlån

EU sitt våpendirektiv artikkel 9 nr. 2 gjev medlemsstatane høve til å fastsette nasjonale reglar for mellombels overlevering av skytevåpen, utan at det vert gjeve særskilte føringar på korleis det nasjonale regelverket skal utformast.

10.2.3 Inn- og utførsel

EU sitt våpendirektiv kapittel 3 regulerer korleis overføringa av skytevåpen mellom medlemsstatane skal skje. Artikkel 11 og 12 fastset prosedyrar for korleis skytevåpen skal sendast eller på annan måte transporterast mellom medlemsstatane. Desse prosedyrane skal også gjelde for distansehandel mellom personar i ulike medlemsstatar. Slik oversending eller transport krev som hovudregel løyve frå dei aktuelle medlemsstatane. Eit viktig unnatak frå denne hovudregelen er mellombels utførsel av skytevåpen i samband med jakt eller sportsskyting når våpeninnehavar har Europeisk våpenpass. Etter artikkel 13 skal også medlemsstatane utveksle naudsynt informasjon om overførsel eller transport av skytevåpen.

Etter EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 12 paragraf 2 vil dei forenkla prosedyrane for mellombels utførsel for jegerar og sportsskyttarar også gjelde for mellombels utførsel av skytevåpen i samband med historiske rekonstruksjonar. I EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 13 paragraf 4 er det gjeve reglar om at utvekslinga av informasjon om overføring mellom medlemsstatar skal skje elektronisk. Kommisjonen skal gje nærare reglar etter artikkel 13 nr. 5 for korleis denne informasjonen skal utvekslast.

Etter FN sin våpenprotokoll artikkel 10 skal konvensjonsstatane etablere og halde eit effektivt system for eksport, import og transitt av mellom anna skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Overføring mellom konvensjonsstatar skal skje i samsvar med fastsette retningsliner, der eksportstaten mellom anna skal tryggje at import- og transittlandet har gjeve dei naudsynte løyve til overføringa og at import- eller transittstaten er varsla om når og korleis overføringa skal skje.

Etter artikkel 10 nr. 6 kan konvensjonsstatane gjere unntak frå desse prosedyrane ved eksport eller transitt av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som skal brukast til lovlege aktivitetar, slik som til dømes jakt, sportsskyting, kontroll, utstilling og liknande føremål.

FN sin avtale om våpenhandel (ATT) set mellom anna som krav at avtalepartane overheld dei krav til kontroll med eksport og transitt av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er fastsett i FN sin våpenprotokoll. Etter artikkel 6 og 7 skal ikkje avtalestatane eksportere slike gjenstandar om det vil bryte med overnasjonalt regelverk. Avtalestatane skal vidare vurdere risikoen for at gjenstandane vil undergrave fred og tryggleik eller verte bruka til alvorlege brot på internasjonale humanitær- eller menneskerettar. Etter artikkel 8 skal denne vurderinga mellom anna byggje på dei opplysingar som importstaten skal sende før det eventuelt gjevast løyve til eksport.

10.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

10.3.1 Oppbevaring og transport

Våpenlovutvalet føreslår i hovudsak å vidareføre gjeldande krav til oppbevaring, men slik at nokre av våpenforskrifta sine krav til oppbevaring vert lovfesta. Utvalet føreslår vidare å presisere at våpeninnehavar skal oppbevare gjenstandane i sin faste bustad, og at eventuelle unntak frå denne regelen bør fastsettast i forskrift. I utvalet sitt lovutkast er det også innteke ein regel om at dei våpendelar som etter gjeldande regelverk ikkje treng oppbevarast i tryggingsskap, skal oppbevarast nedlåste.

Når det gjeld dei nærare krava til godkjenning av tryggingsskap, føreslår eit fleirtal i utvalet å vidareføre gjeldande reglar. Ein representant meiner at kravet til godkjenning bør lempast slik at tryggingsskapet ikkje treng fastboltast i enten vegg eller golv. Eit samla utval føreslår å lovfeste reglane i våpenforskrifta § 84 sine reglar om transport av skytevåpen, løyvepliktige våpendelar og ammunisjon.

10.3.2 Utlån

Våpenlovutvalet meiner at kontrollen med utlån av skytevåpen bør styrkast. Utvalet føreslår difor å lovfeste eit krav om at personar som ikkje sjølv har våpenkort på tilsvarande gjenstand må ha løyve frå politiet for å kunne låne gjenstanden. På grunnlag av den strengare kontrollen med om låntakar oppfyller vilkåra for erverv, føreslår våpenlovutvalet å justere tidsramma for utlån frå fire veker til seks månader. Utvalet føreslår også å opne for at personar på dei same vilkår som for privat utlån, skal kunne leige våpen av profesjonelle utleigarar.

Vidare så føreslår utvalet å vidareføre gjeldande ordning med at skytevåpen utan særskilt løyve kan overlatast til andre når det skjer saman med og under forsvarleg tilsyn av løyvehavar. I lovutkastet er likevel ikkje forbodet mot å overlate skytevåpen til personar som har fått tilbakekalla våpenløyvet på grunn av brot på dei personlege vilkåra eller som er gjeve forbod mot å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon ført vidare.

10.3.3 Inn- og utførsel

Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande reglar for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Utvalet føreslår likevel som noko nytt at reglane om inn- og utførsel også bør gjelde for deaktiverte skytevåpen. Utvalet syner til at eit krav om løyve for innførsel av deaktiverte skytevåpen vil styrke kontrollen med at slike skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte.

10.4 Høyringsinstansane sitt syn

10.4.1 Oppbevaring, transport og utlån

Kripos meiner det ikkje er grunn til å innføre strengare reglar for nedlåsing av skytevåpen, og meinar at utvalet sitt framlegg kan innebere praktiske vanskar for mange.

Rogaland politidistrikt meiner at våpenlova må presisere krava til godkjenning av tryggingsskap, og at regelverket bør vere tilpassa personar som ikkje bur i bustadar som kan oppfylle krava til oppbevaring. Norges Jeger- og Fiskerforbund og Norske Reserveoffiserers Forbund gjev uttrykk for liknande syn.

Det har ikkje kome motsegner mot våpenlovutvalet sitt framlegg til reglar for mellombels oppbevaring og transport i høyringsrunda, men Norges Jeger- og Fiskerforbund har understreka behovet for å fastsette hensiktsmessige reglar for mellombels oppbevaring under jakt og skytekonkurransar.

Det har heller ikkje kome motsegner mot våpenlovutvalet sitt framlegg om å innføre krav til løyve for lån av skytevåpen, og fleire politidistrikt har understreka behovet for betre kontroll med kven som har tilgang på skytevåpen.

10.4.2 Inn- og utførsel

Utenriksdepartementet meiner at våpenlova bør klargjere mynda for utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, slik at det kjem klart fram kva for departement som har mynde til å gje løyve etter lova.

Kripos meiner det er behov for å styrke regelverket for kontroll med importen av deaktiverte skytevåpen, og syner til mellom anna til at det har vorte importert større mengder deaktiverte automatvåpen som enkelt kan gjerast om til funksjonelle skytevåpen. Kripos støttar difor framlegget om å innføre krav til løyve for innførsel av slike våpen. Oslo politidistrikt og Våpenrådet gjev uttrykk for tilsvarande synspunkt. Kripos meiner vidare at reglane for inn- og utførsel bør vere betre harmonisert i høve til våre plikter etter internasjonal rett.

10.5 Departementet sine merknader

10.5.1 Oppbevaring og transport

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at reglane om oppbevaring og transport bør lovfestast, og sluttar seg i hovudsak til våpenlovutvalet sitt framlegg, sjå lovframlegget § 19 og § 20.

Departementet meiner til liks med utvalet at ein regel om at løyvepliktige skytevåpen skal oppbevarast på innehavar sin faste bustad gjev den beste tryggleiken mot feil- eller misbruk. Denne regelen kan likevel vere vanskeleg å etterleve for personar som mellombels bur på ei anna adresse enn der vedkomande er folkeregistrert, til dømes på grunn av arbeid eller studiar. Departementet tilrår difor å lovfeste ein regel som gjev politiet heimel til å kunne gje fritak frå dette kravet om ikkje tryggleiksmessige forhold talar mot det, sjå lovframlegget § 19 andre ledd.

Departementet er samd med utvalet i at reglane om oppbevaring av skytevåpen, eller vital del av skytevåpen, i våpenskap eller våpenrom bør vidareførast. Denne regelen gjev ein god tryggleik mot feil- eller misbruk av skytevåpen og det har ikkje kome motsegner mot dette i høyringa. Departementet er likevel ikkje samd i utvalet sitt framlegg om strengare reglar for oppbevaring av våpendelar. Framlegget vil gje store praktiske vanskar for personar som ikkje har plass til å montere større tryggingsskap. Det er heller ikkje kome fram moment i utvalet sitt framlegg eller i høyringa som tilseier at tiltaket vil redusere risikoen for feil- eller misbruk av skytevåpen.

Når det gjeld kravet til oppbevaring av ammunisjon, samt reglane for næringsdrivande sin oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, følgjer departementet opp utvalet sitt framlegg og kan i hovudsak slutte seg til den grunngjeving som utvalet har gjeve, sjå lovframlegget § 19 tredje og fjerde ledd.

Departementet tilrår å fastsette noko lempelegare krav til korleis skytevåpen, våpendelar og ammunisjon skal mellombels oppbevarast eller transporterast enn det som følgjer av utvalet sitt framlegg. Dei stadlege forhold under til dømes jakt eller skytekonkurransar kan gjere det praktisk uråd å oppfylle absolutte krav til at skytevåpen eller nærare bestemt våpendel og ammunisjon skal transporterast og oppbevarast under forsvarleg tilsyn. Departementet tilrår difor å innføre eit krav om at løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon skal vere forsvarleg tryggja mot at uvedkomande får tak i dei. Vidare tilrår departementet å lovfeste som noko nytt at løyvepliktige skytevåpen og ammunisjon skal oppbevarast eller transporterast fråskilt når dei ikkje er i godkjent tryggingsskap, slik at lovframlegget samsvarar med dei krav som revidert EU-våpendirektiv artikkel 5a set til mellombels oppbevaring og transport av skytevåpen og ammunisjon. Departementet tilrår til sist å gje ein forskriftsheimel til å kunne fastsette nærare krav til mellombels oppbevaring, transport eller sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, sjå lovframlegget § 41 nr. 20.

Departementet er elles samd med utvalet sitt framlegg til reglar for sending av skytevåpen og ammunisjon, men tilrår at reglane vert lagt til forskrift slik at dei enklare kan harmoniserast med brann- og eksplosjonsvernlovgjevinga sine reglar for sending av ammunisjon.

10.5.2 Utlån

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at kontrollen med kven som kan låne skytevåpen bør styrkast, og syner til den grunngjeving som utvalet har gjeve for framlegget. Det vert også synt til at ingen av høyringsinstansane har fremja motsegner til framlegget, og at politietatane har understreka behovet for å gjere endringar i gjeldande regelverk.

Departementet tilrår difor å innføre krav om at personar som ikkje har våpenløyve på tilsvarande våpen, må ha løyve frå politiet for å kunne låne skytevåpen, sjå lovframlegget § 18. Etter framlegget vert vilkåra for lån lik den som for andre våpenløyve. Departementet kan ikkje sjå at det rettslige grunnlaget for løyvet skal ha betyding for kor lenge det kan gjelde for, og følgjer ikkje opp framlegget om å fastsette ei absolutt grense for kor lenge løyvet kan vare for.

Når det gjeld kortvarig overlating av skytevåpen, er dette særleg aktuelt for jakt- og skyttarorganisasjonane sine aktivitetar. Desse aktivitetane omfattar mellom anna instruksjon og anna opplæring for medlemmer som ønskjer å byrje med jakt- eller skytesport. Slik organisert opplæring er viktig for å tryggje god våpenbruk. Departementet tilrår difor å vidareføre gjeldande ordning med at skytevåpen utan særskilt løyve kan lånast ut under forsvarleg tilsyn.

Departementet meiner likevel at gjeldande forbod mot å overlate skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til personar som har fått tilbakekalla våpenløyve eller som er gjeve forbod mot å ha slike gjenstandar bør vidareførast, då ordninga elles kan misbrukast til å gje uskikka personar tilgang til skytevåpen. Sidan utvalet sitt framlegg ikkje er nærare grunngjeve i innstillinga, kan det også vere grunn til å tru at det ikkje var tilsikta å endre rettstilstanden på dette punktet.

10.5.3 Inn- og utførsel

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at gjeldande reglar for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon bør vidareførast, sjå lovframlegget § 21 og § 22. Dette betyr at politiet gjev løyve til innførsel og ikkje-ervervsmessig utførsel, medan mynda til å gje løyve til ervervsmessig utførsel vert lagt til Utenriksdepartementet. Departementet er elles samd i Utenriksdepartementet sin merknad om behovet for å lovfeste kva departement som har mynde til å gjere vedtak om utførsel.

Departementet følgjer opp utvalet sitt framlegg om at kravet til løyve for inn- og utførsel også skal gjelde for deaktiverte skytevåpen. Departementet meiner til liks med utvalet at det er behov for å føre betre kontroll med importen av slike våpen. Eit krav om løyve for inn- og utførsel vil bety at den som inn- eller utførar deaktiverte skytevåpen mellom anna må dokumentere at våpenet er deaktiverte i samsvar med regelverket. Departementet syner elles til omtalen av deaktiverte våpen i punkt 7.1.5.1 og punkt 11.3.5.1.

For å styrke oppfølginga av våre mellomfolkelege plikter tilrår departementet også at det kjem tydeleg fram at inn- og utførsel berre kan skje når søkar kan dokumentere at overføringa oppfyller dei krav som regelverket set. Det synast her også til Kripos sine merknader i høyringa. Departementet meiner at dei nærare vilkåra for inn- og utførsel etter våpenlovgjevinga bør regulerast i forskrift, slik at regelverket enklare kan tilpassast til dei krav som mellomfolkelege avtalar set til den norske våpenlovgjevinga.

Til toppen
Til forsida av dokumentet