Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 20 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

4 Orienteringssaker

Oppfølging av anmodningsvedtak nr. 115 (2016–2017)

Det visast til omtale i Prop. 1 S (2017–2018) av departementets oppfølging av Stortinget sitt vedtak nr. 115 (2016–2017) av 8. desember 2016 om bl.a. samanslåing av Investeringsfond for Nordvest-Russland og Investeringsfond for Øst-Europa. Det sammenslåtte investeringsfondet er foreslått forvalta gjennom eit aksjeselskap kor staten sine eigarinteresser leggjast til og forvaltast av Innovasjon Noreg. Det presiserast at det er ein underliggjande føresetnad at tap på investeringsfondets kapital, løyvd i 1996 og 1997, ikkje skal belaste Innovasjon Noreg sitt rekneskap og eigenkapital.

Orientering om nytt isgåande forskningsfartøy, kap. 926 post 45, kan overførast

I løyvinga for 2017 og i forslaget for 2018 er det lagt til grunn at det isgåande forskningsfartøyet skal overleverast innan utgangen av 2017. I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det varsla at regjeringa skulle kome tilbake til Stortinget vedrørande bygginga av det isgåande forskningsfartøyet «Kronprins Haakon» i samband med haustens endringsproposisjon.

Prosjektet legg no til grunn at fartøyet vil overleverast i februar 2018. Det ligg derfor an til at siste betalingstermin, som skal betalast ved levering og aksept av fartøyet, ikkje vil forfalle til utbetaling i 2017. Det er likevel framleis noe usikkerheit knytt til framdrifta i prosjektet, mellom anna på grunn av ei pågåande voldgiftssak mellom Havforskingsinstituttet og byggjeverftet Fincantieri i Italia. Denne voldgiftssaka skal etter planen avsluttast i desember 2017. Utfallet av denne saka vil kunne påverke storleiken på siste betalingstermin. I tillegg er det usikkerheit knytt til euro-kursen ved utbetalingstidspunktet. Det er løyvd 972,1 mill. kroner til prosjektet i 2017, av dette er det per 16.11. utbetalt 93,2 mill. kroner.

Andøya Space Center AS

Andøya Space Center AS arbeider med å utgreie moglegheitene for å etablere ein oppskytingsbase for småsatellittar på Andøya. Andøya Space Center AS har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om støtte til ein moglegheitsstudie som kan leggje grunnlaget for ei eventuell framtidig investeringsbeslutning. Regjeringa er positiv til å bidra til å avklare om fasilitetar for oppskyting av småsatelittar kan gi grunnlag for lønnsame arbeidsplassar på Andøya på kommersielt grunnlag og utan behov for subsidier frå staten. Regjeringa vil på bakgrunn av dette kome tilbake til Stortinget om saka i 2018.

Til toppen
Til forsida av dokumentet