Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 27 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2016. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2016 blei vedtatt.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2016 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2016 og tilleggsløyvingar. Totalt utgjer omgrupperinga for 2016 ei auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 328,389 mill. kroner. I tillegg føreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt samt å oppretta eit nytt prosjekt med ei investeringsfullmakt.

1.2 Tilleggsløyvingar

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følge av deltaking i operasjoner utanlands blir forvalta av Statens pensjonskasse. Statens pensjonskasse utarbeider også prognosar for utbetalingar under ordninga. Forsvarsdepartementet har ingen innverknad på det beløpet som årleg blir utbetalt. I oppdatert prognose frå Statens pensjonskasse av 2. september 2016 går det fram at kompleksiteten og variasjonen i disse sakane er stor. Dette inneber at prognosearbeidet er usikkert. Statens pensjonskasse har lagt til grunn at mange sakar vil bli ferdigstilt i løpet av hausten 2016. Det inneber at utbetalingane i 2016 vil bli høgare enn tidlegera forventa. Basert på oppdatert prognose frå Statens pensjonskasse, er meirbehovet til den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskader på 12 mill. kroner i 2016.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1719, post 21, blir auka med 12 mill. kroner i 2016.

Sikre minimum militær luftoperativ drift på Rygge etter at Rygge Sivile Lufthamn AS avviklast

Rygge Sivile Lufthamn AS har kome fram til å avvikle sin aktivitet på Rygge frå 1. november 2016, og har varsla at det da ikkje lenger er mogleg å levere naudsynte flyplasstenester til Forsvaret. Forsvaret må derfor etter nemnde dato ta vare på eigne militære, luftoperative minimumsbehov knytte til framtidig militær, luftoperativ aktivitet på Rygge. Nedlegginga av den sivile flyplassdrifta på Rygge inneber monalege meirutgifter for Forsvaret. For 2017 er dei årlege meirutgiftene på 40 mill. kroner føreslått lagt inn som ei auke av forsvarsramma. For at Forsvaret skal kunne ta vare på sine forpliktingar på Rygge etter 1. november 2016 må løyvinga til Luftforsvaret for 2016 aukast med 10 mill. kroner. Meirutgiftene relaterer seg til flytryggingstenester og kontraktsinngåingar med brann- og redningspersonell. Det er kritisk å etablere denne kapasiteten for å kunne vidareføre ein militær, luftoperativ verksemd på Rygge etter at Rygge Sivile Lufthamn leggjast ned. For å ta vare på kravet om realistisk budsjettering, er meirbehovet til føremålet på 10 mill. kroner i 2016.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1733, post 01, blir auka med 10 mill. kroner i 2016.

Operasjon Triton

Noreg har sidan juni 2015 støtta Frontex sin grensekontrolloperasjon Triton med eit innleidd sivilt skip med ein operativ besetning beståande av personell frå politiet og Forsvaret. Justis- og beredskapsdepartementet er leiardepartement i saka. Nåverande løyving lauper fram til november 2016. Regjeringa har i sitt forslag til 2017-budsjett føreslått å forlengje bidraget i seks månader fram til medio mai 2017. Forsvaret sine meirutgifter knytte til forlenginga er rekna til 10,1 mill. kroner, kor meirutgifta i 2017 er føreslått tilleggsløyva med 7,600 mill. kroner i Prop. 1 S for 2017 frå Forsvarsdepartementet. Det står igjen inndekking av Forsvaret sine meirutgifter på 2,5 mill. kroner for den del av forlenginga som fell i 2016.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1792, post 01, blir auka med 2,500 mill. kroner i 2016.

1.3 Materiellprosjekter til godkjenning

Vidareføring av kapasitetar knytte til maritime patruljeringsfly og etterretning, overvaking og oppklaring

I Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren blei Stortinget informert om eit framtidig investeringsprosjekt om anskaffing av nye maritime patruljefly i samband med utfasing av dei seks aldrande P-3 Orion og tre DA-20 Jet Falcon.

Noreg har sidan andre verdskrigen lagt stor vekt på å etablere nasjonal og alliert situasjonsforståing i nordområda. Sidan 1960-talet har Noreg prioritert denne kapasiteten høgt ved å satse på maritime patruljefly. Denne satsinga blei oppretthalden også i åra etter den kalde krigen, då den militære aktiviteten i nord var fallande. Dei nye tryggingspolitiske tilhøva stiller no aukande krav til å oppretthalde og forbetre situasjonsforståinga i eigne nærområde, slik at evna til å handtere dagens og framtidas utfordringar blir vidareført og styrkt.

I dei siste tiåra har Noreg operert med fire avanserte patruljefly av typen P-3C for overvaking og antiubåtoperasjoner, og to patruljefly av typen P-3N med utstyr til overflateovervaking for kystvaktoppdrag. P-3N har også blitt nytta til oppøving av besetningar. Flya har også viktige sivile oppgåver som til dømes søk og redning. I tillegg har Noreg operert tre DA-20 Jet Falcon til elektroniske operasjoner. Operativ og teknologisk levetid til alle dei noverande flya med sensorar og våpensystem nærmar seg slutten. Dette vil om kort tid innebere at Forsvaret gradvis vil miste evna til å oppretthalde naudsynt situasjonsforståing i eigne og nærliggjande havområde, både over og under havoverflata. Evna til å samarbeide med nære allierte vil også bli svekka. Vidareføring av kapasitetane for overvaking og antiubåtoperasjoner er viktige både nasjonalt, og for NATO og nære allierte. Kapasiteten for overvaking av havområda i våre omgjevnader vil medverke til å sikre at tilhøva i nord, Noreg sitt fremste strategiske satsingsområde, blir føreseielege og stabile.

Føremålet med Prosjekt 2047 «Vidareføring av MPA- og ISR-kapasitet» er å føre vidare kapasitetane til overvaking over og under havoverflata og til antiubåtoperasjoner. Det er gjennomført ein moglegheitsstudie for å identifisere moglege og relevante alternativ som kan vidareføre kapasitetane. Prosjektet omfattar anskaffing av fem maritime patruljefly av typen P-8A Poseidon, inkludert mellom anna ekstra overvakings- og støttesystem. Dei nye maritime patruljeflya har moderne sensorar, antiubåtvåpen og støttesystem, samstundes som dei bidreg til at andre kapasitetar i Forsvaret blir styrka og får auka tilgjengelegheit og uthald.

Anskaffinga blir gjennomført som ei direkte anskaffing frå amerikanske myndigheitar gjennom ordninga for «Foreign Military Sales». Det vil andsynes leverandøren av flya bli stilt krav om ei avtale om industrisamarbeid. Levering av flya er planlagd i perioden 2021–2022.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet på kap. 1760 er 9 825 mill. 2016-kroner (inkl. mva., gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse). I tillegg vil ein del av kostnadene bli belasta kap. 1735.

1.4 Saker til informasjon

Aerospace Industrial Maintenance Norway

Aerospace Industrial Maintenance Norway (AIM Norway) blei 26. august 2016 stiftet som aksjeselskap av Forsvarsdepartementet. Omdanninga skjedde skjer i samsvar med lov om omdanning av AIM Norway til aksjeselskap av 17. juni 2016. Aksjeselskapets formål vil være uforandra frå før omdanninga, dvs. å drive vedlikehald og oppgradering av materiell, primært innan luftmilitær verksamd og annen naturleg tilhørande verksamd. Stortinget ga ved sin behandling av Innst. 366 (2015–2016) til Prop. 79 LS (2015–2016) fullmakt til å opne for ein breiare eigarstruktur i AIM Norway for å forsterke AIM sin posisjon i den internasjonale forsvarsindustrien.

Forsvarsmateriell

Forsvarsmateriell blei pålagt eit effektiviseringskrav på materielldrift i 2016 på 70 mill. kroner. I starten av 2016 blei disse midlane helde tilbake og planlagt tilbakeført til Forsvarsmateriell i gjennomføringsåret. Forsvarsmateriell har i løpet av året identifisert og dokumentert effektivisering på materielldrift i høve til krava. I revidert nasjonalbudsjett blei 49 mill. kroner tilbakeført. Dei resterande midlane søkast tilbakeført i denne omgrupperingsproposisjonen.

Arbeidet med identifisering og dokumentering av effektivisering skjer ved at Forsvarsmateriell, som fagorgan for materiell, stiller krav til og gjennomgår vedlikehaldskonsepta for materiellet. På dette grunnlaget har vedlikehaldsrutinane for nokre av materielltypane innanfor dei ulike forsvarsgreinene blitt justert. Mellomanna har Orion-flya som følge av skift av vingar fått redusert sin vedlikehaldsfrekvens. Handvåpen for forsvarsgreinene og terrengkjøretøy har også fått endra vedlikehaldsfrekvens. Vedlikehaldet har mellom anna vert basert på ei risikovurdering, i større grad blitt tilstandsbasert, noko som medfører lågare vedlikehaldsutgifter enn tidlegare for desse kategoriane.

Reinhald

Forsvarsdepartementet vedtok hausten 2014 å oppheve Forsvarsbygg sitt monopol på å levere reinhaldstenester til Forsvaret, og Forsvaret har frå 1. mai 2016 skaffa reinhaldstenester for heile forsvarssektoren basert på konkurranse i den opne marknaden. Reforma vil føre til ei årleg innsparing på minimum 80 mill. kroner, som vil bli omdisponert til høgare prioritert verksemd.

For 2016 vil innsparinga utgjere i overkant av 50 mill. kroner etter drift i åtte månader, basert på foreløpige rekneskapstal. 11 mill. kroner er brukt til delvis dekning av Luftforsvarets reelle auking på 61 mill. kroner jf. Prop. 1 S (2016–2017) og går til å sikre gjennomføring av operativ aktivitet. 14 mill. kroner blei i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2016 tilført Forsvarsmateriell for å sikre ein god etablering av eininga. I denne proposisjonen er det føreslått at 24 mill. kroner omdisponerast til Luftforsvaret til dekning av meirbehov i samband med sprekkdanningar på F-16 kampfly.

1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2016, midlar overførte frå 2015 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2015.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2016, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett for 2016

48 892 262

Innst. 400 S (2015–2016) til Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 (RNB)

544 078

Innst. 418 S (2015–2016) til Prop. 141 S (2015–2016) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap» (Soldatproposisjonen)

6 203

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2016

282 703

= Faktisk løyving før omgruppering

49 725 246

+ Midlar overførte frå 2015

759 265

= Disponible midlar i 2016 før omgrupperinga

50 484 511

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2016, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett for 2016

5 837 304

Innst. 400 S (2015–2016) til Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 (RNB)

412 895

= Løyvingar før omgruppering

6 250 199

1.5.2 Inntekter i 2015

I høve til saldert budsjett for 2016, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2016, er det ei meirinntekt på 328,389 mill. kroner. Det same beløpet er føreslått lagt til utgiftsida. I tillegg kjem den budsjettmessige verknaden på inntektssida av lønsoppgjeret for 2016 på 23,274 mill. kroner som ikkje blir ført til utgiftssida. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2015–2016) under romartalsvedtak II.

Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.5.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2016.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

328 389

Tilleggsløyvingar

24 500

= Sum behov ved omgrupperinga

352 889

+ Løyvingar før omgrupperinga

49 725 246

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

50 078 135

+ Midlar overførte frå 2015

759 265

= Samla disponible midlar i 2016 etter omgrupperinga

50 837 400

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1000 kroner):

Meirinntekter

328 389

+ Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2016

23 274

=Sum behov ved omgrupperinga

351 663

+ Løyvingar før omgrupperinga

6 250 199

= Løyvingar etter omgrupperinga

6 601 862

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma blir auka med 352,889 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 351,633 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet