Prop. 20 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Andre saker

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 51 Tapsfond, såkornkapitalfond

Såkornfonda som vart oppretta i perioden 2006–2008 er i ein exit-fase og det nærmar seg avslutning av fonda. For å sikre avkastninga til fonda gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at Innovasjon Norge får fullmakt til å godkjenne endringer når det gjeld forvaltar og lokalisering av forvaltar, jf. framlegg til vedtak III. Innovasjon Norge får fullmakt til å:

  1. inngå avtale om bytte av forvaltar og godkjenne endringar i samansetjing av teamet

  2. godkjenne endringar i eit fonds administrative lokalisering og lokalisering av forvaltar

Innovasjon Noreg må dokumentere og rapportere på utøvinga av fullmakta når den nyttas til Nærings- og fiskeridepartementet og i den årlige rapporteringa for såkornfond til departementet.

Post 80 Næringstiltak på Svalbard, kan overførast

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 23 S (2015–2016) vart det vedteke ei løyving på 20 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard under Innovasjon Noreg. Midlane kan finansiere arbeid knytt til auka nærvær, mobilisering for å få fram gode prosjekt og støtte til innovative prosjekt.

Innovasjon Noreg har sidan mars 2016 hatt ein person til stades i Longyearbyen. Innovasjon Noreg har jobba både mot store og små enkeltselskap, og arbeidd for samarbeid og større prosjekter spesielt i Longyearbyen. Innovasjon Noreg har så langt gitt tilsegn for rundt 14,6 mill. kroner av midlane som vart løyvd i 2015. Rundt 6,4 mill. kroner er allereie utbetalt, og 8,2 mill. kroner av desse tilsegnene vil kome til utbetaling i 2018 eller 2019. Midla har så langt vorte overført, jf, løyvingsreglementet si heimel til å overføre ubrukt løyving til dei to følgjande budsjettåra når løyvinga har stikkordet kan overførast.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer no framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 8,2 mill. kroner på kap. 2421, post 80. Tilsegnsfullmakta vil dekke dei innvilga tilsegna som vil kome til utbetaling i 2018 eller 2019.

Til forsida