Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 20 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

I Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 vart det løyvd 5 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt kapittel 118, post 70 for Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til etablering av eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø. Nærings- og fiskeridepartementet har overteke ansvaret for etableringa av senteret.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 89 til 94 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 118, post 70.

Post 23 (ny) Digital Norway/Toppindustrisenteret AS

Digital Norway/Toppindustrisenteret AS er eit næringslivsdreve initiativ som skal samle kompetanse og skape ein nasjonal arena for samhandling og deling av kunnskap, erfaringar, teknologiar og forretningsmodellar. Formålet er at norsk næringsliv får utnytta dei moglegheitene som ligg i auka digitalisering.

I Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 vart det foreslått at Nærings- og fiskeridepartementet ville nytte 2 mill. kroner av løyvinga over kap. 900, post 75 Tilskot til særskilde prosjekter til senteret. I juli 2017 inngjekk NFD ein samarbeitsavtale med senteret, som inneber eit strategisk medlemskap i tre år. Medlemskontingenten er sett til 2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner på ny post 23 mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 900, post 75.

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har teke på seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. På grunn av utfordringar med å finne eit godkjend deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding tidlegare blitt utsett. Det er p.t berre ein aktuell deponiaktør i Noreg. Planlagt gjennomføring av oppryddinga er i 2018 dersom ein får til ein avtale med deponiet. Det visast til nærare omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Nærings- og fiskeridepartementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,9 mill. kroner, frå 20,2 til 0,4 mill. kroner i 2017.

Post 60 Overføring til fylkeskommunane for tilskot til regional næringsutvikling

I 2017 har det vorte løyvd midlar til sykkelrittet Arctic Race of Norway. Løyvinga handterast av dei tre fylkeskommunane i Nord-Noreg. Fylkeskommunane har inngått kontrakt med arrangøren, Arctic Race of Norway AS, om eit fast årleg beløp på 15 mill. kroner i perioden 2016–2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 15,4 til 15 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige for norsk nærings- og fiskeripolitikk. Ein av desse organisasjonane er den nordatlantiske ispatruljetenesta (NAIP) som overvakar og rapporterer om isforhold i det nordlege Atlanterhavet. Departementet skal årleg få refusjonskrav frå det amerikanske utanriksdepartementet for Noregs medlemskap i NAIP, men i 2016 kom det ikkje noko krav. Dette skuldast at den amerikanske kystvakta ikkje fekk naudsynt informasjon frå Canada i tide. Difor har departementet motteke to krav om refusjon i 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 38,9 til 41,4 mill. kroner.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 blei løyvinga til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss auka frå 3,2 til 9 mill. kroner. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 7,1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 9 til 7,1 mill. kroner.

Post 75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast

Det visast til omtale under kap. 900, post 23.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 11,9 til 9,9 mill. kroner.

Post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab

I Saldert budsjett for 2017 blei det løyvd 30 mill. kroner i tilskot til Mechatronics Innovation Lab (MIL), og i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det løyvd ytterlegare 30 mill. kroner. Det er løyvd 40 mill. kroner i tilskot til prosjektet, i 2015 og 2016, slik at samla løyving er 100 mill. kroner. Det er førebels utbetalt 59 mill. kroner, og det står att 41 mill. kroner. Det er lite truleg at noko av dette kan utbetalast i 2017, ut i frå vilkåra for utbetaling av tilskotet.

Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga i 2017 vert redusert med 41 mill. kroner til 19 mill. kroner, og at det vert fremja ei tilsegnsfullmakt på kap. 900 post 79 på 41 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Kap. 905 Noregs geologiske undersøking

Post 01 Driftsutgifter

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 129. S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 blei løyvinga auka med 8 mill. kroner til kjerneboringar på Fernsfeltet i Telemark. Arbeidet er forsinka, og det ligg ikkje an til at heile løyvinga vil bli brukt i 2017. Kontrakt med borefirma er signert, og det er ønskelig å leggje til rette for at NGU kan halde planlagt framdrift i kjerneboringa som vil skje dels i 2017 og 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at post 01 driftsutgifter vert tilføyd stikkordet «kan overførast».

Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving

Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2017. Overslagsløyvinga for 2017 er på 2 127 mill. kroner og tek utgangspunkt i eit venta gjennomsnitt på om lag 12 000 sjøfolk i ordninga. Frå og med 1. juli 2017 blei grensa for maksimale utbetalingar av tilskot for sjøfolk på NIS-registrerte lasteskip i utanriksfart som fraktar olje, gass, kjemikaliar eller ro/ro-last fjerna.

Talet på sjøfolk i ordninga har vore lågare enn venta så langt i 2017, og nedgangen som blei varsla i Prop. 129 S (2016–2017) har blitt større gjennom året. Nedgangen i det samla talet på sjøfolk i ordninga skuldast i hovudsak ein reduksjon i talet på sjøfolk i tilskotsmodellen for NOR-skip i petroleumsverksemd. Reduksjonen kan sjåast i samanheng med dei utfordrande forholda i offshoremarknaden generelt. Samstundes har talet på sjøfolk vore stabilt og til dels stigande i fleire av dei andre modellane i ordninga. Regjeringa legg no til grunn eit venta gjennomsnitt på om lag 11 100 sjøfolk i ordninga i 2017. Med bakgrunn i utviklinga i talet på sjøfolk i ordninga kan løyvinga reduserast med om lag 170 mill. kroner. Departementet vil understreke at berekninga er usikker og at utbetalingar i ordninga mellom anna påverkast av talet på sjøfolk i ordninga og deira lønsnivå.

På grunnlag av desse endringane gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 170 mill. kroner, frå 2 127 til 1 957 mill. kroner.

Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Sjøfartsdirektoratet har så langt i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). Aktiviteten er knytt til nybygging og ombygging av fartøy i Norsk Internasjonal Skipsregister (NIS) og nyregistreringar i NIS. Dette har ført til auka gebyrbelagde tilsynsoppgåver frå Sjøfartsdirektoratet si side. Det visast til omtale under kap. 3910, post 01 og 04.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, frå 382,2 til 384,6 mill. kroner, mot tilsvarande auke av inntektene under kap. 3910.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 22 Fiskeriforsking og- overvaking, kan overførast

Løyvinga på posten motsvarast av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner, frå 62,6 til 68,2 mill. kroner.

Kap. 919 Diverse fiskeriformål

Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

I 2013 ble det utlyst 45 nye løyve til lakse- og ørretoppdrett. Eitt av dei tildelte løyvene vart ikkje teke i bruk. Dette løyvet vart lyst ut på nytt i 2016, og vart tildelt i 2017. På grunn av behandling av klage på tildelinga er ikkje vederlaget innbetalt. Evt. utbetaling i 2017 kan gjerast innafor overførte midlar på posten.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga reduserast frå 8 mill. kroner til 0.

Kap. 922 Romverksemd

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, Radarsat. Utbetalingana har vore til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,1 mill. kroner, frå 419,3 til 411,2 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2017. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 blei løyvinga redusert med 43 mill. kroner som følgje av endra kursar. Endringane i innbetalingar til EU på grunn av endra valutakurs utgjer ein auke på 5,7 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner, frå 237,2 til 242,9 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingentar til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. Ved utarbeidinga av statsbudsjettet for 2017 var ikkje Europakommisjonen sitt budsjett klart. Etter å ha motteke budsjettal frå EU i byrjinga av året, og oppdatert anslaga for ein lågare eurokurs, vart løyvinga redusert med 20,3 mill. kroner til 28,3 mill. kroner i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen vart høgare enn det som da vart lagt til grunn fyrst og fremst som følgje av ein høgar eurokurs.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner, frå 28,3 til 30,1 mill. kroner.

Kap. 925 Havforskingsinstituttet

Post 22 Fiskeriforsking og –overvaking, kan overførast

Løyvinga på posten motsvarast av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5574 post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,6 mill. kroner, frå 139,2 til 149,8 mill. kroner.

Kap. 927 NIFES

Post 01 Driftsutgifter

Frå 2017 skal pensjonskostnader dekkjast av den enkelte verksemda. Det vart lagt inn kompensasjon for dette i 2017-budsjettet. For NIFES vart heile kompensasjonen lagt på kap. 927, post 01. Det førast også lønskostnader på post 21 og post 22. For å fordele kompensasjonen riktig mellom postane, gjerast det framlegg om å redusere løyvinga på kap. 927, post 01 med 5,8 mill. kroner, samtidig som løyvinga på kap. 927, post 21 aukast med 5,2 mill. kroner og løyvinga på kap. 927, post 22 aukast med 0,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,8 mill. kroner, frå 99,1 mill. kroner til 93,3 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Det visast til omtale under kap. 927, post 01 om fordeling av kompensasjon for omlegging av modellen for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5,2 mill. kroner, frå 66,1 mill. kroner til 71,3 mill. kroner.

Post 22 Fiskeriforsking og- overvaking, kan overførast

Løyvinga på posten motsvarast av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som er lagt til grunn i Saldert budsjett 2017. Det gjerast difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner.

Det visast til omtale under kap. 927, post 01 om fordeling av kompensasjon for omlegging av modellen for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Det gjerast framlegg om å auke løyvinga på kap. 927, post 22 med 0,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 13,8 til 16,4 mill. kroner.

Kap. 935 Patentstyret

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av auka aktivitet, gjerast det framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner. Årsaka er fleire patent- og varemerkesøknader enn venta. Handsaminga i Patentstyret fører til auka ressursbruk i etaten, dels i 2017, dels i seinare år.

Som følgje av at Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) frå 1. januar 2017 tok over ansvaret for Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar gjerast det framlegg om å overføre 0,2 mill. kroner frå Patentstyret til KFIR. Det visast til omtale under kap. 936, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 238,9 til 240,9 mill. kroner.

Kap. 936 Klagenemnda for industrielle rettar

Post 01 Driftsutgifter

Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) har i 2017 hatt uventa høge utgifter til løn og honorar til medlemmene i Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar. KFIR overtok ansvaret for nemnda frå Patentstyret frå 1. januar 2017. Normalen har tidlegare vore om lag éi sak kvart år. Talet på saker som vart behandla i 2017 er fire. Løn og honorar for kvar sak i Meklingsnemnda kjem på om lag 50 000 kroner i gjennomsnitt.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 7,8 til 8,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 935, post 01.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2017 er det løyvd 23,3 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2017 er anslått til om lag 14,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner, frå 23,3 til 14,2 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 70 Basiskostnadar

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 blei løyvinga auka med 2,5 mill. kroner til Innovasjon Noreg sine utgifter med å opprette og forvalte eit statleg koinvesteringsfond for Nord-Noreg i 2017. For at midlane som løyvast over posten skal vere i tråd med regelverket for posten, bør midlane løyvast over post 74.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga 2,5 mill. kroner, frå 169 til 166,5 mill. kroner mot tilsvarande auke under post 74.

Post 74 Reiseliv, profilering og kompetanse, kan overførast

Det vises til omtale under kap. 2421, post 70.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 514,9 mill. kroner til 517,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Innovasjon Noreg sine utgifter med å opprette og forvalte eit statleg koinvesteringsfond for Nord-Noreg i 2017.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsførde under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2017 er basert på realiserte innlån og avdrag for resten av året. Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2017. Dette inneber òg at avdraga blir auka jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,6 mrd. kroner, frå 41,9 til 46,5 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 90 Utlån

I Saldert budsjett 2017 vart det løyvd 12 mrd. kroner til utlån under statens eksportkredittordning, som Eksportkreditt Noreg forvaltar. Nytt anslag for utlån under ordninga er 3,8 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonen er færre nye utlån til selskap knytt til petroleumsnæringa og maritime næringar enn venta ved inngangen av året.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,2 mrd. kroner, frå 12 til 3,8 mrd. kroner.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Justervesenet sin finansieringsmodell blei endra i 2016 for å gjere det enklare å gjennomføre meir risikobasert tilsyn. Satsane for gebyr og årsavgift, som då blei fastsette ut frå eit estimat på tidsbruk og ressursbruk og basert på prinsippet om 100 pst. brukarfinansiering, har ikkje gitt tilstrekkelege inntekter til å fullt ut dekkje dei reelle kostnadane for tilsynsverksemda i år. Justervesenet har arbeidd med å betre logistikk og effektivitet i planlegginga av tilsyn, og Justervesenet vil saman med departementet vurdere innretninga på gebyr og avgifter med sikte på å få ein balanse mellom inntekter og utgifter for den brukarfinansierte verksemda frå 2018. For å dekkje inn delar av inntektsavviket i 2017, har Justervesenet arbeidd for å auke inntektene frå sal av tenester, jf. kap. 3902, post 03.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner frå 38,2 til 30,2 mill. kroner.

Post 03 Inntekter frå sal av tenester

Justervesenet har auka aktivitet knytt til sal av tenester i 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 16,35 til 21,35 mill. kroner.

Post 86 (ny) Overtredelsesgebyr

Ved alvorlege brot på regelverket kan Justervesenet gi overtredelsesgebyr. Departementet gjer framlegg om å opprette ein ny inntektspost for desse gebyra for å skilje lovbrotsgebyra frå andre inntekter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 60 000 kroner under ny post 86.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Gebyra i Brønnøysundregistra har auka meir enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). Det er i hovudsak gebyr til tinglysning for salspant i motorvogn som er årsak til aukinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 40 mill. kroner, frå 500 til 540 mill. kroner

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innrettingar i NOR og post 04 Gebyr for skip i NIS

Sjøfartsdirektoratet har hittil i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). Auken er knytt til nybygging og ombygging av fartøy og nyregistreringar i Norsk Internasjonal Skipsregister (NIS). Dette har ført til fleire tilsyn frå Sjøfartsdirektoratet og auka gebyrinntekter. For post 04 utgjer dette om lag 3,8 mill. kroner. Under kap. 3910, post 01 Gebyr for skip og flyttbare innrettingar i NOR er det berekna ei mindreinntekt på om lag 1,4 mill. kroner. Netto meirinntekt blir 2,4 mill. kroner.

Med denne bakgrunn gjerast det framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 1,4 mill. kroner, frå 185,6 til 184,2 mill. kroner og ei auke under post 04 på 3,8 mill. kroner frå 44,4 til 48,2 mill. kroner. Under kap. 910, post 01 gjerast det framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 910 post 01.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet kan gje pålegg om gebyr mellom anna ved brot på konkurranselova sitt forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid, forbod mot å nytte dominerande stilling og påbod om ordinær melding av føretakssamanslutningar. Tilsynet kan òg gje pålegg om tvangsmulkt for å tvinge fram etterleving av eit enkeltvedtak etter konkurranselova.

For 2017 er det berekna at Konkurransetilsynet vil få inn 12,7 mill. kroner i lovbrotsgebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 12,6 mill. kroner, frå 0,1 til 12,7 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar

I 2015 fekk oppdrettarane tilbod om kapasitetsauke på 5 pst. på alle løyve, mot eit vederlag på 1 mill. kroner og strenge krav når det gjeld lakselus. Endeleg frist for å ta i bruk auken og betale vederlag har blitt forlenga frå 1. desember 2016 til 1. mars 2017. Tilbodet blei nytta for 37 løyve i 2017. Løyvinga på posten må derfor aukast med 37 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 37 mill. kroner, frå 10 til 47 mill. kroner.

Post 86 Forvaltningssanksjonar

Inntektene på posten gjeld tvangsmulkt og overtredelsesgebyr for havbruk og tilsvarande sanksjonar etter havressurslova.

Det er fakturert gebyr for i underkant av 3,6 mill. kroner i 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 1 mill. kroner til 3,6 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 02 Inntekter knytt til NPI

Patentstyret sine inntekter gjennom NPI vil bli lågare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 4,1 til 3,7 mill. kroner.

Post 03 Gebyr immaterielle rettar

Som følgje av fleire innkomne patentsøknader og fleire valideringar av europeiske patent vil Patentstyret sine inntekter bli høgare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 13,9 mill. kroner, frå 72 til 85,9 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I Saldert budsjett 2017 er det løyvd 25 mill. kroner frå moglege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen. Det har ikkje hittil i år vore nokre slike sal.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 0 kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Det visast til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2017, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,8 mrd. kroner frå 41,4 til 46,2 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I Saldert budsjett 2017 vart det løyvd 30 mill. kroner til inntekter på gebyr under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 15 mill. kroner. Anslaget under løyvinga er redusert som følgje av lågare volum på utbetalingar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, frå 30 til 15 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I Saldert budsjett 2017 vart det løyvd 10,7 mrd. kroner til inntekt frå avdrag under eksportkredittordninga. Eksportkreditt Noreg anslår at avdrag på uteståande fordringar i 2017 vil bli 3,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i Saldert budsjett. Hovudårsaka til reduksjonen i anslaget er færre fortidige innfriingar av lån og færre utbetalingar av nye lån enn tidlegare anslått. I tillegg er det gjennomført restrukturering og implementert utsetjing av avdrag for fleire låntakarar knytt til olje, gass og maritime næringar, noko som har verknad på mottekne avdragsinnbetalingar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 10,7 til 7,2 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgiftar under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Bokførte inntekter gjeld innbetalingar knytt til tidlegare år.

Det er no anslått å vere grunnlag for å fakturere avgifter for i overkant av 27 mill. kroner i 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner, frå 29,6 til 27,3 mill. kroner.

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Det vil bli høgare inntekter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18,2 mill. kroner, frå 236 til 254,2 mill. kroner.

Post 75 Tilsynsavgift Justervesenet

Satsane for årsavgift gjer ikkje tilstrekkelege inntekter til å nå inntektskravet for tilsynsverksemda. Justervesenet vil saman med departementet vurdere innretninga på gebyr og avgifter med sikte på å få ein balanse mellom inntekter og utgifter for den brukerfinansierte verksemda frå 2018.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 46,6 til 44,6 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Det visast til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, frå 140 til 115 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I Saldert budsjett 2017 vart det løyvd 1 800 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 730 mill. kroner. Hovudårsaka til reduksjon av anslaget er færre utbetalingar av nye lån enn venta, og ein styrka kronekurs som gjer renteinnbetalingar i enkelte valutaer mindre verd i norske kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 70 mill. kroner, frå 1 800 til 1 730 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 15 701,1 mill. kroner i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017, er innbetalt utbyte frå selskapa 18,1 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at utbyte frå Entra ASA blir 18,4 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett 2017. I tillegg er det nokre mindre endringar i innbetalt utbyte frå andre selskap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18,1 mill. kroner frå 15 701,1 til 15 719,2 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet