Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 19 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2018.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2018 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 277 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 2323 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 685 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir sett ned med 3 285 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 267 mill. kroner.

Kap. 601 Utreiingsverksemd, forsking m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2018 er 52,2 mill. kroner.

Det er behov for å flytte 0,8 mill. kroner frå kap. 601, post 70 til kap. 601, post 21. Beløpet knytt seg til kjøp av teneste i samband med oppgåva som nasjonalt rapporteringssenter for Eurofound (Fafo). Midlane er frå 2019 overført til kap. 601, post 21, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019).

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 0,8 mill. kroner.

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2018 er 27,4 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 2,8 mill. kroner som følgje av at utgifter til departementets del av EU-kontingentar er lågare enn det som er lagt til grunn i saldert budsjett.

Det foreslåast vidare å redusere løyva med 0,8 mill. kroner på grunn av midlar knyta til Eurofound, jf. omtale under post 21.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med i alt 3,6 mill. kroner.

Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga

Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga for 2018 er 561,1 mill. kroner.

Løyvinga på posten for 2018 gjeld Prosjekt 2 i IKT-moderniseringsprogrammet for Arbeids- og velferdsetaten. Prosjekt 2 er planlagt avslutta i løpet av 2. kvartal 2019 og er i god rute.

Av Prop. 1 S (2018–2019) gjekk det fram at det tidlegare har vore løyvd tilstrekkeleg med midlar til Prosjekt 2. I samband med Metier OEC si eksterne kvalitetssikring av Prosjekt 3, blei det berekna ei ny total kostnadsramme for moderniseringsprogrammet på 3 797 mill. kroner (februar 2018-kroner). Tidlegare løyvde midlar til Prosjekt 2 for åra 2016–2018 samanlikna med ny ramme for Prosjekt 2 (alt prisjustert til 2018-kroner) gir samla sett eit mindrebehov for Prosjekt 2 på 225 mill. kroner. Ein legg vidare til grunn prinsippet om at nivået på tiltak tilpassas det økonomiske rommet («design to cost») for Prosjekt 2 som for Prosjekt 3, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Og etter ein reduksjon på 225 mill. kroner, er det lagt opp til eit styrt mindreforbruk av resterande midlar i 2018. I tråd med opninga for å overføre mellom år på posten er mindreforbruket planlagt nytta til å sluttføre Prosjekt 2 i løpet av 2. kvartal 2019.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 225 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2018 er 11 673,1 mill. kroner.

I statsbudsjettet for 2018 ga Stortinget Arbeids- og sosialdepartementet tilgang til å omdisponere inntil 200 mill. kroner frå kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Fullmakta er knytt til etaten sitt oppfølgingsarbeid og skal gje etaten auka fleksibilitet til sjølv i større grad å kunne utføre arbeidsmarkedstenester. Fullmakta til å omdisponere vil nyttast i sin heilskap. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 605, post 01 med 200 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 634, post 76.

Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner som følge av høgare inntekter for Arbeids- og velferdsetaten, jf. omtale under kap. 3605, post 04. Dette er ei parallell justering av utgifts- og inntektskapittelet.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med i alt 201,9 mill. kroner.

Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 04 Tolketenester

Løyvinga for 2018 er 2,6 mill. kroner.

På bakgrunn av inntektene så langt i år er overslaget for inntektene på posten i 2018 auka til 4,5 mill. kroner. Sjå også forslag om parallell justering av løyvinga på kap. 605, post 01.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 på post 01 er 4 777 mill. kroner.

Løyvinga for 2018 på post 70 er 175 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 40 mill. kroner. Post 01 er foreslått redusert med 38 mill. kroner og post 70 er foreslått redusert med 2 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast i hovudsak at overslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og

medlemsinnskot) er auka. I motsett retning viser oppdaterte overslag at mellom anna utbetalte AFP-pensjonar er auka.

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 4 300 mill. kroner.

Overslag for utbetalte lån i 2018 er auka med 600 mill. kroner. Nytt overslag baserer seg på føresetnader om at gjennomsnittleg utbetalt lån er auka som følgje av at det maksimale lånebeløpet blei auka frå 1,7 mill. kroner til 2 mill. kroner i lønnsoppgjeret i staten for 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 600 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2018 er 12 300 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 300 mill. kroner, hovudsakleg som følge av at gjennomsnittleg innfridd beløp er redusert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 300 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga for 2018 er 1 120 mill. kroner.

Overslaget for renteinntekter er redusert med 145 mill. kroner. Reduksjonen skuldast lågare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 145 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

Løyvinga for 2018 er 7 407,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 204,7 mill. kroner. 200 mill. kroner av reduksjonen er ei omdisponering til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. I tillegg reduserast posten med 4,7 mill. kroner for å dekke eit meirbehov under kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad mv., post 79 Aktivtetshjelpemiddel for personar over 26 år. Sjå også omtale under kap. 605, post 01 og under kap. 2661, post 79.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 85 Innfordringar av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak

Løyvinga for 2018 er 0,2 mill. kroner.

Inntekter frå innfordringar av feilutbetalingar av arbeidsmarknadstiltak bereknast til 1,7 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Kap. 635 Venteløn mv.

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyving for 2018 er 20 mill. kroner.

Utgiftene bereknast til 21 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 3635 Venteløn mv.

Post 01 Refusjon statleg verksemd mv.

Løyvinga for 2018 er 12 mill. kroner.

Inntekter frå refusjon av ventelønsutbetalingar bereknast til 13 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 85 Innfordringar av feilutbetalingar av venteløn

Løyvinga for 2018 er 0,3 mill. kroner.

Inntekter frå innfordringar av feilutbetalingar av venteløn bereknast til 0,2 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2018 er på 629,4 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner som følge av ein auking på kap. 3640, post 06 på 3,5 mill. kroner og ein reduksjon på kap. 3640, post 07 på 2 mill. kroner jf. omtale under kap. 3640, post 06 og 07. Dette er ei parallell justering av utgifts- og inntektskapittelene.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod

Løyvinga for 2018 er på 11,6 mill. kroner.

Fondet for regionale verneombod i hotell-, restaurant- og reinhaldsbransjen har grunna auka aktivitet for dei regionale verneomboda hatt behov for fleire tilsette verneombod. Dette tilseier at prognosen for utgiftene til formålet for 2018 får ein auke på om lag 3,2 mill. kroner. Dei regionale verneomboda er tilsette i Arbeidstilsynet, men det er fondet som har instruksjonsmynde over verneomboda.

Posten har meirinntektsfullmakt, jf. romertalvedtak II i Prop. 1 S (2017–2018), knytt til kap. 3640, post 08. På kap. 3640, post 08 tilseier prognosen for 2018 ei meirinntekt på om lag 2,1 mill. kroner grunna den auka utgifta i samband med auka aktivitet. Det resterende meirbehovet er da 1,1 mill. kroner, kor 0,1 mill. kroner utgjer mva, som blir rekneskapsført på kap. 1633, post 01.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyrer

Løyvinga for 2018 er på 6,8 mill. kroner.

Kjemikalieavgift blir kravd inn av Miljødirektoratet, jf. Forskrift om deklarering av kjemikaliar til produktregisteret (deklareringsforskriften). Dei totale gebyrinntektene for året blir delte mellom Arbeidstilsynet og Miljødirektoratet slik at 7/15 av dei totale inntektene blir overført til Arbeidstilsynet. For 2018 tilseier prognosen på kap. 3640, post 04 ei lågare inntekt enn tidligare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Post 05 Tvangsmulkt

Løyvinga for 2018 er på 2,5 mill. kroner.

Det har for Arbeidstilsynet hittil i 2018 vore nødvendig å bruke tvangsmulkter oftare enn det som låg til grunn for løyvinga. Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2018 tilseier no ei auka inntekt på om lag 2,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Post 06 Refusjonar

Det er ikkje løyving på posten.

Inntektene på posten gjeld refusjon for mellombelse utlegg og innbetalingar av kursavgifter. Prognosen for 2018 tilseier ei samla inntekt på posten på om lag 3,5 mill. kroner. Det er meirinntektsfullmakt på kap. 640, post 01 knytt til denne posten, jf. romertalsvedtak II i Prop. 1 S (2017–2018).

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 3,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 640, post 01.

Post 07 Byggesakshandsaming, gebyr

Løyvinga for 2018 er på 22,1 mill. kroner.

Inntektene på posten er knytt til talet på byggjesaker som blir innsende til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet har hittill i 2018 fått færre byggjesaker til handsaming enn det som ligg til grunn for løyvinga. Prognosen for 2018 tilseier no ei redusert inntekt på posten på om lag 2 mill. kroner. Det er meirinntektsfullmakt på kap. 640, post 01 knytt til denne posten, jf. romertalsvedtak II i Prop. 1 S (2017–2018).

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 640, post 01.

Post 08 Refusjon utgifter til regionalt verneombod

Løyvinga for 2018 er på 12,7 mill. kroner.

Inntektene på posten dekker refusjonar for utgifter til drift av regionale verneombod som blir administrerte av Arbeidstilsynet. Prognosen for 2018 tilseier ei auking på om lag 2,1 mill. kroner i samband med auka aktivitet.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 640, post 21.

Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket

Det er ikkje løyving på posten.

Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2018 tilseier ei inntekt på om lag 20 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 20 mill. kroner.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet

Post 03 Gebyr tilsyn

Løyvinga for 2018 er på 69,2 mill. kroner.

Forventa prognose for inntekter på posten tilseier no ein auke på om lag 1,3 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeids- og sosialdepartementet

Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift

Løyvinga for 2018 er på 106,6 mill. kroner.

Forventa prognose for inntekter på posten tilseier no ein reduksjon på 5,1 mill. kroner, grunna fakturerte inntekter som først kjem til innbetaling i 2019. Som følge av forventa mindreinntekt på posten blir det tilrådd ei redusert løyving.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5,1 mill. kroner.

Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01

Løyvinga for 2018 er på 1,5 mill. kroner.

Posten har grunna samla oppgjer eit forventa mindreforbruk, og posten har overført om lag 2,9 mill. kroner frå 2017.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 640, post 21.

Kap. 660 Krigspensjon

Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 69 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 1 mill. kroner hovudsakleg som følge av at gjennomsnittleg tal på mottakarar ser ut til å bli litt lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 180 mill. kroner

Overslaget på posten er redusert med 2 mill. kroner som følgje av at gjennomsnittleg stønad ser ut til å bli litt lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2018 er på 44 mill. kroner.

Overslaget for tilskot for ytingane som blir dekte av statstilskotet etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 er oppjustert med 2 mill. kroner, som følgje av auke i overslag for både gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er på 330 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 10 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 11 610 mill. kroner.

Utgifter til dagpengar bereknast til 10 900 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 710 mill. kroner. Hovudårsakene til reduksjonen i løyvinga er lågare gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar og færre dagpengemottakarar enn tidlegare anslått.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

Løyvinga for 2018 er 28 mill. kroner.

Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs bereknast til 23 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg

Løyvinga for 2018 er 0,6 mill. kroner.

Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg bereknast til 0,2 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er på 840 mill. kroner.

Dei første ni månadene i 2018 er utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga på om lag 590 mill. kroner. Det er ein auke på 1,4 pst. samanlikna med same periode året før. Både talet på konkursar totalt og talet på foretakskonkursar har auka frå 2016 til 2017.

Frå 2. kvartal 2017 til 2. kvartal 2018 er auken i foretakskonkursar på 22,7 pst. Talet på saker inn til ordninga har i same periode auka med 5,3 pst., og auken per 3. kvartal er på 15,1 pst.

Samla sett, og særleg på bakgrunn av auken i talet på konkursar og auken i saker inn til ordninga, er det anslått at utgiftene for 2018 vil vere på om lag 865 mill. kroner, tilsvarande ein auke på 25 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

Post 70 Dividende

Løyvinga for 2018 er på 200 mill. kroner.

Inntektene for 2017 var på 255 mill. kroner, og var høgare enn venta. Dei første ni månadene i 2018 er innbetalingane på om lag 152 mill. kroner, og det er om lag 22 pst. lågare enn på same tid i fjor. Dekningsgraden var også uvanleg høg i 2017, og er no forventa å ligge på om lag 25 pst. for 2018. Samla er det forventa ei inntekt i 2018 på om lag 215 mill. kroner, tilsvarande ein auke på 15 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 1 930 mill. kroner.

Overgangsstønad bereknast til 1 840 mill. kroner i 2018.

Hovudårsaka til reduksjonen er færre mottakarar enn venta. Det har også vore ein reduksjon i gjennomsnittleg utbetaling per mottakar, mellom anna som følgje av at fleire er i arbeid.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 90 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 169 mill. kroner.

Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid bereknast til 147 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 22 mill. kroner.

Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 92 mill. kroner.

Tilleggsstønader og stønad til skolepengar bereknast til 69 mill. kroner i 2018.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 23 mill. kroner.

Post 76 Bidragsforskott

Løyvinga for 2018 er 725 mill. kroner.

Anslaget på posten blei oppjustert med 5 mill. kroner hovudsakleg som følgje av at talet på mottakarar ser ut til å bli høgare enn forventa.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 36 290 mill. kroner.

I Prop. 85 S (2017–2018) er det lagt til grunn ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2017 til 2018 på 2,0 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2018, tilseier no ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2017 til 2018 på 4,0 pst. Vidare er anslaget for forventa vekst i sjukepengegrunnlaget redusert frå 2,8 til 2,3 pst. Anslaget for forventa sysselsettingsvekst er oppjustert frå 1,3 til 1,6 pst. Samla sett inneber dette lågare sjukepengeutbetalingar i 2018 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 800 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 1 450 mill. kroner.

I Prop. 85 S (2017–2018) er det lagt til grunn ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige frå 2017 til 2018 på 2,0 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2018 tilseier no ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2017 til 2018 på 6,0 pst. Vidare er anslaget for forventa vekst i sjukepengegrunnlaget redusert frå ein vekst på 2,8 pst. til ein vekst på 2,2 pst. Anslaget for forventa sysselsettingsvekst er oppjustert frå 1,3 til 1,6 pst. Samla sett inneber dette lågare sjukepengeutbetalingar i 2018 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.

Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 995 mill. kroner.

Rekneskapstal for 2017 og 2018, samt opplysningar frå forvaltninga, tydar på at det vil ta noko lenger tid enn tidlegare lagt til grunn før effekten av den nye pleiepengeordninga, som tredde i kraft frå 1. oktober 2017, jf. Prop. 48 L (2016–2017), inntreffar. På bakgrunn av dette er anslaget for tiltakseffekten i 2018 nedjustert med ytterlegare 178 mill. kroner samanlikna med anslaget for tiltakseffekten som blei lagt til grunn for løyvinga i Prop. 85 S (2017–2018). I tillegg er det venta at talet på mottakarar etter regelverket før 1. oktober er noko lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i Prop. 85 S (2017–2018). Dette bidrar til saman med ein reduksjon på 245 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 245 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 2 010 mill. kroner.

Utgiftene i 2018 blir noko høgare enn venta på bakgrunn av ein noko høgare feriepengedel enn det som tidlegare var lagt til grunn.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 65 mill. kroner.

Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 33 810 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2018 er no anslått til å bli 133 400, som er ein reduksjon på 4 100 frå anslaget som blei lagt til grunn i Prop. 85 S (2017–2018). Reduksjonen skuldast at tilgangen til arbeidsavklaringspengar er noko redusert, at overgangen til uføretrygd har auka og at overgangen til anna enn uføretrygd også har auka noko.

Samstundes er anslaget for gjennomsnittleg utbetaling per mottakar redusert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 270 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 240 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2018 blir noko lågare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2018 er 425 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2018 blir noko lågare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner

Kap. 2655 Uføre

Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 87 200 mill. kroner.

I Prop. 85 S (2017–2018) var det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2018 på om lag 330 700. Anslaget er no at gjennomsnittleg tal for mottakarar i 2018 blir om lag 332 000, dvs. ein auke på om lag 1 300. Auken i anslaget for gjennomsnittleg tal for mottakarar bidrar isolert sett til ein auke i utgiftsanslaget på om lag 340 mill. kroner. Samstundes har utgiftsanslaget auka med 290 mill. kroner som følgje av at gjennomsnittleg yting er høgare enn det som var lagt til grunn i Prop. 85 S (2017–2018). Dette bidrar til saman til ein auke på 630 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 630 mill. kroner.

Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 84 mill. kroner.

Talet på saker er justert ned samanlikna med det som låg til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 1 910 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 1 560 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 72 Stønad til Servicehund

Løyvinga for 2018 er 5 mill. kroner.

Tiltaket blei innført i 2018. Det er kjøpt inn åtte servicehundar. Det vil bli gjennomført kurs for servicehundane i november. Dersom alle hundane blir godkjend, vil utgiftene i 2018 bli på 2,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 2,3 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til bilar

Løyvinga for 2018 er 740 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst enn det som blei lagt til grunn for løyvinga. Årsaka er at det oppstod forseinkingar i innførselen av bilar til Noreg på grunn av manglande typegodkjenning, Importen går nå som normalt, men deler av disse utgiftene vil sannsynligvis forskuvas til 2019.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 55 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2018 er 3 370 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 100 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2018 er 305 mill. kroner.

Det er no venta noka lågare volumvekst enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2018 er 1 600 mill. kroner

Det er no venta noko lågare volumvekst enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2018 er 710 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 79 Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år

Løyvinga for 2018 er 49 mill. kroner.

Dei forventa utgiftene i 2018 er om lag 56 mill. kroner. Det vil difor være nødvendig å auke løyvinga med 7 mill. kroner for å kunne imøtekome allereie innvilga søknader om aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 72 840 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 50 mill. kroner hovudsakleg som følgje av redusert overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 140 920 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 150 mill. kroner som følgje av redusert overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 150 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 6 180 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 80 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar av minstenivåtillegg.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 835 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 5 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2686 Stønad ved gravferd

Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving

Løyvinga for 2018 er 189 mill. kroner.

Overslaget på posten er auka med 5 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 3616 Gruppelivsforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2018 er 106 mill. kroner.

Overslaget for premieinntekter er auka med 4 mill. kroner, hovudsakleg som følge av etterfakturering for 2017.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2018 er på 949,9 mill. kroner.

Innbetalingar av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2017 er så langt i 2018 på 840,8 mill. kroner. Det er ikkje forventa ytterlegare innbetalingar for resten av året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 109,1 mill. kroner.

Post 73 Refusjon frå bidragspliktige

Løyvinga for 2018 er 240 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til bidragsforskott på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 80 Renter

Løyvinga for 2018 er 1,7 mill. kroner.

På bakgrunn av utviklinga så langt i år er inntektene for året samla venta å bli 0,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner.

Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar

Løyvinga for 2018 er 1 300 mill. kroner.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2018 blei løyvinga på posten auka med 582 mill. kroner. Mellom anna på bakgrunn av rekneskapstal så langt i år, er inntektene på posten venta å bli 1 225 mill. kroner i 2018, 75 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartement foreslår å redusere løyvinga på posten med 75 mill. kroner.

Post 87 Diverse inntekter

Løyvinga for 2018 er 16,6 mill. kroner.

Inntektene på posten er no venta å bli 27,2 mill. kroner i 2018, 10,6 mill. kroner høgare enn løyvinga. Oppjusteringa av inntektsanslaget skuldast i hovudsak at det i overslaget som låg til grunn for gjeldande løyving på posten ikkje var teke høgde for forventa inntekter under Helfo. Resterande delar av oppjusteringa skuldast oppdaterte overslag for andre inntekter på posten.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 10,6 mill. kroner.

Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.

Løyvinga for 2018 er 65 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet