Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

12 Om kontroll med tildelte våpenløyve

Våpenlovutvalet tilrår å innføre ei rad med tiltak for å betre kontrollen med tildelte våpenløyve. Nedanfor følgjer ein nærare omtale av desse.

12.1 Om tidsavgrensa løyve og krav til regelvisse eigenfråsegner

12.1.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande våpenlov skal våpenløyve som hovudregel vere tidsubestemte. Dette betyr at løyvet som hovudregel gjeld fram til det eventuelt vert tilbakekalla. I våpenlovgjevinga er det ikkje gjeve nokon klar plikt for politiet til å føre kontroll med tildelte løyve. Reglane om tilbakekall av våpenløyve føreset likevel at politiet førar kontroll med om dei som har slikt løyve framleis oppfyller vilkåra.

12.1.2 Internasjonale rammer

Det reviderte våpendirektivet innførar krav til kontroll med tildelte våpenløyve. Medlemsstatane skal etter artikkel 5 nr. 2 ha eit kontrollsystem for våpenløyve som skal kunne vurdere opplysingar, medrekna opplysingar om løyvehavar sin helsetilstand, som tilseier at løyvehavar ikkje lenger oppfyller vilkåra for våpenløyve. I fortalen punkt 11 er det presisert at direktivet ikkje set krav om obligatoriske helseattestar for å kunne ha våpenløyve. Etter artikkel 7 nr. 4 skal medlemsstatane kontrollere våpenløyve i kategori A og B seinast kvart femte år, men det er ikkje sett krav om at våpenløyve skal vere tidsavgrensa eller til korleis kontrollen skal gjennomførast. I det reviderte våpendirektivet artikkel 6 nr. 7 er det sett krav til at medlemsstatane skal tryggje at det seinast kvart femte år skal kontrollerast om grunnlaget for å vidareføre løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i kategori A er oppfylt, medrekna kravet til aktivitet og medlemsskap i godkjent skyttarforbund for innehav av slike våpen og våpenmagasin til sportsskyting.

12.1.3 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Eit fleirtal i våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande ordning med at våpenløyve normalt ikkje gjerast tidsavgrensa. Mindretalet meiner at løyve for einskilde våpentypar (pistol, revolver og halvautomatiske rifler) bør gjerast tidsavgrensa.

Vidare føreslår eit fleirtal å innføre krav om at den som har våpenløyve må sende inn regelvisse eigenfråsegner. Føremålet med ordninga er at det då kan kome fram opplysingar om helsetilstanden med vidare som kan ha betyding for løyvet.

12.1.4 Høyringsinstansane sitt syn

Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembeter framhevar at politiet sin løpande kontroll med om våpenhavarar framleis oppfyller dei personlege vilkåra for våpenløyve er det sentrale verkemiddelet for å betre våpenkontrollen. Hordaland statsadvokatembeter meiner likevel at tidsavgrensa våpenløyve kan vere eit supplement til denne kontrollen.

Politihøgskolen syner til at det som regel brukast uregistrerte skytevåpen til kriminelle handlingar, og at gode rutinar for fortløpande kontroll med våpeninnehav er viktigare enn reglar om tidsavgrensa våpenkort. Politihøgskolen stillar difor spørsmål om det er naudsynt å innføre ressurskrevjande kontrollordningar.

Politidirektoratet (POD) støttar mindretalet sitt framlegg om tidsavgrensa våpenløyve. POD syner til at liknande ordningar er innført i Danmark, Finland og Sverige, og at mindretalet sitt framlegg gjeld for dei våpentypar med størst skadepotensiale.

Politiets Sikkerhetstjeneste meiner at tidsavgrensa våpenløyve kan vere eit effektivt verkemiddel for å føre kontroll med tildelte våpenløyve.

Vestoppland politidistrikt støttar ikkje framlegget om tidsavgrensa våpenløyve, og meiner at politiet sin løpande kontroll av våpeninnehavarar opp mot politiet sine registre er betre eigna til å førebygge feil- eller misbruk av skytevåpen. Rogaland og Tromspolitidistrikt meiner at mindretalet sitt framlegg vil betre kontrollen med tildelte våpenløyve. Troms politidistrikt meiner likevel at framlegget føreset at det lagast IKT-system som forenklar sakshandsaminga.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) meiner ny våpenlov bør legge til rette for etterfølgjande kontroll med tildelte våpenløyve.

Det nasjonale statsadvokatembetet støttar framlegget om å innføre krav til regelvisse eigenfråsegner, og meiner dette vil betre våpenforvaltinga sin kontroll med om vilkåra for våpenløyve er oppfylte.

Hordaland statsadvokatembeter meiner at eigenfråsegner ikkje vil vere eigna til å fange opp dei forhold som inneber den største risikoen for ulovleg våpenbruk, og at det heller bør innførast krav om at politiet skal føre løpande kontroll med tildelte våpenløyve. POD, Politihøgskolen og Sysselmannen på Svalbard gjev uttrykk for liknande synspunkt.

Dei politidistrikt som har gjeve fråsegn er usamde i spørsmålet om det bør innførast krav til regelvisse eigenfråsegner. Rogaland politidistrikt meiner at framlegget ikkje er eigna til å avdekke personar som ikkje lenger oppfyller dei personlege vilkåra. Asker og Bærum politidistrikt meiner at framlegget kan avdekke personar som gjev urette opplysingar. Oslo politidistrikt meiner at framlegget kan avdekke om våpeneigarar framleis har behov for det aktuelle skytevåpenet, men at ei innføring føreset at det vert klargjort kva følgjer manglande levering av eigenfråsegner vil få, samt at det vert tilført ressursar til å følgje opp eigenfråsegnene.

Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonar som har gjeve fråsegn, går i mot framlegget.

12.1.5 Departementet si vurdering

Som eit fleirtal av høyringsinstansane har peika på, er det våpenforvaltinga sin kontroll med om løyvehavaren oppfyller dei personlege vilkåra som best vil kunne førebygge feil- eller misbruk av skytevåpen. Ein slik kontroll vil raskare fange opp forhold av betyding for løyvet enn ei periodisk prøving av vilkåra for å kunne ha skytevåpen. Til dømes kan vilkåra for å ha skytevåpen falle bort kort tid etter at løyvet vart fornya.

Departementet tilrår å lovfeste eit krav til at politiet skal føre kontroll med at løyvehavar oppfyller dei personlege vilkåra, sjå lovframlegget § 30. Ein slik kontroll betyr i praksis at våpenforvaltinga undersøker alle relevante registreringar i politiet som har politimessige føremål, for å vurdere tilbakekall av våpenløyve. Slike opplysingar kan til dømes vere opphald i drukkenskapsarrest, meldingar om husbråk, henting til tvungent psykisk helsevern, samt opplysingar om strafflagde forhold.

Det vert forventa at politiet har god intern samhandling og rutinar som skapar tillit og tryggleik, noko som er særs viktig for våpenforvaltinga. Politiet har dei seinare år etablert ein arbeidsmetodikk, «forebygging gjennom forvaltning», for å fange opp meldingar frå tilsette i etaten når det er grunn til å tru at vedkomande ikkje lenger fyller vilkåra for løyve. Ordninga er meint å skulle auke merksemda og kunnskapen om bruk av forvaltingsheimlane for å førebygge kriminalitet. Førebygging gjennom forvalting har vorte ein viktig del av politiet sitt førebyggjande arbeid og handlar om å utnytte det politiet veit for å førebygge kriminalitet og betre samfunnstryggleiken.

Departementet meiner at denne arbeidsmetodikken vernar om dei same omsyn som politiet sin kontroll av dei personlege vilkåra ved ein eventuell gjennomgang av eigenfråsegner eller fornying av tidsavgrensa våpenløyve. Verknaden av i tillegg å innføre enten krav til regelvisse eigenfråsegner eller tidsavgrensa våpenløyve vil vere avgrensa til ein kontroll med om våpeneigaren framleis har behov eller annan rimeleg grunn til å ha skytevåpen. Sidan kontrollen vil omfatte eit stort tal løyvehavarar, vil den vere ressurskrevjande for politiet. Mange våpeneigarar har også våpenløyve på grunnlag av innføring i Jegerregisteret eller andre ervervsgrunnlag som ikkje stiller krav til bruk av skytevåpen. For desse gruppene vil ei ordning med tidsavgrensa våpenløyve eller krav om regelvisse eigenfråsegner vere lite eigna til å avdekke forhold av betyding for våpenløyvet.

Departementet tilrår difor ikkje å innføre reglar om regelvisse eigenfråsegner eller å innføre reglar om tidsavgrensa våpenløyve. For å tryggje gjennomføring av dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv set til våpenkontroll av våpenløyve for skytevåpen med vidare i kategori A og B, tilrår departementet at det gjevast ein forskriftsheimel til å gje nærare reglar om kontroll med tildelte våpenløyve, sjå lovframlegget § 41 nr. 28.

12.2 Meldeplikt for helsepersonell og for jakt-, skyttar- og samlarorganisasjonar

12.2.1 Gjeldande rett

Det er ikkje gjeve særskilte reglar om meldeplikt for helsepersonell eller skyttar- og våpensamleforeiningar om personar som har skytevåpen. For helsepersonell vil likevel den generelle meldeplikta etter helsepersonellova § 31 kunne omfatte personar som har skytevåpen. Denne regelen er nærare omtala i punkt 12.2.4.

12.2.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

12.2.2.1 Meldeplikt for helsepersonell

Våpenlovutvalet meiner at gjeldande regelverk hindrar helsepersonell i å kunne varsle politiet om personar er uskikka til å ha skytevåpen. Utvalet syner vidare til at det i NOU 2010: 3 Drap i Norge i perioden 2004–2009, vert tilrådd å vurdere om det bør innførast eit krav til meldeplikt om pasientar som har skytevåpen, som svarar til det som gjeld for førarkort.

Utvalet føreslår difor å innføre ein regel om meldeplikt til politiet for lækjar, psykolog og optikar om pasientar som ikkje oppfyller helsekrava for å ha skytevåpen. Utvalet sitt utkast liknar på helsepersonellova § 34 sine reglar om meldeplikt for førarkort og sertifikat, men slik at det ikkje skal vere noko krav om at den helsetilstanden som utløyser meldeplikt må vere varig, og at helsepersonellet ikkje først treng oppmode pasienten om sjølv å levere inn våpenløyvet til politiet. Lovframlegget er føreslått innført i helsepersonellova, samt at det i våpenlova vert føreslått fastsett ein tilvising til denne regelen.

Utvalet føreslår at det vert gjeve nærare reglar i forskrift om kva helsetilstand som kravst for å kunne ha skytevåpen. For å hindre at det vert sendt unødige meldingar føreslår utvalet at relevant helsepersonell får tilgang til våpenregisteret. Helsepersonellet kan då undersøke om pasienten har skytevåpen før dei eventuelt sender melding til politiet.

12.2.2.2 Meldeplikt for skyttar- og våpensamlarorganisasjonar

Eit fleirtal i utvalet føreslår å gje skyttar- og våpensamleorganisasjonane meldeplikt om personar som det kan vere grunn til å tru ikkje oppfyller dei personlege vilkåra for våpeninnehav. Denne plikta skal vere avgrensa til forhold som skjer i samband med organisasjonen sine aktivitetar.

Mindretalet meiner at kravet til meldeplikt vil vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Mindretalet syner til at organisasjonane har liten kontakt med mange medlemmer, noko som gjev eit lite grunnlag å rapportere på. Vidare meiner mindretalet at gjeldande praksis med påtale av misleg åtferd, samt rapportering av dei mest alvorlege tilfella, gjev eit tilstrekkeleg vern mot farleg våpenbruk.

12.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

12.2.3.1 Høyringsfråsegner til framlegget om meldeplikt for helsepersonell

Helse- og omsorgsdepartementet meiner ei eventuell meldeplikt for helsepersonell bør avgrensast til situasjonar der pasienten trass oppmoding frå helsepersonellet ikkje leverer inn våpenløyvet. Vidare meiner Helse- og omsorgsdepartementet at personkretsen som etter framlegget skal vere omfatta av meldeplikta, er for vid.

Datatilsynet har ikkje motsegner til framlegget. Datatilsynet meiner det kan vere utfordrande at helsepersonell får tilgang til våpenregisteret, men reknar dette som ei betre løysing enn at helsepersonell sender meldingar utan å vite om vedkomande har skytevåpen.

Helsedirektoratet meiner at framlegget føreset at helsepersonellet fører systematisk kontroll med om pasienten står oppført i våpenregisteret, og at ein slik kontroll vil krevje store ressursar og utfyllande retningsliner for korleis dette skal praktiserast. Vidare meiner Helsedirektoratet at dei nærare vilkåra for meldeplikta må utgreiast langt betre enn det som følgjer av våpenlovutvalet sitt framlegg, og at ordninga vil vere krevjande å praktisere. Helsedirektoratet meiner også at ei eventuell meldeplikt berre bør gjelde for situasjonar der pasienten ikkje leverar inn skytevåpna friviljug.

Det nasjonale statsadvokatembetet, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembeter, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Kripos, Politiets Sikkerhetstjeneste og Politihøgskolen støttar framlegget om meldeplikt for helsepersonell.

Politidirektoratet meiner at framlegget om meldeplikt for helsepersonell vil vere eit viktig tiltak for å førebygge feil- eller misbruk av skytevåpen.

Asker og Bærum, Hordaland og Sør-Trøndelag politidistrikt meiner dette tiltaket vil være særskilt viktig for å førebygge ulovleg våpenbruk, og syner mellom anna til erfaringane frå meldeplikta for førarkort. Framlegget støttast også av Rogaland, Sunnmøre og Troms politidistrikt. Troms politidistrikt understrekar likevel at framlegget vil innebere ei stor arbeidsbelasting for politiet. Vestoppland politidistrikt meiner framlegget om meldeplikt for helsepersonell vil ha avgrensa verdi fordi helsepersonellet ikkje har tilgang til våpenregisteret, og difor ikkje kan undersøke om pasienten har skytevåpen.

Den norske lægeforening (Legeforeningen) har fremja motsegner mot framlegget om meldeplikt. Legeforeningen syner mellom anna til at framlegget vil utfordre forholdet mellom lækjar og pasient, og prinsippet om at pasientar skal kunne søke helsehjelp utan å måtte frykte kva følgjer dette vil kunne få. Legeforeningen meiner at følgjene av å innføre eit krav til meldeplikt kan vere at pasientar ikkje søkar hjelp for psykiske lidingar av frykt for å miste våpenløyvet. Vidare meiner Legeforeningen på generelt grunnlag at risikoen for feil- eller misbruk av skytevåpen best kan førebyggast gjennom at politiet følgjer opp meldingar om til dømes vald, trugsmål eller opphald i krisesenter.

Legeforeningen gjer også gjeldande at det vil vere krevjande å fastsette reglar om kva helsetilstandar som skal utløyse meldeplikt, då erfaringar tilseier at misbruk av skytevåpen oftast skjer i akutte situasjonar. Vidare meiner Legeforeningen at meldeplikta for førarkort ikkje i seg sjølv kan grunngje eit tilsvarande krav for personar som har skytevåpen, då vilkåra for føresetnadane for å kunne melde vil vere ulike. Legeforeningen meiner også at framlegget vil vere krevjande å praktisere, og at det er uklart om det vil vere eigna til å hindre feil- eller misbruk av skytevåpen.

Den norske psykologforeningen støttar ei ordning med meldeplikt som liknar den som gjeld for førarkort, men meiner det er behov for å presisere kva tilstandar som skal utløyse denne plikta.

Norges optikerforbund meiner at framlegget føreset konkrete helsekrav for våpeninnehav, og syner til risikoen for at personar ikkje søkjar helsehjelp grunna frykt for å miste våpenløyvet.

Dei jakt-, skyttar- og våpensamleorganisasjonane som har gjeve fråsegn er i hovudsak kritiske til framlegget, og meiner at ordninga føreset klåre retningsliner for når meldeplikta skal gjelde, samt at nytten truleg ikkje vil samsvare med ressursbruken. Norske reserveoffiserers forbund meiner likevel at framlegget om meldeplikt for helsepersonell vil gje betre kontroll med om våpeninnehavar framleis oppfyller dei personlege vilkåra enn framlegget om eigen- og lækjarfråsegn.

12.2.3.2 Høyringsfråsegner til spørsmålet om meldeplikt for skyttar- og våpensamlarorganisasjonar

Dåverande Miljødepartementet (MD) nemner at Direktoratet for naturvernforvalting har fått opplysingar om at einskilde arrangørar av skyteprøve for storviltjakt regelvisst observerer personar som dei ikkje reknar for skikka til å ha skytevåpen eller å drive jakt. MD har ikkje teke stilling til spørsmålet om meldeplikt, men ser fram til betre system og rutinar som fangar opp slike tilfelle.

Politidirektoratet (POD) støttar framlegget om meldeplikt for skyttar- og samlarorganisasjonane. POD meiner vidare at plikta også bør omfatte personar som melder seg ut av foreininga etter å ha erverva skytevåpen.

Asker og Bærum politidistrikt meiner at skyttarforeiningar som administrerer skyting med handvåpen bør gjevast meldeplikt om medlemmer som ikkje oppfyller kravet til aktivitet, samt at Jegerregisteret bør gjevast meldeplikt om jegerar som ikkje lenger betalar jegeravgift. Troms politidistrikt meiner at framlegget vil vere ressurskrevjande å følgje opp.

Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonane som har gjeve fråsegn om spørsmålet er sterkt kritiske til framlegget, og meiner mellom anna at framlegget vil skade tillitsforholdet mellom medlemmar og forbund, samt at framlegget vil vere nær uråd å praktisere på ein god måte.

12.2.4 Departementet sine merknader

12.2.4.1 Spørsmålet om å innføre meldeplikt for helsepersonell

Departementet har merka seg at høyringsinstansane har gjeve uttrykk for ulike syn om dette spørsmålet. Opplysingar frå helsevesenet vil utan tvil kunne vere viktige moment i vurderinga av om ein person er eigna til å kunne ha skytevåpen, og dette gjeld særleg i situasjonar der helsepersonell reknar vedkomande som farleg. Så langt departementet kan sjå vil slike situasjonar vere omfatta av helsepersonellova § 31, som seier at helsepersonell skal «[…] varsle politi og brannvesen dersom dette er nødvendig for å avverge alvorlig skade på person eller eiendom.»

Spørsmålet er difor om det er grunn for å fastsette ei meldeplikt for personar som har skytevåpen lik den som gjeld for personar med førarkort. Som nemnt i punkt 9.3.3 er skilnaden stor mellom dei helsekrav som gjeld for førarkort og dei helsetilstandar som er relevante for om ein kan ha og bruke skytevåpen på ein trygg måte. Dette synet kjem også klart til uttrykk i høyringsfråsegna til Legeforeningen. For personar som har førarkort vil ei rad med fysiske helsetilstandar, slik som til dømes nedsett syn og epilepsi, kunne gje grunnlag for å dra føreretten attende, medan grunnlaget for å kunne dra attende eit våpenløyve i hovudsak vil vere knytt til psykiske helsetilstandar.

Våpenlovutvalet syner til NOU 2010: 3 Drap i Norge i perioden 2004–2009. Dette utvalet hadde mellom anna som oppgåve å vurdere kommunikasjonen mellom helsetenesta og politiet. Våpenlovutvalet syner særskilt til utvalet si vurdering på s. 132, som seier:

«Psykisk ustabile personer som er i besittelse av skytevåpen, utgjør en særlig risiko. Dersom helsepersonell vurderer situasjonen slik at en pasient i denne kategori ikke lenger oppfyller de helsemessige vilkår for å inneha våpen, taler mye for at de på samme måte som ved førerkort pålegges meldeplikt. Det bør overveies å innføre en slik varslingsplikt, for eksempel i nytt annet ledd i helsepersonelloven § 31.»

Fleire høyringsinstansar til NOU 2010: 3 har likevel synt til at det ikkje kan dokumenterast nokon klar samanheng mellom psykisk helse og risiko for valdsbruk. Helsedirektoratet og Datatilsynet gav i høyringa klart uttrykk for at utgreiinga ikkje dokumentarar noko behov for å endre regelverket. Oppfølginga av NOU 2010: 3 har heller ikkje ført til endringar i helsepersonellova.

Det vil vere krevjande å lage gode kriteria for kva tilstandar som skal utløyse meldeplikt, då vurderinga av valdsrisiko ofte føreset grundige undersøkingar av pasienten. Vidare så fangar den ålmenne meldeplikta etter helsepersonellova § 31 opp dei meir akutte tilfella der helsetilstanden utløyser ein alvorleg fare for omgjevnadane. Departementet meiner difor at utvalet sitt framlegg ikkje i nemnande grad vil betre politiet sin kontroll med kven som har tilgang til skytevåpen.

Departementet syner også til at utvalet si føresetnad for ordninga var at helsepersonell får direkte tilgang til opplysingar i våpenregisteret, slik at det tryggjast at helsepersonell berre sender meldingar om personar som har registreringspliktige skytevåpen. Som nemnt i punkt 14.4.3, vil ein direkte tilgang ikkje kunne gjennomførast i praksis. Ei eventuell innføring av meldeplikt utan at helsepersonell kan undersøke om pasienten har skytevåpen, vil bety at dei utleverar store mengder særs kjenslevare personopplysingar som ikkje er relevante for våpenforvaltinga. Departementet kan difor også av personvernmessige omsyn ikkje tilrå ei slik ordning.

På grunnlag av ovannemnte tilrår ikkje departementet å følgje våpenlovutvalet sitt framlegg om meldeplikt for helsepersonell.

12.2.4.2 Spørsmålet om meldeplikt for skyttar- og våpensamlarorganisasjonar

Våpenlovutvalet har ikkje gjort nærare greie for kva situasjonar som skal utløyse meldeplikt for skyttar- og våpensamleorganisasjonane. Ut frå føremålet med framlegget må det likevel leggast til grunn at meldeplikta også skal gjelde for framferd som ikkje inneber nokon brå risiko for ulovleg våpenbruk. Eventuelle meldingar til politiet må såleis gjerast ut frå skjønnsprega vurderingar av om vedkomande i framtida vil kunne bruke eller oppbevare skytevåpen på ein uforsvarleg måte. Slike subjektive oppfatningar om personar si evne til å handtere skytevåpen vil i liten grad kunne opplyse spørsmålet om tilbakekall av våpenløyve. Departementet meiner difor det ikkje er grunnlag for å følgje opp framlegget om meldeplikt for skyttar- og våpensamlarorganisasjonar.

12.3 Handsaming av skytevåpen i døds- og konkursbu

12.3.1 Gjeldande rett

Eit våpenløyve er som hovudregel personleg, slik at løyvet til å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon fell bort når løyvehavar døyr. Tilsvarande vil eit våpenløyve til juridiske personar som går konkurs falle bort når føretaket ikkje lenger kan halde fram drifta. For at arvingar, kreditorar eller andre rettsetterfølgjarar skal kunne overta gjenstandane må dei difor ha løyve frå politiet. Om gjenstandane ikkje avhendast til nokon som har løyve til å erverve gjenstanden, skal dei leverast til politiet. Etter våpenforskrifta § 82 kan politiet i særskilte tilfelle krevje at gjenstandane inntil vidare vert oppbevara hjå politiet eller hjå den politiet bestemmer.

Når personar som har løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon enten døyr eller går konkurs, kan rettsetterfølgjarane på nærare bestemte vilkår drive næringsverksemda på grunnlag av det opphavlege løyvet i inntil eitt år, jf. våpenlova § 18.

12.3.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet meiner det trengst betre reglar for handsaming av skytevåpen i døds- og konkursbu. Utvalet føreslår difor å innføre reglar for kontroll med og oppbevaring av skytevåpen i døds- eller konkursbu.

Utvalet føreslår å innføre ein regel om at arvingar til personar med skytevåpen, løyvepliktige våpendelar eller ammunisjon kan oppbevare desse gjenstandane i inntil fire veker. Utvalet føreslår vidare at politiet skal kunne samtykke til oppbevaring ut over fire veker.

For konkursbu føreslår utvalet å innføre ei plikt for bustyrar til å undersøke om det er skytevåpen i buet, og eventuelt varsle politiet om funn av slike gjenstandar. Vidare så føreslår utvalet å innføre ein tilsvarande regel om oppbevaring som for arvingar.

Utvalet føreslår også å innføre eit krav om at tingretten skal undersøke om avlidne har registerte skytevåpen, og eventuelt varsle politiet om dødsfallet. Utvalet meiner at om tingretten får tilgang til våpenregisteret bør dette vere ei enkel oppgåve for tingretten. Vidare føreslår dei å innføre eit krav om at tingretten skal orientere arvingane om deira plikter i samband med funn av skytevåpen i dødsbu.

Utvalet føreslår vidare å lovfeste reglane i våpenforskrifta om at politiet kan gjere vedtak om oppbevaring av gjenstandar i døds- eller konkursbu, og føreslår å innføre ei plikt for politiet til å ta i mot slike gjenstandar og å oppbevare desse i inntil 12 månader. Etter denne perioden føreslår utvalet at politiet enten kan selje gjenstandane på eigar si rekning eller destruere dei. Utvalet føreslår til sist å vidareføre våpenlova sine reglar om at døds- eller konkursbuet i inntil eitt år kan halde fram å drive næringsverksemd i medhald av løyvet til avlidne eller konkursbuet.

12.3.3 Høyringsinstansane sitt syn

Domstolsadministrasjonen (DA) meiner at behovet for kontroll med skytevåpen i dødsbu best kan stettast gjennom at våpenforvaltinga får melding om dødsfall, og syner til at dette er fast rutine i einskilde politidistrikt. Dette synet støttast også av Asker og Bærum politidistrikt, som meiner at ordninga med varsling om dødsfall fungerer godt. DA syner også til at spørsmålet om tingretten skal føre kontroll med våpenløyve føreset ei breiare vurdering av om framlegget vil stride mot prinsippet om domstolen si uavhengige stilling. DA understreker vidare at ei konkursopning ikkje i seg sjølv treng gje grunnlag for tilbakekall av våpenløyve.

Politidirektoratet samt Asker og Bærum, Oslo og Troms politidistrikt er kritiske til framlegget om at politiet skal måtte ta i mot skytevåpen frå døds- og konkursbu. Politidistrikta meiner framlegget vil vere ressurskrevjande og at følgjene av framlegget vil kunne vere at bustyrar eller arvingar leverar gjenstandar til politiet framfor å avhende gjenstandane. Troms politidistrikt understrekar også at politiet etter gjeldande regelverk skal ta hand om skytevåpen som elles ikkje vert oppbevara på forsvarleg måte.

Politihøgskolen støttar våpenlovutvalet sitt framlegg til reglar for handsaming av skytevåpen i døds- eller konkursbu, og meiner særleg at politiet si plikt til å ta i mot skytevåpen vil betre våpenkontrollen.

Konkursrådet støttar utvalet sitt framlegg om handsaming av skytevåpen i konkursbu.

12.3.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med våpenlovutvalet i behovet for betre kontroll med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i konkurs- og dødsbu. Departementet meiner likevel at plikta til å føre slik kontroll primært bør liggje hjå politiet, sjå lovframlegget § 34 og § 35. Gjennom god forvalting av meldingar om dødsfall og konkursopning vil politiet sjølv kunne føre kontroll med gjenstandar i buet. Departementet er vidare samd med Domstolsadministrasjonen i at domstolane ikkje bør påleggast å gjere oppgåver på vegne av politiet. Departementet følgjer difor ikkje opp utvalet sitt framlegg om å gje tingrettane varslingsplikt til politiet om skytevåpen i dødsbu.

Når det gjeld bustyrar sine pliktar, meiner departementet at det bør vere politiet si plikt å føre kontroll med konkursar eller anna opphøyr av verksemd som innehar skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Denne kontrollen bør gjerast fortløpande, ved at våpenforvaltinga skaffar seg tilgang til meldingar om konkursopningar. Departementet meiner difor at bustyrar sine pliktar bør vere avgrensa til ei varslingsplikt om eventuelle funn av slike gjenstandar i konkursbuet.

Departementet sluttar seg til utvalet sitt framlegg om at arvingar og konkursbu skal kunne oppbevare skytevåpen, men tilrår at politiet må samtykke til oppbevaringa. Eit krav om samtykke vil etter departementet sitt syn betre politiet sin kontroll med kvar og korleis gjenstandane vert oppbevart.

Når det gjeld framlegget om at politiet skal ha plikt til å ta imot skytevåpen frå døds- eller konkursbu meiner departementet at det er tilstrekkeleg å lovfeste at politiet skal samtykke til mellombels oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i samband med bubehandlinga. Denne regelen vil vidareføre gjeldande ordning med at politiet skal ta hand om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i døds- eller konkursbu som ikkje vert forsvarleg oppbevara, sjå lovframlegget § 31 og § 32.

Departementet er elles samd med utvalet i at politiet ikkje bør ha plikt til å avhende gjenstandane på vegne av døds- eller konkursbuet. Ei slik plikt er krevjande å oppfylle, og ligg utanfor det som bør vere politiet sitt ansvar etter våpenlovgjevinga. Departementet sluttar seg difor til utvalet sitt framlegg om å lovfeste ein regel som gjev politiet heimel til å kunne destruere gjenstandar som ikkje er avhenda innan eitt år, jf. lovframlegget § 31 femte ledd og § 32 andre ledd.

Departementet sluttar seg elles til utvalet sitt framlegg om å vidareføre gjeldande reglar om framhalden drift av næringsverksemd i medhald av løyve til avlidne eller konkursbuet, jf. lovframlegget § 24.

12.4 Nærare om politiet sin kontroll med oppbevaring, og tilgang til skyttar- og våpensamlarorg-anisasjonar sine medlemslister

12.4.1 Gjeldande rett

Politiet kan i medhald av våpenlova § 27 a føre kontroll med korleis privatpersonar oppbevarer skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og kan på nærare bestemte vilkår krevje å få tilkomst til vedkomande sin private bustad.

12.4.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre gjeldande reglar om kontroll med privat oppbevaring av skytevåpen, samt å innføre ein regel om at politiet kan krevje utlevert ein kopi av medlemslistene til godkjente skyttar- og våpensamlarorganisasjonar.

12.4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Sysselmannen på Svalbard meiner at det bør innførast krav om at skytterorganiasjonar dokumenterer medlemmane sin aktivitet, og at desse registra bør vere tilgjengeleg for politiet slik at det kan førast kontroll med aktiviteten. Vestoppland politidistrikt og Asker og Bærum politidistrikt gjev uttrykk for liknande synspunkt.

Norsk våpeneierforbund meiner at kontrollen med oppbevaring bør gjerast av ein etat som ikkje har politimynde.

12.4.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med våpenlovutvalet i at krava til oppbevaring er eit viktig tiltak for å hindre feil- eller misbruk av skytevåpen, og tilrår å vidareføre gjeldande reglar for kontroll med oppbevaring.

Når det gjeld spørsmålet om utlevering av opplysingar frå medlemsregistre, vil våpenforvaltinga kunne ha behov for slike opplysingar for å kunne føre kontroll med om vilkår eller føresetnader for våpenløyve eller godkjenning av skyttar- eller våpensamleorganisasjon er oppfylt. Departementet støttar difor utvalet sitt framlegg om å innføre heimel for slik utlevering av opplysingar frå organisasjonane sine medlemsregister.

12.5 Nærare om politiet sin kontroll med personar som har skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon

12.5.1 Gjeldande rett

Våpenlov og forskrift har ikkje generelle reglar om politiet sin kontroll med personar som har skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, men det er gjeve særskilte reglar om denne kontrollen på einskilde område, som til dømes kontroll med oppbevaring av skytevåpen etter våpenlova § 27 a og kontroll av næringsdrivande etter våpenforskrifta § 104.

Etter våpenlova § 9 skal personar som ber eller førar med seg skytevåpen ha med dokumentasjon på gyldig tilkomst til gjenstanden, og skal syne fram dokumentasjonen etter førespurnad frå politiet. Slik dokumentasjon kan til dømes vere våpenkort etter § 8, fråsegn om utlån etter § 11 eller løyve til å drive næringsverksemd etter § 16 eller § 20. Kan ikkje vedkomande syne fram dokumentasjon på lovleg tilkomst, skal politiet ta hand om gjenstandane fram til vedkomande har levert dokumentasjonen, med unnatak av når «politiet finner det ubetenkelig» at vedkomande framleis har hand om gjenstandane.

Etter våpenlova § 29 kan politiet ta hand om skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon når den som har gjenstanden ikkje oppfyller krava til lovleg minstealder. Denne regelen gjeld også for gjenstandar som ikkje krev løyve etter våpenlova. Gjenstandar som politiet tek hand om skal etter førespurnad utleverast til eigar, eller til verja til eigar når vedkomande er under 18 år. Politiet kan bestemme at gjenstandar som ikkje er beden utlevert innan eitt år enten skal seljast for eigar si rekning eller destruerast.

12.5.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet føreslår å vidareføre reglane i våpenlova § 9 og § 11 utan større materielle endringar. Utvalet meiner likevel at politiet ikkje skal trenge å avhende gjenstandar som dei tek hand om etter § 11, og tilrår at dette alternativet takast bort.

Utvalet føreslår også å innføre ein regel om at politiet kan føre kontroll med om vilkår eller føresetnader for løyvet er oppfylt, inkludert kontroll med transport av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Dei nærare reglane for kontroll er tilrådd lagt til forskrift.

12.5.3 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine merknader

Ingen av høyringsinstansane har gjeve merknader til framlegget.

Reglane om dokumentasjon for lovleg tilkomst og politiet sin kontroll med denne er viktige for å førebygge feil- eller misbruk av skytevåpen. Departementet er difor samd med våpenlovutvalet i at politiet må kunne ta hand om skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon når den som har skytevåpenet ikkje kan dokumentere lovleg tilkomst til gjenstanden, eller når personar under lovleg minstealder har skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, sjå lovframlegget § 30 tredje og fjerde ledd.

Departementet sluttar seg også til utvalet sitt framlegg om ikkje å vidareføre gjeldande regel om at politiet skal selje gjenstandar for eigar si rekning når politiet har teke hand om gjenstanden, fordi ei slik plikt er unødig ressurskrevjande og ligg utanfor det som bør vere politiet sitt ansvar.

Når det gjeld framlegget om å innføre reglar om politiet sin kontroll med om vilkår for våpenløyve er oppfylt, er departementet samd med utvalet i at ein generell regel om politiet sin kontroll vil kunne klargjere politiet sine oppgåver etter våpenlovgjevinga. Departementet sluttar seg til utvalet sitt framlegg, men tilrår at dei nærare reglane om kva saksområde kontrollen kan omfatte leggast til forskrift, sjå lovframlegget § 41 nr. 28.

Til toppen
Til forsida av dokumentet