Prop. 19 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Tilføying av stikkord

Det er i 2015 løyvd 25 mill. kr som statleg tilskott til planlegging av Fornebubanen på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 63 Tilskott til Fornebubanen. Vilkåret for å utbetale tilskottet er at det blir inngått ein bymiljøavtale for Oslo og Akershus.

Det er uvisse om ein bymiljøavtale med Oslo og Akershus blir inngått i 2015. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at kap. 1330, post 63 Tilskott til Fornebubanen, får føydd til stikkordet «kan overførast» i 2015, slik at løyvinga på posten kan utbetalast i 2016 viss bymiljøavtalen med Oslo og Akershus ikkje blir inngått i 2015, jf. forslag til romartalsvedtak.

Nytt selskap for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering

Ved behandlinga av Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015 og Innst. 360 S (2014–2015) fekk Samferdselsdepartementet fullmakt til å kjøpe aksjar i eit selskap som skal drive ein rutedatabase og leggje til rette for ein nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering. Kjøpet av aksjar skulle utgiftsførast på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 96 Aksjar, og beløpet for kjøpet svare til ein mindre del av tilskottet til formålet på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 60 Særskild tilskott til kollektivtransport. Det blei i Prop. 119 S (2014–2015) opplyst at regjeringa ville komme tilbake med forslag til løyvingar i samband med nysalderinga.

Det viser seg at dei førebuande aktivitetane knytt til dei kommande transaksjonane tek lenger tid enn rekna med. Dei nødvendige avklaringane vil ikkje liggje føre i tide til at aksjane kan kjøpast før årsskiftet. Det er derfor no ikkje grunnlag for å foreslå løyvingar. Samferdselsdepartementet må komme tilbake til Stortinget med saka i 2016. Arbeidet med å utvikle tenestene – rutedatabase, nasjonal reiseplanleggar og elektroniske billetteringstenester – held fram parallelt med arbeidet med å etablere selskapet.