Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10 Administrasjon

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

For å dekkje inn forslaget om å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1300, post 01 Driftsutgifter, med 2 mill. kr, jf. omtale under post 21.

Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren

Reformer innan transportsektoren er eitt av satsingsområda til regjeringa. Samferdselsdepartementet arbeider no m.a. med å følgje opp Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor. Reform av jernbanesektoren, jf. Innst. 386 S (2014–2015). Det er oppretta eit eige prosjekt i departementet som skal arbeide med jernbanereforma. I tillegg til konsulentutgifter skal løyvinga på post 21 dekkje utgifter til lønn for mellombelse tilsette og andre driftsutgifter i prosjektet. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, med 2 mill. kr.

Post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen

For 2015 er det løyvd 40 mill. kr til å etablere eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten/Vesterålen. Samferdselsdepartementet har ansvaret for å etablere senteret. Etableringa skjer i samarbeid med Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Eit mellombels sekretariat som skal utgreie og utvikle eit konsept med forslag til lokalisering, arbeidsoppgåver, organisering og finansiering av senteret blei etablert 1. november 2015. Utgiftene til sekretariatet er rekna til 1,5 mill. kr i 2015. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1300, post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, med 38,5 mill. kr.

Til toppen
Til forsida av dokumentet