Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 21 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om netto reduksjonar på 197 mill. kroner. Forslaget omfattar m.a. omfordelingar grunna auka driftsutgifter ved utanriksstasjonane (25 mill. kroner) og auka utgifter til kontingentar i internasjonale organisasjonar (10 mill. kroner), i hovudsak som følgje av svekka norsk krone. Under EØS-finansieringsordningane er det eit netto mindrebehov på 210 mill. kroner, herunder eit meirbehov på 80 mill. kroner grunna svekka kronekurs under post 75 EØS-finansieringsordninga 2009–2014 og eit mindrebehov på 290 mill. kroner grunna usikker framdrift i ordningane under post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2014.

Under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp 1 blir det gjort framlegg om å auke enkelte postar med til saman 1 752,3 mill. kroner og redusere andre postar med til saman 1 044,2 mill. kroner grunna auka utgifter til flyktningtiltak i Noreg (1 716,3 mill. kroner) og auka utgifter grunna svekka kronekurs (36 mill. kroner).

Budsjettet for utviklingshjelp blir foreslått auka med 608,1 mill. kroner for å dekka deler av auka ODA-godkjende flyktningutgifter, resterande behov blir foreslått dekka ved omdisponeringar innanfor Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet sine budsjett.

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har i år store meirutgifter ved utanriksstasjonane som følgje av svak kronekurs. For å redusere utgiftene er det iverksett ei rekke utgiftsreduserande tiltak, men det gjenstår eit tilleggsbehov på 25 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 25 mill. kroner. Meirbehovet foreslås finansiert ved å omprioritere midlar frå kap. 118, post 70, jf. omtale nedanfor.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

I saldert budsjett 2015 vart det løyvd 1 293,554 mill. kroner til pliktige kontingentar i internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i. I samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2015 vart posten auka med 64 mill. kroner. Etter dette er det kome enkelte endringar i kontingentane for 2015, m.a. grunna endra valutakursar, som følgjer:

  • Nordisk ministerråd (+14,9 mill. kroner)

  • EFTA og ESA (+3,2 mill. kroner)

  • OSSE (+2,7 mill. kroner)

  • FNs internasjonale straffedomstolar (+1,7 mill. kroner)

  • WTO (+1,2 mill. kroner)

Det er vidare visse mindreutgifter m.a. til FNs fredsbevarande operasjonar/FNs regulære budsjett (ca. 6 mill. kroner) og NATO (ca. 8 mill. kroner)

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med netto 10 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 75 EØS-finansieringsordninga 2009–2014, kan overførast

Det er meirutgifter i år på 80 mill. kroner grunna svak kronekurs målt mot euro.

Det blir gjort framlegg om auke i løyvinga på 80 mill. kroner.

Post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2014, kan overførast

Løyvinga under post 76 Den norske finansieringsordninga 2009–2015 er på 2 150 mill. kroner. Inkludert ubrukt løyving overførd frå 2014 utgjer disponible midlar på posten 2 158,2 mill. kroner.

Alle 150 programma under avtalen er godkjende og inne i gjennomføringsfasen. Sjølv om programma er kome godt i gang er framdrifta i enkelte land usikker, dette gjeld m.a. Ungarn, Bulgaria, Romania og Latvia.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 290 mill. kroner.

Kap. 118 Nordområdetiltak

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og 71

Nettoordning for meirverdiavgift

Ved overgangen til nettoføring av meirverdiavgift i staten 1.1.2015 blei enkelte utgifter til meirverdiavgift vurderte for høgt. Noko av dette vart retta opp i samband med Prop. 119 S (2014–2015), Innst. 360 (2014–2015). For kap. 118, post 01 er det vurdert at beløpet framleis er for høgt.

Det blir difor foreslått å auke løyvinga på kap. 118, post 01 med 3 mill. kroner.

Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast, kan nyttast under post 01

Under kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter er det foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner, jf. omtale ovanfor. Meirbehovet foreslås finansiert ved ledige midlar på post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 25 mill. kroner.

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

Auka utgifter til ODA-godkjende flyktningtiltak i Noreg

Enkelte flyktningtiltak i Noreg kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Dette gjeld m.a. støtte til mat og husly det første året flyktningane er i Noreg. Slike utgifter blir rapporterte som offisiell utviklingshjelp i tråd med retningslinjene til OECDs utviklingskomité. Dette har vore norsk praksis sidan tidleg på 1990-talet, under skiftande regjeringar. Dette er også praksisen i fleire OECD-land, i m.a. Nederland, Sverige og Danmark.

Grunna stor tilstrøyming av asylsøkjarar til Noreg i år, blir det i denne proposisjonen foreslått å auka løyvinga til ODA-godkjende flyktningtiltak med 1 716,3 mill. kroner under kap. 167. Av tilleggsbehovet blir 608,1 mill. kroner foreslått finansiert ved auke i bistandsramma, resterande beløp ved omfordelingar, av dette 1 008,2 mill. kroner innanfor Utanriksdepartementet sitt budsjett og 100 mill. kroner frå Klima- og miljødepartementet (kap. 1482).

Auka utgifter grunna svekka kronekurs

Som følgje av svekka kronekurs blir det foreslått omfordelt 25 mill. kroner til driftsbudsjettet under kap. 140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa og 11 mill. kroner til kap. 170, post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar.

Forslag til auka løyvingar

Kap. 140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har i år store meirutgifter ved utanriksstasjonane som følgje av svak kronekurs. For å redusere utgiftene er det iverksett ei rekke tiltak, men det gjenstår eit tilleggsbehov på 25 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 25 mill. kroner.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I denne proposisjonen blir det foreslått å auke løyvinga til ODA-godkjende flyktningtiltak i Noreg med 1 716,3 mill. kroner, jf. nærare omtale ovanfor.

Det blir elles vist til omtale i budsjettproposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, som er ansvarleg for dette saksfeltet i Noreg.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 1 716,3 mill. kroner.

Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.

Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar m.m.

ODA-delen av pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar har auka som følgje av svekka kronekurs, jf. og omtale under kap. 116 ovanfor. På denne posten er meirforbruket rekna til 11 mill. kroner. Størst meirforbruk er knytta til OSSE sin operasjon i Ukraina. Det er vidare meirutgifter for FN, FAO, WHO, UNIDO, IAEA, UNESCO og IUCN.

Løyvinga blir foreslått auka med 11 mill. kroner.

Forslag til reduserte løyvingar

Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika

Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast

Nivået på støtta til Afrika vil bli noko redusert. Reduksjonen gjeld ikkje avtalefesta prosjekt.

Løyvinga blir foreslått redusert med samla 130,7 mill. kroner.

Kap. 151 Utviklingshjelp til Asia

Post 78 Regionløyving for Asia, kan overførast

Forslaget om reduksjon vil gjelde tiltak i ulike land i Asia.

Løyvinga blir foreslått redusert med 43,3 mill. kroner.

Kap. 153 Utviklingshjelp til Latin-Amerika

Post 78 Regionløyving for Latin-Amerika, kan overførast

Løyvinga blir foreslått redusert med 2,5 mill. kroner.

Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling

Post 70 Sivilt samfunn, kan overførast

Forslaget medfører at enkelte planlagte avtalar med norske og internasjonale frivillige organisasjoner må utsettast eller kansellerast.

Løyvinga blir foreslått redusert med 40 mill. kroner.

Kap. 161 Næringsutvikling

Post 70 Næringsutvikling, kan overførast

Reduksjonen gjeld mellom anna blanda kredittar og importgarantiar.

Løyvinga blir foreslått redusert med 42 mill. kroner.

Kap. 162 Overgangsbistand (gap)

Post 70 Overgangsbistand, kan overførast

Forseinking i gjennomføringa av nokre prosjekt og utsetjing av underskriving av andre avtalar har ført til at det er ledige midlar på posten.

Løyvinga blir foreslått redusert med 32 mill. kroner.

Kap. 163 Naudhjelp og humanitær hjelp

Post 72 Menneskerettar, kan overførast

Reduksjonen er mellom anna knytta til tiltak i regi av fond administrert av FNs utviklingsprogram (UNDP).

Løyvinga blir foreslått redusert med 20 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati

Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast

Fleire tiltak vil bli omfatta av reduksjonen, mellom anna aktivitetar i regi av FN og frivillige organisasjonar. Planlagt støtte til m.a. fredsprosessen i Colombia vil bli skjerma mot reduksjon.

Løyvinga blir foreslått redusert med 107 mill. kroner.

Post 71 ODA-godkjende land på Balkan, kan overførast

Tiltak i m.a. Serbia, Makedonia og Montenegro vil bli omfatta av reduksjonsforslaget.

Løyvinga blir foreslått redusert med 59 mill. kroner.

Post 72 Utvikling og nedrusting, kan overførast

Reduksjonsforslaget er m.a. knytta til Sikkerhetssektorreform (SSR) og enkelte tiltak til oppfølging av stortingsmeldinga om globale sikkerhetsutfordringar (GSU) som blir utsett til 2016. Forslaget medfører og at det ikkje kan iverksettast nye tiltak innanfor nedrustnings- ikkje-spreiings- og fredeleg bruk-feltet utover det som er forplikta og igangsett.

Løyvinga blir foreslått redusert med 34,5 mill. kroner.

Post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast

Tiltak i m.a. Ukraina, Moldova og Kirgisistan vil bli omfatta av reduksjonsforslaget.

Løyvinga blir foreslått redusert med 51,5 mill. kroner.

Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering

Post 71 Fagleg samarbeid, kan overførast

Forslaget vil gjelde samarbeidsprosjekt i Afrika og Asia.

Løyvinga blir foreslått redusert med 25 mill. kroner.

Kap. 166 Miljø og berekraftig utvikling m.m.

Post 72 internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, kan overførast

Fleire tiltak er omfatta av reduksjonsforslaget, mellom anna genressursforvaltning og biodiversitet. Climate and Clean Air Coalition (CCAC) vil få redusert støtte. Reduksjonen gjeld ikkje avtalefesta prosjekt.

Løyvinga blir foreslått redusert med 60 mill. kroner.

Post 74 Fornybar energi, kan overførast

Reduksjonsforslaget er m.a. knytta opp mot fornybarprosjekt og støtte til Climate Investment Fund i Verdsbanken.

Løyvinga blir foreslått redusert med 170 mill. kroner.

Kap. 168 Kvinner og likestilling

Post 70 Kvinner og likestilling, kan overførast

Reduksjonsforslaget vil innebere redusert støtte til prosjekt i mellom anna Afrika.

Løyvinga blir foreslått redusert med 30 mill. kroner.

Kap. 169 Global helse og utdanning

Post 70 Global helse, kan overførast

Reduksjonsforslaget er i hovudsak knytta til tiltak i regi av UNITAID. Planlagt støtte til tiltak i Malawi om seksuelle og reproduktive helsetenester til ungdom vil bli støtta i 2016.

Løyvinga blir foreslått redusert med 50 mill. kroner.

Post 73 Utdanning, kan overførast

Reduksjonsforslaget er mellom anna knytta til tiltak i Afrika.

Løyvinga blir foreslått redusert med 42 mill. kroner.

Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.

Post 76 Tilleggsmidlar til FN-systemet m.m., kan overførast

Reduksjonsforslaget er knytta til mindreutgifter til tiltak innan internasjonal handel og støtte til utviklingsland si deltaking i internasjonale møte. Forslaget inneber også redusert støtte til FN-reformtiltak, FNs kontrollorgan og FNs organisasjon mot kriminalitet og narkotika (UNODC).

Løyvinga blir foreslått redusert med 100 mill. kroner.

Kap. 172 Gjeldslette og gjeldsrelaterte tiltak

Post 70 Gjeldsslette, betalingsbalansestøtte og kapasitetsbygging, kan overførast

Reduksjonsforslaget er knytt opp mot DMFAS (Debt Management and Financial Systems Management) – eit program i UNCTAD om teknisk bistand innan gjeldshandtering og forvaltning.

Løyvinga blir foreslått redusert med 4,7 mill. kroner.

Andre saker – romartalsfullmakter

Bokmessa i Frankfurt 2019

Kulturdepartementet legg fram forslag for Stortinget om tilsegn om statleg tilskot til gjennomføring av prosjektet Noreg som hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019.

Den statlege støtta er avgrensa til 25 mill. kroner for 2018 og 2019 og skal finansierast innanfor ordinær budsjettramme, med like delar på 8,3 mill. kroner frå Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet.

For Utanriksdepartementet sin del betyr dette tilsegn om løyving på inntil 8,3 mill. kroner innafor ordinær budsjettramme i 2018 og 2019. Viser elles til omtale og forslag til romartalsfullmakt i Kulturdepartementet sin proposisjon.

Kap. 103 Regjeringa si fellesløyving for representasjon, post 01 Driftsutgifter – bruk av stikkordet «kan overførast»

Det blir foreslått at stikkordet «kan overførast» blir knytta til kap. 103 Regjeringa si fellesløyving for representasjon, post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til romartalsfullmakt.

Forslaget blir grunngjeve med at enkelte av utgiftene til Kongeparet sitt 25-års-jubileum i år først vil komme til utbetaling i 2016, og at posten må ha stikkordet «kan overførast» for at alle ubrukte løyvingar på posten i 2015 skal kunne overførast til bruk i 2016.

Fotnotar

1.

Utanriksdepartementet sin del av budsjettet for utviklingshjelp

Til toppen
Til forsida av dokumentet