Prop. 224 L (2020–2021)

Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)

I proposisjonen fremjast eit framlegg om å ta inn ein lovheimel i lov 16. juni 2017 nr. 67 om sta tens ansatte mv. (statsansatteloven) for å kunne etablere ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Framlegget skal gje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at verksemder i staten skal kunne påleggje tilsette i bestemde stillingar å registrere verva sine og dei økonomiske interessene dei har. Det er kvar enkelt verksemd som må vurdere om det er nødvendig å innføre ei registreringsordning, og i så fall kva for stillingar som skal påleggjast ei registreringsplikt. Verksemdene må òg vurdere kva for verv og økonomiske interesser som skal omfattast.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget