Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

16 Økonomiske og administrative følgjer

Lovframlegget vidareførar i stor grad gjeldande reglar i våpenlov og forskrift, og endrar ikkje politiet si våpenforvalting i vesentleg grad.

I lovframlegget er det likevel gjeve reglar som vil få økonomiske og administrative følgjer:

  • Innføring av forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon eller for militære eller politiet.

  • Innføring av krav til løyve for lån av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

  • Innføring av krav til løyve for børsemakarar som vil drive med handel, reparasjon, deaktivering eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar.

  • Innføring av krav til løyve for andre næringsverksemder med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon enn handel, tilverking og reparasjon

  • Innføring av krav til løyve for inn- og utførsel av deaktiverte skytevåpen.

  • Innføring av krav til etterkontroll av deaktiverte skytevåpen.

  • Innføring av krav til registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen.

  • Innføring av krav til regelmessig kontroll med våpenløyve for skytevåpen med stor magasinkapasitet.

Lovframlegget innførar, med særskilte unnatak, eit forbod mot å erverve og ha halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon, eller for militæret eller politiet. Dette forbodet skal også gjelde for allereie tildelte våpenløyve. Lovframlegget utløyser ikkje erstatningsplikt for staten. Departementet tilrår å innføre overgangsordningar som tryggjer at dei som vert omfatta av forbodet enten kan avhende våpenet til land som framleis tillatar slike våpentypar, deaktivere eller innlevere våpenet for destruksjon, sjå nærare omtale under punkt 7.2.5.1. Vidare vert det gjeve nærare regler om gjennomføring av ordninga i forskrift, slik at ein i samband med forskriftsarbeidet vil få betre oversyn over kor mange våpen som må innleverast eller deaktiverast. Departementet vil eventuelt kome attende til dei økonomiske og administrative følgjene i samband med fastsetting av ny våpenforskrift.

Framlegget om å innføre løyvekrav for lån av skytevåpen, for børsemakarar med meisterbrev som skal drive næringsverksemd, og for inn- og utførsel av deaktiverte skytevåpen, vil gje politidistrikta ein større saksmengde. Sidan det per i dag ikkje er krav til løyve for desse saksområda, er det vanskeleg å berekne kor stor denne auken vil verte.

Departementet tek uansett sikte på å dekkje inn dei meirkostnader som er knytt til denne ordninga gjennom gebyr.

I det reviderte våpendirektivet artikkel 10b er det innført krav om å innføre ei kontrollordning som skal tryggje at skytevåpen deaktiverast på lovleg måte. Det er usikkert kor stort omfanget med godkjenning av deaktiverte våpen vil verte. Det vert gjeve forskriftsreglar om korleis ordninga skal gjennomførast, sjå nærare omtale under punkt 11.3.5.1. Departementet vil eventuelt kome attende til dei økonomiske og administrative følgje av dette lovframlegget i samband med fastsetting av ny våpenforskrift. Departementet tek uansett sikte på å dekkje inn dei meirkostnader som er knytt til denne ordninga gjennom gebyr.

I lovframlegget vert det også gjeve forskriftsreglar om å innføre krav til registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen som er unnateke frå løyveplikta. Denne forskriftsheimelen skal gjennomføre dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 8 set for registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen. Meirkostnader knytt til registrering av deaktiverte skytevåpen dekkjast innafor Justis- og beredskapsdepartementet si gjeldande budsjettramme.

Ei gjennomføring av kravet i EU sitt våpendirektiv artikkel 6 nr. 7 om kontroll med tildelte våpenløye for skytevåpen i kategori A vil truleg medføre kostnader til auka våpenkontroll. Det vert gjeve forskriftsreglar om korleis denne kontrollen skal gjennomførast, sjå nærare omtale i punkt 12.1.5 og punkt 13.5. Departementet vil gjennom forskriftsarbeidet få betre oversyn over korleis denne våpenkontrollen skal gjennomførast på ein hensiktsmessig måte. Departementet vil difor kome attende til dei økonomiske og administrative følgjene av dette lovframlegget i samband med fastsetting av ny våpenforskrift. Departementet tek uansett sikte på å dekkje inn dei meirkostnader som er knytt til denne ordninga gjennom gebyr.

Til toppen
Til forsida av dokumentet