Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

Prognosane viser at Jernbaneverket vil få eit meirforbruk på post 23 Drift og vedlikehald, samanlikna med løyvinga for 2015. Meirforbruket gjeld 60 mill. kr på driftsbudsjettet m.a. til stasjonsdrift og drift av Norsk jernbaneskole. Utgiftene til opprydding etter hendingar og påkøyringar av dyr ser ut til å bli om lag 40 mill. kr høgare enn budsjettert. Vidare har det vore behov for å auke aktivitetsnivået til korrektivt vedlikehald med om lag 70 mill. kr, særleg til akutt vedlikehald ved å rette opp feil og reparere øydelagde straumforsyningsanlegg.

For å redusere meir av vedlikehaldsetterslepet blir det nytta 300 mill. kr meir til fornying av jernbaneinfrastrukturen, jf. Prop. 1 S (2014–2015). Konkrete tiltak omfattar m.a.:

  • fornying av kontaktleidningsanlegg på Sørlandsbanen

  • ballastrens og førebuingar til slikt arbeid på Dovre-, Østfold- og Gjøvikbanen

  • byte av skinner, sviller og sporvekslarar på heile jernbanenettet

  • fornying av dreneringsanlegg

  • fornying av stasjonar og av Jernbaneverkets bygningar og maskinpark.

Desse fornyingstiltaka vil redusere vedlikehaldsetterslepet ved utgangen av 2015 frå om lag 17,5 mrd. kr til om lag 17,2 mrd. kr. I 2016-kr vil etterslepet ved utgangen av 2015 vere om lag 17,7 mrd. kr, medan det i Prop. 1 S (2015–2016) er lagt til grunn at etterslepet ved utgangen av 2015 vil vere om lag 18 mrd. 2016-kr, jf. side 146.

På denne bakgrunn foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 470 mill. kr. Auken blir foreslått dekt inn ved å redusere løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja, med 170 mill. kr og post 31 Nytt dobbeltspor Oslo-Ski, med 300 mill. kr, jf. omtale under dei to postane.

Post 30 Investeringar i linja

Fleire investeringsprosjekt får lågare framdrift enn lagt til grunn i statsbudsjettet for 2015. Prognosane viser derfor at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2015.

Det har vore lågare framdrift og utsett produksjon på m.a. desse prosjekta:

  • Holm-Holmestrand-Nykirke som gjeld arbeid i stasjonshallen

  • Langset-Kleverud, Sandnes-Stavanger og Ganddal godsterminal som gjeld levering/godkjenning av nye signal- og sikringsanlegg frå Thales.

Vidare har m.a. forsterka kostnadskontroll og prosjektstyring ført til forseinka framdrift på ein del prosjekt innan programområda og i planlegginga av prosjektet elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen.

Hovuddelen av mindreforbruket i 2015 medfører auka utgifter i 2016 for å halde rasjonell framdrift i prosjekta.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja, med i alt 252 mill. kr. Av dette vil 170 mill. kr dekkje inn delar av foreslått auke av løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald og 82 mill. kr delar av foreslått auke på kap. 1320 Statens vegvesen.

Post 31 Nytt dobbeltspor Oslo-Ski

Jernbaneverket har i 2015 hatt lågare utbetalingar etter inngåtte kontraktar og til grunnerverv på Follobaneprosjektet enn lagt opp til i statsbudsjettet 2015. Samstundes er framdrifta på den delen av prosjektet som gjeld innføring av Follobanen til Oslo S forseinka, fordi konkurransen om hovudarbeida blei avlyst i mars 2015 etter at berre ein leverandør leverte tilbod. For å oppnå betre konkurranse valde Jernbaneverket derfor å dele opp kontrakten i to mindre kontraktpakker.

Prognosane viser at det vil bli eit mindreforbruk på posten i 2015. For å dekkje inn delar av auken av løyvinga på kap. 1350, post 23, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1350, post 31 Nytt dobbeltspor Oslo–Ski, med 300 mill. kr. Dette vil ikkje gå ut over forpliktingane eller framdrifta i prosjektet.

Til toppen
Til forsida av dokumentet